Meny

– Kall ein spade for ein spade. Eit offer er eit offer, ikkje ein utsett

Forfattar Kathrine Nedrejord (31) meiner det juridiske språket kring valdtekt kan verke framand for offera. Ho er aktuell med romanen «Forvandlinga», som handlar om overfallsvaldtekta ho vart utsett for.
Forfattar Kathrine Nedrejord (31) meiner det juridiske språket kring valdtekt kan verke framand for offera. Ho er aktuell med romanen «Forvandlinga», som handlar om overfallsvaldtekta ho vart utsett for. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Då Kathrine Nedrejord (31) vart offer for ei overfallsvaldtekt, reagerte ho med å fortelje det til så mange som mogleg.

– Eg skjønar jo at boka kan opplevast som litt vond å lese, men for meg var ho veldig god å skrive. Det var heilt nødvendig, seier forfattar Kathrine Nedrejord.

31-åringen er aktuell med romanen Forvandlinga, som ganske riktig er ein tittel inspirert av Franz Kafka sin klassikar frå 1915.

Romanen er basert på ei overfallsvaldtekt forfattaren sjølv vart offer for i Paris for eitt og eit halvt år sidan.

Les også: Thordis og valdtektsmannen hennar har skrive bok saman

Ei indre forvandling

«Hun har ikke mista følelsen i beina eller hendene, hun har mista følelsen i selvet, de nervetrådene som holder henne i kontakt med verden utafor, tyder, tolker og forstår den for henne.»

Slik skildrar Nedrejord kjenslene til den unge kvinna, som i romanen har fått namnet K.

– Eg merka ganske fort at hovudet ikkje fungerte slik eg var van med at det skulle gjere. Eg høyrde mykje betre og såg mykje betre og var litt som eit dyr, seier Nedrejord.

Ho fortel at dette er ein slags forsvarsmekanisme frå naturens side der hjernen i møte med traume krympar inn og vert mest instinkt, slik at det først og fremst er sanseapparatet som fungerer.

I Kafka sin klassikar føregår forvandlinga utvendig når Gregor Samsa vert forvandla til eit kjempestort insekt. Hjå Nedrejord føregår forvandlinga innvendig, den vanlegvis så språksterke forfattaren klarte ikkje å formulere seg, klarte ikkje å snakka og skriva for å reflektere over det som hadde skjedd.

Les også: Då Jon Fosse las Kafka som ung, endra det synet hans på verda

Kathrine Nedrejord (f. 1987)

  • Norsk-samisk forfattar og dramatikar
  • Utdanna litteraturvitar frå NTNU og har teke ein mastergrad i teaterstudier frå Sorbonne-universitetet i Paris
  • Er til dagleg busett i Paris og oppvaksen i Kjøllefjord i Finnmark og på Nøtterøy i Vestfold
  • Debuterte i 2010 med romanen Transitt
  • Er denne hausten aktuell med romanen Forvandlinga på Oktober Forlag og ungdomsromanen Slepp meg på Aschehoug
  • Har eit toårsengasjement som husdramatikar på Nationaltheatret

Stillstand

Etter overgrepet reiste forfattaren heim til Noreg der ho hadde folk rundt seg. Til å byrje med kjempa ho imot, ville ikkje bli sjukemeldt eller «stoppe opp».

Sjølv samanliknar ho stillstanden i tida som følgde med å ha «gått av med pensjon».

– Eg gjorde ingenting. Eg våga ikkje og kunne ikkje konsumere ny litteratur, film eller seriar, så alt eg gjorde var å sitja her heime og sjå på gamle sitcoms der eg visste at det ikkje var noko kynisk humor, der alt berre var rosenraudt og fint.

31-åringen gjekk til jamlege samtalar hjå valdtektsmottaket i Oslo. Der møtte ho sosionomar som forklarte kva det var kropp og hjerne gjekk igjennom, noko som var til stor hjelp for å forstå prosessen og ta den tida som trongst.

– Det som var sjokkerande for meg var å føla at eg mista meg sjølv fullstendig, fordi hovudet mitt ikkje fungerte. Eg var ein ny K, som eg skriv om i boka, eit splitta meg. Etter kvart som ting normaliserer seg så smeltar dei to saman igjen og eg finn tilbake til ein heil identitet, forklarar Nedrejord.

Les også: Film om sovevaldtekt sett over éin million gongar

Terapeutisk skriveprosess

Tittelen er inspirert av Franz Kafka sin klassikar frå 1915. Foto: Forlaget Oktober
Tittelen er inspirert av Franz Kafka sin klassikar frå 1915. Foto: Forlaget Oktober

Fire veker etter overfallet sette ho i gang med å skrive, utan å først ha ein klar tanke om at det skulle gjevast ut.

– Eg gjorde det fordi eg hadde veldig mange spørsmål til meg sjølv. I sjokktilstand er det ikkje alltid ein handlar så veldig logisk. Det var også tilfellet for meg. Då hadde eg behov for å gå inn i situasjonen, sjå han litt utanfrå og prøve å forstå kvifor.

Slik vart skrivinga ein slags terapeutisk prosess og bearbeiding av det som hadde skjedd.

– Eg skreiv mykje som ikkje kom med, men det var godt å berre få det ut. Det føltes ikkje eigentleg som eit val. Heile meg hadde behov for å skriva dette.

Redaktøren var skeptisk til prosjektet så tett oppi hendingane, men vart overtydd etter å ha lese nokre kapittel. For Nedrejord sjølv har det vore viktig å skapa litteratur ut av hendingane.

– Det må ha ein verdi utover berre det å bekjenne, sjølv om eg skjønar at denne boka kan bety mykje for mange. Det er kanskje ikkje den litterære verdien som er den største, men gjenkjennelsesfaktoren.

Les også: Andrea Voldum fortalte valdtektshistorien iført kleda ho hadde på seg

Skuld og skam

– Sjølv om eg hadde skuldkjensle og skamma meg så trong eg å seie det tusen gongar. Ein periode sa eg det for mykje til for mange, men det var som om eg hadde fått denne nye identiteten, det var som å bli vant til eit nytt namn, forklarar Nedrejord.

For kvar gong ho fortalde historia vert det meir reelt, noko som kjentest viktig.

Ho er spesielt oppteken av korleis ansvaret for å førebyggje valdtekt ofte vert lagt på jentene sjølv, som gjerne får gjentekne formaningar om å passe på seg sjølv.

– Når du då plutseleg ikkje har klart å passe på deg sjølv godt nok, så kjenner ein skuld, forklarar Nedrejord.

Men med erkjenninga av det alvorlege brotsverket ho vart utsett for forsvann òg skuldkjensla.

Les også: Monika Kørra: – Må snakke valdtekta i hel

Forfattar Kathrine Nedrejord (31) er oppteken av at valdtektsoffer må melde saka til politiet, slik at overgrepa får konsekvensar. Foto: Andrea Rygg Nøttveit
Forfattar Kathrine Nedrejord (31) er oppteken av at valdtektsoffer må melde saka til politiet, slik at overgrepa får konsekvensar. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Å melde, eller å ikkje melde

31-åringen var først ikkje sikker på om ho ville melde overgrepet, på grunn av historier ho hadde høyrt frå både det norske og franske rettssystemet. Særleg i Frankrike har det vore tradisjon i overgrepssaker at òg offeret vert granska nøye og må gjennom ei psykiatrisk evaluering.

No vil ho gjerne vere ei motvekt til desse stemmene og oppmodar alle til å melde valdtekt, trass i kor belastande prosessen kan vere.

Ho meiner det er viktig både for å bli ein del av statistikken og ta tilbake ein viss kontroll.

– Sjølv om saka vert lagt vekk så gjer det at gjerningsmannen vert konfrontert med dine skuldingar. Om personen gjer det igjen vil det styrka saka neste gong. Først og fremst er det for at det skal få konsekvensar for dei som gjer det, at dei ikkje skal få fortsetje, understrekar ho.

Fordi ho vart offer for ei overfallsvaldtekt og ikkje ei relasjonsvaldtekt har ho opplevd å bli trudd gjennom heile prosessen. Rett før lanseringsfesten kom det også ei ny utvikling i saka, då politiet klarte å lokaliserte gjerningsmannen som dei allereie hadde identifisert ved hjelp av DNA-bevis.

Les også: Studentteater spelte ekte valdtektssak i rettssalen

Eit parallelt juridisk språk

I likskap med sitt litterære førebilete Kafka, er Nedrejord oppteken av å kritisera systemet som til tider kan opplevast hardt og umenneskeleg.

I prosessen har Nedrejord vorte kjent med det ho omtalar som eit slags «parallelt juridisk språk».

– Dei brukar liksom eit språk utanpå språket. Det er akkurat som om dei tek på seg språklege plasthanskar for å hanskast med alle moglege forferdelege hendingar. Det byrjar allereie med verba. Det heiter ikkje «truffet» det heiter «påtruffet», sukkar Nedrejord oppgitt.

Forfattaren tykte det til tider kunne vere godt med ein språkleg distanse til det som hadde skjedd, men at effekten av eit slikt språk er at det framandgjer handlingane.

Ho er òg av den oppfatninga at ein ikkje skal sminke ord som «valdtektsoffer» til å bli «valdtektsutsett».

– Det høyres ut som du er ekstra utsett for det, ikkje som om det har skjedd deg. I tillegg gjer det ikkje smerta mindre. Kanskje vert det litt mindre alvorleg å ta i for dei pårørande. Men me må ikkje vere redde for alvorlege ord. Dei er der fordi dei har den tyngda dei skal ha, seier Nedrejord, og legg til:

– I visse situasjonar så har du offerrolla, om nokon stel mobilen din er du offer for ei kriminell handling. Det betyr ikkje at du går rundt resten av livet ditt og er eit offer konstant. Eg har godtatt at i denne situasjonen så er eg eit offer, men at det ikkje gjer meg til eit offer for evig.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
06:50 Ni evakuert etter flere ras i Nordland06:46 Eksperter ser muligheter for avansement for Molde og RBK06:15 NFF inspiserer Ullevaal-gresset etter Rammstein-konserten06:15 Millioner av afghanske barn nektes skolegang06:14 Ny planet oppdaget i Melkeveien06:10 Dette skjer i dag06:09 Sp fortsatt størst og øker i Finnmark og Troms06:00 SSB-tall: Formuene hoper seg opp i og rundt storbyene05:58 Støre nordover for å hjelpe Ap i trøbbel05:56 Hongkongs regjeringssjef øyner fredelig løsning på uroen05:36 Dette skjedde i natt05:17 Jernbanedirektoratet utreder sovetilbud på tog05:00 Forsvarssjefen sikter mot 2 prosent04:48 Epstein signerte testament to dager før han døde04:14 Mann i 20-årene slo seg ut av arresten03:38 Utsetter kunngjøring av medlemmer av rådet i Sudan03:03 Søker etter eldre kvinne i Skien sentrum og i Hjellevannet02:40 TØI: Venstres bekymring for bompengeskissen er reell02:18 USA advarer Hellas mot å bistå iransk tankskip01:58 Brann i enebolig i Tana slukket01:52 Hestenesprisen gitt til kulturjournalist Anders Firing Lunde01:46 Twitter: Kina brukte falske kontoer for å skape uro i Hongkong01:42 Halve befolkningen negativ til kommersielle velferdsaktører00:46 Detonasjon ved politihus i Sverige00:34 Kvinne frikjent for drap på sitt dødfødte barn23:43 Floridas ikoniske palmetrær er under angrep23:35 Fengselsdirektør har fått sparken etter Epsteins dødsfall23:25 Pogba bommet på straffe da Manchester United spilte uavgjort23:12 Nok en remis for Carlsen i USA22:49 Politimann sparket etter at svart mann døde av kvelning22:24 Grønland sier de ikke er til salgs. Men kan Trump få kjøpt øya likevel?21:52 Macron og Putin øyner Ukraina-løsning21:51 Norsk spiss til engelsk fotball21:41 Advarer mot kritisk vannmangel: Her er risikoområdene21:35 Siv Jensen avviser mer forhandling om bompenger21:32 Bodø/Glimt mistet tabelltoppen med uavgjort mot Sarpsborg21:30 Sarri risikerer å miste serieåpningen til Juventus21:26 Twitter: Kina brukte falske kontoer for å skape uro i Hongkong20:52 Saltnes berget poeng for Bodø/Glimt20:41 Slik kan søppeldynge ha tvunget ned passasjerfly20:31 Valg 2019: Debatt om unge velgere, klima og Nord-Norgebanen20:20 Oslo-måling: MDG nær dobbelt så store som ved forrige valg20:06 Håndball: Senstad blir ny landslagstrener for Polen20:06 18 biler har stått fast i svensk P-hus siden juli20:00 Dansk kvinne med topplassering i Ironman tre måneder etter fødsel19:52 Emil Hansson klar for Hannover19:37 – Vedum viser til fulle hva slags holdninger Senterpartiet er laget av19:29 Christian Radich kjørte inn i brygge i Bjørvika18:50 MDG med kjempesmell i ny kommunevalgmåling18:46 Emery før storoppgjør mot Liverpool: – Vi vil aldri møte dem18:16 – Regjeringen misbruker EØS til å presse kommunene18:02 Foodora-syklister går ut i streik17:25 Minneseremoni for isbre: Derfor forsvant den17:15 Fare for jordskred på Vestlandet – gult farevarsel sendt ut16:58 Wikheim får tidligere Start-spiller som ny trener16:39 Bombeeksperter rykket ut til svensk politistasjon16:33 Mann varetektsfengslet etter voldshendelse i Kristiansand16:21 Intervjuobjektene fra Arendalsuka var ledere, toppolitikere og kommunikasjonsrådgivere16:05 Krystallklar garanti fra MDG: – Høyresiden er uaktuelt15:48 Sudans Bashir i retten for korrupsjon15:22 Solbakkens stjernespiss ute av spill lenge15:21 Krekars meddømte må likevel sitte i varetekt15:20 Open Arms får legge til kai på Mallorca14:51 Britisk statsråd vil umiddelbart stanse fri flyt av EU-borgere14:36 – Grunnlaget for torsken har kollapset14:24 Rykter om hemmelig USA-kanal til Maduro-regimet14:17 Bombe mot politifolk i Nord-Irland13:59 Brasils president med nytt angrep på Norge13:59 Inflasjonen synker i eurosonen13:53 Ny teori: Forsker mener mørk materie kan ha blitt til i øyeblikket etter Big Bang13:41 Kutter fastrente på lån med lang binding13:29 Kinesiske fly brukte japanske skip som «blink»13:04 Manshaus godtar psykiatrisk undersøkelse – nekter flere avhør12:55 Fem drept på psykiatrisk sykehus i Romania12:36 Prinsessen på plass på ny skole12:35 Flaggstang falt over en person ved politistasjon12:02 Tog fra Oslo til Stockholm på under tre timer: – Et politisk kinderegg11:55 Ny skolestreik for klimaet 30. august11:54 Tyrkisk militærkolonne angrepet i Syria11:50 Hurtigruten bygger om skip til hybrider11:09 Høyre vil tvinge Frp tilbake til forhandlingsbordet10:58 Bergenser dømt til 16 års fengsel i nettovergrepssak10:57 Coutinho klar for Bayern10:30 Iran advarer USA mot å ta arrest i oljetanker10:29 Casper Ruud fortsatt nummer 54 i verden10:05 Markert fall i antall lønnstakere til sjøs10:05 Dinamo Zagreb slipper lettere unna enn RBK09:56 Trump om Grønland-kjøp: – En stor eiendomshandel09:55 Bjørn påkjørt av tog i Trøndelag09:41 «Dyne-Larsen» er død09:23 Mennene i flertall ved høstens valg09:17 Pochettino: – Stor tabbe å lukke overgangsvinduet tidlig09:17 Tyrkia avsetter kurdiske ordførere08:15 Elyounoussi blir ikke skremt av Celtic08:14 Prins Andrew avviser overgrepsanklager08:08 Flyselskapet Norwegian selger alle sine aksjer i Bank Norwegian07:26 Kjetil Borch: – Har ingenting å forsvare i ro-VM07:17 Skogbrann på Gran Canaria ute av kontroll – 8.000 evakuerte07:15 Tallet på forhåndsstemmer doblet siden forrige valg07:01 Tuchel: – Vi må få en erstatter for Neymar
Siste nytt
06:50NorgeNi evakuert etter flere ras i Nordland06:46SportEksperter ser muligheter for avansement for Molde og RBK06:15SportNFF inspiserer Ullevaal-gresset etter Rammstein-konserten06:15VerdenMillioner av afghanske barn nektes skolegang06:14VerdenNy planet oppdaget i Melkeveien06:10NorgeDette skjer i dag06:09NorgeSp fortsatt størst og øker i Finnmark og Troms06:00NorgeSSB-tall: Formuene hoper seg opp i og rundt storbyene05:58NorgeStøre nordover for å hjelpe Ap i trøbbel05:56VerdenHongkongs regjeringssjef øyner fredelig løsning på uroen05:36NorgeDette skjedde i natt05:17NorgeJernbanedirektoratet utreder sovetilbud på tog05:00NorgeForsvarssjefen sikter mot 2 prosent04:48VerdenEpstein signerte testament to dager før han døde04:14NorgeMann i 20-årene slo seg ut av arresten03:38VerdenUtsetter kunngjøring av medlemmer av rådet i Sudan03:03NorgeSøker etter eldre kvinne i Skien sentrum og i Hjellevannet02:40NorgeTØI: Venstres bekymring for bompengeskissen er reell02:18VerdenUSA advarer Hellas mot å bistå iransk tankskip01:58NorgeBrann i enebolig i Tana slukket01:52NorgeHestenesprisen gitt til kulturjournalist Anders Firing Lunde01:46VerdenTwitter: Kina brukte falske kontoer for å skape uro i Hongkong01:42NorgeHalve befolkningen negativ til kommersielle velferdsaktører00:46VerdenDetonasjon ved politihus i Sverige00:34VerdenKvinne frikjent for drap på sitt dødfødte barn23:43VerdenFloridas ikoniske palmetrær er under angrep23:35VerdenFengselsdirektør har fått sparken etter Epsteins dødsfall23:25SportPogba bommet på straffe da Manchester United spilte uavgjort23:12SportNok en remis for Carlsen i USA22:49VerdenPolitimann sparket etter at svart mann døde av kvelning22:24StemmerGrønland sier de ikke er til salgs. Men kan Trump få kjøpt øya likevel?21:52PolitikkMacron og Putin øyner Ukraina-løsning21:51SportNorsk spiss til engelsk fotball21:41VerdenAdvarer mot kritisk vannmangel: Her er risikoområdene21:35PolitikkSiv Jensen avviser mer forhandling om bompenger21:32SportBodø/Glimt mistet tabelltoppen med uavgjort mot Sarpsborg21:30SportSarri risikerer å miste serieåpningen til Juventus21:26Helse og livsstilTwitter: Kina brukte falske kontoer for å skape uro i Hongkong20:52SportSaltnes berget poeng for Bodø/Glimt20:41VerdenSlik kan søppeldynge ha tvunget ned passasjerfly20:31PolitikkValg 2019: Debatt om unge velgere, klima og Nord-Norgebanen20:20PolitikkOslo-måling: MDG nær dobbelt så store som ved forrige valg20:06SportHåndball: Senstad blir ny landslagstrener for Polen20:06Motor18 biler har stått fast i svensk P-hus siden juli20:00SportDansk kvinne med topplassering i Ironman tre måneder etter fødsel19:52SportEmil Hansson klar for Hannover19:37Penger– Vedum viser til fulle hva slags holdninger Senterpartiet er laget av19:29NorgeChristian Radich kjørte inn i brygge i Bjørvika18:50NorgeMDG med kjempesmell i ny kommunevalgmåling18:46SportEmery før storoppgjør mot Liverpool: – Vi vil aldri møte dem18:16Politikk– Regjeringen misbruker EØS til å presse kommunene18:02PengerFoodora-syklister går ut i streik17:25VerdenMinneseremoni for isbre: Derfor forsvant den17:15NorgeFare for jordskred på Vestlandet – gult farevarsel sendt ut16:58SportWikheim får tidligere Start-spiller som ny trener16:39VerdenBombeeksperter rykket ut til svensk politistasjon16:33NorgeMann varetektsfengslet etter voldshendelse i Kristiansand16:21PolitikkIntervjuobjektene fra Arendalsuka var ledere, toppolitikere og kommunikasjonsrådgivere16:05PolitikkKrystallklar garanti fra MDG: – Høyresiden er uaktuelt15:48VerdenSudans Bashir i retten for korrupsjon15:22SportSolbakkens stjernespiss ute av spill lenge15:21NorgeKrekars meddømte må likevel sitte i varetekt15:20VerdenOpen Arms får legge til kai på Mallorca14:51PolitikkBritisk statsråd vil umiddelbart stanse fri flyt av EU-borgere14:36Helse og livsstil– Grunnlaget for torsken har kollapset14:24VerdenRykter om hemmelig USA-kanal til Maduro-regimet14:17VerdenBombe mot politifolk i Nord-Irland13:59VerdenBrasils president med nytt angrep på Norge13:59PengerInflasjonen synker i eurosonen13:53VerdenNy teori: Forsker mener mørk materie kan ha blitt til i øyeblikket etter Big Bang13:41PengerKutter fastrente på lån med lang binding13:29VerdenKinesiske fly brukte japanske skip som «blink»13:04NorgeManshaus godtar psykiatrisk undersøkelse – nekter flere avhør12:55VerdenFem drept på psykiatrisk sykehus i Romania12:36KulturPrinsessen på plass på ny skole12:35NorgeFlaggstang falt over en person ved politistasjon12:02ReiseTog fra Oslo til Stockholm på under tre timer: – Et politisk kinderegg11:55NorgeNy skolestreik for klimaet 30. august11:54VerdenTyrkisk militærkolonne angrepet i Syria11:50ReiseHurtigruten bygger om skip til hybrider11:09PolitikkHøyre vil tvinge Frp tilbake til forhandlingsbordet10:58NorgeBergenser dømt til 16 års fengsel i nettovergrepssak10:57SportCoutinho klar for Bayern10:30VerdenIran advarer USA mot å ta arrest i oljetanker10:29SportCasper Ruud fortsatt nummer 54 i verden10:05PengerMarkert fall i antall lønnstakere til sjøs10:05SportDinamo Zagreb slipper lettere unna enn RBK09:56VerdenTrump om Grønland-kjøp: – En stor eiendomshandel09:55NorgeBjørn påkjørt av tog i Trøndelag09:41Penger«Dyne-Larsen» er død09:23PolitikkMennene i flertall ved høstens valg09:17SportPochettino: – Stor tabbe å lukke overgangsvinduet tidlig09:17VerdenTyrkia avsetter kurdiske ordførere08:15SportElyounoussi blir ikke skremt av Celtic08:14VerdenPrins Andrew avviser overgrepsanklager08:08PengerFlyselskapet Norwegian selger alle sine aksjer i Bank Norwegian07:26SportKjetil Borch: – Har ingenting å forsvare i ro-VM07:17VerdenSkogbrann på Gran Canaria ute av kontroll – 8.000 evakuerte07:15NorgeTallet på forhåndsstemmer doblet siden forrige valg07:01SportTuchel: – Vi må få en erstatter for Neymar
Populært