Barnevernsborn: – Det følast som vi vert gløymde når vi vert 18

Vilde Adolfsen er leiar i landsforeininga for barnevernsborn.
Vilde Adolfsen er leiar i landsforeininga for barnevernsborn. Foto: Privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

Landsforeininga for barnevernsborn og Fellesorganisasjonen vil sikre myndige barnevernsborn oppfølging fram til dei vert 25 år.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er ingen som er vaksne når dei er 18 år. 25-åringar ringer framleis heim for å få støtte frå foreldra. Kvifor skal ikkje barnevernsborn også ha denne mogelegheita?, spør Vilde Adolfsen i eit intervju med framtida.no.

22-åringen er leiar for Landsforeininga for barnevernsborn (LFB). Det er ein brukarorganisasjon for menneske som anten har eller har hatt tiltak i barnevernet og vil gjere barnevernstenesta betre for ungane som kjem etter.

Saman med Fellesorganisasjonen (FO) har dei difor laga eit opprop for å sikre barnevernsborn retten til ettervern.

Rett til hjelp

Når born innanfor barnevernet vert myndige, har dei ikkje lenger automatisk rett på oppfølging. Barnevernstenesta har plikt å vurdere behovet for ettervern, men ungdomen har ikkje rett på å motta det. Unge risikerer difor å miste den støtta dei har.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vilde Adolfsen har sjølv vore innom barnevernet, og er av dei heldige som får ettervern. For ho har det vore avgjerande.

– Det har betydd at eg kan stå i jobb. Eg føler meg sterkare psykisk. Om eg ikkje hadde hatt ettervern, er eg redd eg hadde lege i senga heime og følt at verda var imot meg, seier ho.

Landsforeininga for barnevernsborn etterlyser no eit lovfesta lågterskel-tilbod, for sjølv enkle spørsmål kan verte vanskelege om ein er heilt åleine om dei.

– Kor ofte skal eg vaske golvet? Kva gjer eg om det kjem inkassovarsel? Vi ynskjer å ha nokon å spørje om desse tinga akkurat slik som alle andre, seier Adolfsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi vil ha retten til at ein vaksen er der for oss.

Les også: Tilrår lengre støtte frå barnevernet

Forsking støttar behovet for ettervern

Både internasjonal og nasjonal forsking viser at ettervern er avgjerande for å få ein god start på det vaksne livet, seier Veronika Paulsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho er seniorforskar hjå NTNU og har skrive ei doktorgradsavhandling om overgangen til vaksenlivet. Frå ho er det klar tale.

– Det er på tide dette vert lovfesta! Vi veit at mange ungdommar har behov for meir enn berre praktisk og økonomisk støtte. Dei treng nokon som kan hjelpe dei finne ut av vaksenlivet, seier ho.

Samstundes peikar Paulsen på at i dagens system forsvinn mange unge i prioriteringskøen.

– Vi ser at vurdering av ettervern ofte vert ei nedprioritert oppgåve. Barnevernssaker som er akutte eller gjeld små born vert gjerne prioritert først. Vi treng difor tilsette som arbeider med dette.

Vil ha politisk handling

Retten til ettervern har vore hjartesaka til Landsforeninga for barnevernsborn sidan dei starta for 21 år sidan, i februar 1997.

Allereie har kampanjen samla fleire tusen underskrifter, og motteke mykje støtte i sosiale media.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Trine Lise Olsen gir si støtte til kampanjen på facebook. Foto: henta frå Facebook.
Trine Lise Olsen gir si støtte til kampanjen på facebook. Foto: henta frå Facebook.

Landsforeininga håpar oppropet skapar merksemd nok til å presse politikarane til handling.

– Det skal kome ei ny barnevernslov våren 2019. Den første delen tredde i kraft i sommar, men der var ikkje ettervern nemnd i det heile. Det følest som vi vert gløymde når vi vert 18 år, seier Adolfsen i Landsforeininga for barnevernsborn.

Den 22 år gamle leiaren etterlyser eit vedtak som gjev rett til ettervern, og sikrar at dei unge også får nytte stemma si.

– Alle ungdomar har individuelle behov, og det vil vere viktig at dei sjølve får vere med bestemme kva oppfølging dei får, seier ho.

Les også: Åtte av ti familiar nøgd med barnevernet

Saka vart først publisert i framtida.no