– Song er like viktig for helsa som kosthald og trening

Audun Myskja har jobba med helse i fleire tiår, og meiner song er viktig for helsa.
Audun Myskja har jobba med helse i fleire tiår, og meiner song er viktig for helsa. Foto: Marte Garmann
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lege og musikar Audun Myskja har i årevis jobba med song og musikk i behandling, og meiner at song er like viktig for helsa som trening og riktig kosthald.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det blir snakka om kosthald og trening og brød eller ikkje brød om igjen og om igjen, tiår etter tiår. Eg meiner vi treng å fokusere på andre helsefaktorar, og snakke om kva song og musikk og dans kan gjere for helsa vår.

Det seier Audun Myskja (65). I ei årrekke har han jobba som lege, behandlar, forskar og musikar. Song og musikk har vore sentralt i arbeidet.

Song balanserer og regulerer oss

Audun Myskja har jobba med helse i fleire tiår, og meiner song er viktig for helsa. Foto: Marte Garmann
Audun Myskja har jobba med helse i fleire tiår, og meiner song er viktig for helsa. Foto: Marte Garmann

Gjennom tiåra han sjølv har jobba som lege og behandlar, har han sett sjukefråværet gå ned og trivselen gå opp når folk byrjar å synge og bevege seg på arbeidsplassen.

– Song og musikk verkar på oss på mange nivå. Eg trur song er eit av rituala som balanserer menneska og regulerer oss. Vi kan òg bruke songen til å lade oss opp, seier han.

Han fortel at songen påverkar delen av hjernen som styrer korleis vi reagerer på sanseinntrykk.

Når det «blir for mykje for oss», kan vi nynne for å gjenopprette balansen, og om vi er sløve og slitne, kan vi styrke dette senteret i hjernen med rytmiske songar som gjer oss mer vakne.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Å synge gjer også at dei ulike delane av hjernen kommuniserer betre med kvarandre.

Audun Myskja

  • Lege, forfattar og musikar.
  • Har jobba som spesialist i allmenmedisin, som overlege og førsteamanuensis.
  • Har skrive doktorgrad innan bruk av musikk som terapi i behandling av demens.
  • Fekk i 2002 Den norske legeforeningskvalitetspris for prosjekt med musikk i medisinen.
  • Fagrettleiar for musikkbasert miljøbehandling, eit kurs- og utdanningsløp utvikla på oppdrag frå Helsedirektoratet og som er del av Kompetanseløft 2020.
  • Har sidan 1999 drive “Senter for Livshjelp” saman med si kone Reidun Myskja, der dei tilbyr både skolemedisin og alternativ behandling.

Kjelde: Wikipedia

Les også: Dette kan songen gjere

– Eit feilgrep like stort som det er uforståeleg

7.klassen til lærar Jørgen Belt ved Tjødalio skule opna nesten kvar skuledag med song då me vitja dei i fjor. Der er svært sjeldan for eldre elevar, og kan bli endå sjeldnare. Foto: Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen/Sunnhordland
7.klassen til lærar Jørgen Belt ved Tjødalio skule opna nesten kvar skuledag med song då me vitja dei i fjor. Der er svært sjeldan for eldre elevar, og kan bli endå sjeldnare. Foto: Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen/Sunnhordland


Hausten 2017 fjerna regjeringa song frå den generelle delen av læreplanen i skolen. Til store protestar frå mange . Berre litt over halvparten av barna i barneskolen syng kvar dag på skolen , og nesten alle sluttar å synge på ungdomsskolen.

Les også: Viss regjeringa vil ta vare på norsk kultur, kvifor fjernar dei song frå skolen?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi kan spørje oss om det er ein samanheng mellom at vi har tatt vekk songen i skolen og at det er så slitne barn i dag. Tar vi vekk songen tar vi vekk ei læring som er mykje viktigare enn å pugge lærdom, seier han.

Han meiner det er viktig å lære seg å synge saman, og få kontakt med andre via song og musikk.

Song i ungdomsskolen. Foto: Foto: Iris Engen Skadal/ Krafttak for sang
Song i ungdomsskolen. Foto: Foto: Iris Engen Skadal/ Krafttak for sang

– Å ta det vekk er eit feilgrep som er like stort som det er uforståeleg, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Musikk er så universelt, eg trur det er viktig at så mange som mogleg kan lære seg å ha glede av musikk. Ikkje berre å lytte passivt, men å bruke han aktivt.

Les også: Grått og trist utan song

– Ikkje berre for komponistar og musikarar

Dei siste ti åra har det vorte veldig populært med songkonkurransar på TV. Idol, The Voice, Stjernekamp og MGP junior med fleire, er alle program der det handlar om å prestere i song.

Myskja meiner vi mistar noko som samfunn dersom spontansongen og skolesongen forsvinn, og berre dei topptrente musikarane og toppartistane skal utøve musikk.

– All kulturskole, og alle som bidreg til at barn og unge kan få utfalde seg musikalsk og finne sin måte å uttrykke seg på. Eg trur det betyr meir for folkehelsa enn dei anar, seier han.

Å ta vekk song i skolen, det er eit feilgrep som er like stor som det er uforståeleg.

Les også: Stjernekamp-Ella: Å skrive musikk vart hjelp mot depresjonen

Barometer på kor godt folk trivst

– Song kan brukast som eit barometer på kor godt folk trivst i eit samfunn. Ein kan sjå det på kor mange som går rundt og nynnar, seier Myskja.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Kva tenker du da om korleis det står til i Noreg? Vi er jo eit fritt og ressursrikt land, men eg høyrer sjeldan folk synge på gata, på bussen, jobben eller på butikken?

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Gjennom tiåra eg har vore lege, har eg og andre legar opplevd ein auke i at pasientane kjenner seg slitne.

Han trur det kan ha noko å gjere med aukande tempo og press, og korleis arbeidslivet har endra seg.

Tidlegare var det meir vanleg med fysiske arbeidsoppgåver, som til dømes pløying eller gjeting. Noko som gjorde det meir naturleg å synge til arbeidet. Å synge foran ein pc kjennest ikkje like naturleg.

Les også: Frå ospelauv til kraftfull soulartist

Auke i trivsel og nedgang i sjukefråvær

Myskja trur det er viktig å sjå korleis vi kan finne fora for å synge.

– Det er jo mogleg å gjere det. For eksempel i helsevesenet har det vore heilt framandt. Eg har vore på sjukehjem med dårleg stemning og høgt sjukefråvær. Da vi innførte oppstart av song og bevegelsar, fekk vi ei klar auke i trivsel og nedgang i sjukefråvær.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han meiner det handlar om å bygge opp ein ny måte å tenke på. Han lærer mange å finne igjen balansen med rytmisk bevegelse og spontansong.

– Folk finn ut at dei kan lade ut stress via stemma. Samtidig må vi tilpasse slike tiltak til folks behov. Eg kan ikkje brase inn på ein arbeidsplass og be folk byrje å synge. Ein må gå inn i folks kvardag og sjå kor skoen trykker.

Likevel: Song er noko som er ganske enkelt å få folk med på. Det er mi erfaring.

Les også: Nesten ingen syng på vidaregåande og i ungdomsskulen

Ukult og dumt

– Om eg skulle starte arbeidsdagen med å synge, ville eg følt meg litt dum?

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er der problemet ligg, at det blir ukult og dumt.

– Eg ser det jo frå eit synspunkt der det er mange som slit helsemessig. Eg tenker at vi har ikkje råd til anna enn å sjå korleis ein kan få innpassa det i det daglege.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit døme på å bruke song, er det danske filmstudioet Zentropa, som har allsong for alle tilsette kvar fredag. Myskja håper fleire i skole og samfunn vil sjå verdien av og prioriterer å bruke det i åra som kjem.

– Eg er einig i at innslag av allsong kan følast dumt. Men vi må finne ut korleis vi kan bruke stemma for å regulere stress i kvardagen. Det er berre ein terskel, seier han.

KOMMENTAR: Det er på tide å synga ut for songen i skulen!

Saka var først publisert på Framtida.no