– Ein må vere streit for å sei at «det er like greitt å vere homo» og faktisk tru på det

Kjærleikshistoria om Isak og Even har vorte hylla verda over, men kva skjer med skam etter homotoleransen. Forskarar har nytta «Skam» og samtalar med unge for å undersøka skeive ungdommars identitetsarbeid.
Kjærleikshistoria om Isak og Even har vorte hylla verda over, men kva skjer med skam etter homotoleransen. Forskarar har nytta «Skam» og samtalar med unge for å undersøka skeive ungdommars identitetsarbeid. Foto: NRK P3
Artikkelen fortsetter under annonsen

I eit samfunn der homofili vert stadig meir akseptert, men heterofili framleis vert fremja som normen, risikerer skeive ungdommar å få lite forståing for kor vanskeleg det kan vere å stå fram.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Skildringane me har for det å vere lesbisk eller homofil, er laga for å skildre eit avvik frå heteronormen. Det står i eit hierarki og er forbunde med stigma, som betyr at det er ikkje like bra i samfunnet, seier førsteamanuensis ved NTNU Stine H. Bang Svendsen.

I artikkelen Skeive ungdommers identitetsarbeid: SKAM etter homotoleransen presenterer forskarane funn frå gruppesamtalar med skeive ungdommar, samt analyser av karakterane sitt identitetsarbeid i tredje sesong av NRK-serien Skam.

Les også: Er det noko stress å vera skeiv i Noreg i dag?

Forskar Stine Bang Svendsen meiner at det er viktig at samfunnet rundt motstår freistinga i å forstå den andre for godt og slik anta at ein veit kva personen står i og kva som står på spel. Foto: NTNU
Forskar Stine Bang Svendsen meiner at det er viktig at samfunnet rundt motstår freistinga i å forstå den andre for godt og slik anta at ein veit kva personen står i og kva som står på spel. Foto: NTNU

Heteronormen i samfunnet

I tillegg til å analysere historia om Isak som opplever sin første mannlege kjærleiksrelasjon til Even, har forskarane hatt gruppesamtalar med i alt 12 ungdommar i alderen 17-25 år som var knytt til ein skeiv ungdomsorganisasjon.

Funna tyder på at spesielt det å forstå seg sjølv som homofil gut opplevast som svært krevjande på grunn av stigma knytt til mannleg feminitet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Homotoleransen i dagens norske samfunn ser ut til å resultera i at skeive ungdommar møter lite forståing for sine egne kvalar med å identifisere seg som homofil.

– Alle seier at det ikkje er noko problem, at det er jo så fint og alt er i orden. Det gir ikkje noko rom for at det kan vere ganske stress, forklarar Bang Svendsen.

I Skam kan ein sjå korleis Isak sjølv kjem med homofobe ytringar, som møter motbør i kompisgjengen.

Les også: Sju ting me aldri kjem til å gløyma frå Skam-eventyret

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
I episode tre av sesong tre finn forskarane døme på korleis Isak sin eigen homofobi vert møtt med motstand frå kameraten Jonas. Foto: NRK P3
I episode tre av sesong tre finn forskarane døme på korleis Isak sin eigen homofobi vert møtt med motstand frå kameraten Jonas. Foto: NRK P3

Isak jobbar med å finne sin eigen identitet i ei førestilling om korleis homofile menn er. Han har sjølv fordommar mot og vanskar med å identifisere seg med feminine homofile, men får sitt pass påskrive av karakteren Eskild, som er ope homofil.

– I kulturen vår er det ein heteronorm. Skal du leve skeivt må du forhandle normer for maskulinitet og femininitet, anten du er transperson, homofil eller lesbisk. Ein må vere streit for å seie at «det er like greitt å vere homo» og faktisk tru på det. Då er det mykje du ikkje forstår om samfunnets normer for kjønn og seksualitet, seier Svendsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Regnbogeordlista anno 2018

Forskarane trekk fram korleis Isak ikkje vil omtale seg som homo, på grunn av eigne fordommar. I episode fem vert han utfordra av karakteren Eskild, som allereie er open om legninga si. Foto: NRK P3
Forskarane trekk fram korleis Isak ikkje vil omtale seg som homo, på grunn av eigne fordommar. I episode fem vert han utfordra av karakteren Eskild, som allereie er open om legninga si. Foto: NRK P3

Les også: Gjev ut «Skam»-manus i bokform

Klassen klappa og læraren grein

I fokusgruppene kom det fram at ungdommane stadig forhandla med språket og tok i bruk nye termar for å unngå dei stigma som hefta ved merkelappar som til dømes «homo» og «lesbisk». Her vart «skeiv» nytta som eit positivt omgrep det ikkje var knytt like mange fordommar til.

Bang Svendsen forklarar at det framleis er vanskeleg for unge skeive å utvikle ein identitet og førestilling om framtida, som familie og andre ikkje kjem til å vere like nøgd med som om ein levde heteronormativt.

– Det er vanskeleg å vete at du ikkje kjem til å få like mykje bekreftelse for din levemåte som andre, og det er vanskeleg å vete om ein vert akseptert og kor djupt den aksepten stikk, seier forskaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho får støtte av skribent og samfunnsdebattant Jakob Semb Aasmundsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Når ein er homofil, så kan det hende ein ikkje ønskjer å skilje seg ut på ein sånn måte. Alt i samfunnet er lagt opp til at ein skal ha eit heteroliv, få seg kjæraste, få barn og gifte seg på heteromåten. Då kan ein føle på annleisheit og utanforskap, som kan forårsaka skam, seier Aasmundsen.

I 2016 skreiv han artikkelen «Jeg vet at homofile homser utgjør et problem», som forskarane nytta i samtale med intervjuobjekta.

Les også: Partnarskapslova er 25 år

– Det å finne ut at ein er annleis på ein eller anna måte kan forårsake skam, uansett kor ope samfunnet rundt er, seier skribent og samfunnsdebattant Jakob Semb Aasmundsen. Foto: Aina Catrine Hammern
– Det å finne ut at ein er annleis på ein eller anna måte kan forårsake skam, uansett kor ope samfunnet rundt er, seier skribent og samfunnsdebattant Jakob Semb Aasmundsen. Foto: Aina Catrine Hammern

Sjølv hadde Aasmundsen ei god oppleving då han som 15-åring fortalte heile klassen at han var homofil. Det vart teke imot med applaus frå klassen, tårer frå læraren og full aksept frå kristne besteforeldre. Han kjenner likevel til fleire historier om homofile som ikkje er like gode.

– Veldig mange som opplever skam knytt til å ha ein anna seksuell legning eller kjønnsidentitet, kjem frå anten religiøse eller tradisjonelle heimar. I dei fleste religionar er det veldig fokus på familien og det heteronormative. Uansett kor ope samfunnet er, så veit dei at det ikkje er det foreldra ønskjer og ein kan føla skam fordi ein ikkje lever opp til forventningane frå familien og ikkje føler seg bra nok for dei, forklarar Aasmundsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Kristen og homo. Hatar gud alle homofile?

I tredje sesong av «Skam» opplever Mahdi det som stigmatiserande at «heile skulen» trur han er homofob. Foto: NRK P3
I tredje sesong av «Skam» opplever Mahdi det som stigmatiserande at «heile skulen» trur han er homofob. Foto: NRK P3

«Kvifor seier du det?»

Jakob Semb Aasmundsen trur at det kan vere vanskelegare å identifisere seg som homofil utanfor dei store byane i Noreg, men meiner likevel at Noreg er kome utruleg langt når det kjem til homotoleranse. For tida studerer 22-åringen globale utfordringar i Marokko, der ein risikerer fengselsstraff for homofil praksis.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men sjølv om Noreg er kome langt, opplever Aasmundsen at det er vanskeleg for heterofile å fullt ut forstå kor mange ulike båsar og kategoriar ein må navigere når ein identifiserer seg som homofil.

Både Aasmundsen og Bang Svendsen meiner det er viktig å anerkjenna at det å koma ut med ei anna legning er viktig for den det gjeld.

– Om du berre avfeier det med: «Kvifor seier du det? Det har ikkje noko å seie for meg?» Då prøvar du for hardt. Å ha ein ikkje-heterofil seksualitet er veldig viktig for ein person, uansett kva andre seier, understrekar Aasmundsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Ein kan anerkjenna at det er ein viktig ting som blir sagt og ein viktig ting i livet til den det gjeld, ein kan og anerkjenna at personen har funne ut av det og fortel det. Om nokon fortel det til deg er det òg ei stor tillitserklæring, spesielt om det er tidleg i prosessen.

Les også: Skam er folkeopplysning

Fanskaren hylla karakteren Jonas for korleis han som førstemann tok imot bodskapen om at Isak har kjensler for Even. Foto: NRK P3
Fanskaren hylla karakteren Jonas for korleis han som førstemann tok imot bodskapen om at Isak har kjensler for Even. Foto: NRK P3

Les også: Tara (16) i spissen for fleire tusen på Storapride

Mot toleransepedagogikken

Både forskar Stine Bang Svendsen og leiar i Skeiv Ungdom, Marthe Øvrum, meiner det dei omtalar som homotoleranse er problematisk.

Leiar i Skeiv Ungdom, Marthe Øvrum, fortel at skeive ungdommar kan oppleve minoritetsstress. Foto: Skeiv Ungdom
Leiar i Skeiv Ungdom, Marthe Øvrum, fortel at skeive ungdommar kan oppleve minoritetsstress. Foto: Skeiv Ungdom

– Toleranse betyr å halde ut og tole. Me ynskjer ikkje at folk skal tolerere, men anerkjenne at me er ulike, forklarar Øvrum.

Skeiv Ungdom jobbar mellom anna mot det dei omtalar som toleransepedagogikken i skulen.

– Om læraren seier at me må vere snille med dei homofile, så legg ein opp til at det ikkje er nokon i klassen det gjeld. Det ligg òg eit ujamt maktforhold i dette, eit premiss om at det å vere heterofil er betre, seier ho vidare.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Leiaren i Skeiv Ungdom meiner at ein del av kuren er meir representasjon og mangfald i til dømes litteratur og film.

– Dei fleste lykkelege historiene er ei heteroseksuell, monogam historie. Ein kan godt vere homo, men det beste er å vere heterofil. Me må vise fram at det er mange måtar å leve gode liv på, seier Øvrum.

Les også: Fire ting eg har lært av å lesa 12 bøker om homoar

Forskarane kallar mangelen på sensur av begjær og sex mellom gutar i «Skam» ei nyvinning. Foto: NRK P3
Forskarane kallar mangelen på sensur av begjær og sex mellom gutar i «Skam» ei nyvinning. Foto: NRK P3

Les også: Ønskjer meir kjærleik og kjønnsidentitet på timeplanen

Homofobi og minoritetsstress

Øvrum trur ikkje at funna i artikkelen om at skeive ungdommar opplever lite forståing for eigne kvaler med å identifisere seg som homofil, er like relevant for alle unge skeive.

Ho trur likevel det kan vere vanskeleg for nokon å identifisere seg med merkelappen:

– Sjølv om ein er homofil, så er ein ikkje immun mot homofobien i samfunnet. Eg synest det er arrogant av personar i majoritetsposisjonar å definera korleis det er å tilhøyre ein minoritet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho forklarar at mange skeive opplever det som vert kalla minoritetsstress.

– Det at majoriteten ikkje forstår seg på kva det inneber, endrar ikkje på det faktum at minoritetsstress for mange av oss kan vere ei belastning, understrekar Øvrum.

– Korleis bør ein ta imot ein ven som kjem ut som til dømes homofil?

– Du må snakke med personen det gjeld og seie at: «Så fint at du fortel meg dette. Det set eg pris på». Så kan ein kaste ballen tilbake og spørje: «Korleis er det for deg?» og «Er det noko eg kan gjera for at du skal ha det bra?» Nokon kan kanskje ha behov for hjelp til å kome ut til andre, medan andre ikkje har det behovet.

Les også: SKAM-Sana: – Korleis forklarar du homofili med evolusjonsteori