Line har budd i båt sidan ho var 19: – Som å vere på ferie kvar dag

Line Jensby Andorsen forann "gata" der hun bor. Foto: Beate Haugtrø
Line Jensby Andorsen forann "gata" der hun bor. Foto: Beate Haugtrø
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er noko heilt eige å vere på sjøen. Og eg trur alle som er på sjøen kjenner den kjensla. Det er ei eiga ro, seier Line Jensby Andorsen (23).

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Framtida.no blir med Line Jensby Andorsen på veg heim frå jobben i Oslo sentrum. Etter ein 20 minutt lang tur med rutebåten frå Aker Brygge, er ho heime i seglbåten sin på hamna i Vollen i Slemmestad.

Båtturen heim frå Aker Brygge til Vollen tek om lag ein halvtime. Foto: Beate Haugtrø
Båtturen heim frå Aker Brygge til Vollen tek om lag ein halvtime. Foto: Beate Haugtrø

Ein gong om ikkje så altfor lenge skal ho verkeleggjere sin største draum her i livet. Det er å reise på jordomsegling. Men enn så lenge så er livet i hamn eit bra alternativ.

– Med ein gong eg kjem om bord i båten og kjem på sjøen, så senkar skuldrane seg og eg tenker litt annleis. Ein høyrer måkane. Når ein har ein fin utsikt, kan ein sitte og sjå på den i ei evigheit. Det er nok ikkje heilt det same om ein sit og ser inn ei anna blokk.

– Og no om sommaren er vi ute heile tida, badar kvar dag.

Saken fortsetter under bildet

– Det er som å vere på ferie kvar dag, seier Line om å bu i båt. Ho bur no i ein Jeanneau 43 ds. Foto: Foto: Beate Haugtrø
– Det er som å vere på ferie kvar dag, seier Line om å bu i båt. Ho bur no i ein Jeanneau 43 ds. Foto: Foto: Beate Haugtrø

Besett av å bu ved havet

Heilt sidan ho var lita, har Line vore van med å vere på sjøen. Far hennar hadde seglbåt, og i barndommen var dei ofte ute i Oslofjorden med båten.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg har alltid elska å vere på havet, fiske krabbar og segle, seier ho.

Da ho byrja å studere etter vidaregåande, byrja mange av jamnaldringane hennar å leige leilegheit, eller kjøpte dyre leilegheiter i byen. Sjølv flytta ho inn til farmora si for å spare pengar til å kjøpe seg ein båt.

– Eg har alltid vore besett av å bu ved havet. Og eg diggar seglbåtar. Så da tenkte eg det var betre å bu i seglbåt, seier ho.

Saken fortsetter under

Line har alltid likt å vere på sjøen, og var ofte på fjorden med familien i barndommen. Foto: Privat
Line har alltid likt å vere på sjøen, og var ofte på fjorden med familien i barndommen. Foto: Privat

Da ho var 19 år, hadde ho spart opp nok pengar og kjøpte sin første båt, ein 31 fots mamba seglbåt. I den budde ho to somrar og ein vinter. Om sommaren budde ho i ei hamn på Bygdøy, og om vinteren hadde ho hamn på Aker Brygge.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

BU I BÅT

1. oktober 2017 vart det mogleg å få ei fast adresse også når ein bur i båt. Krava til bebuaren er at både båten og kaiområdet er tilrettelagt for å bu, og at båten er fortøydd ved eit kommunalt kaipunkt.For å få ei fast adresse må båten ha sengeplassar tilsvarande talet på bebuarar, lys, oppvarming, kjøkken og sanitærutstyr.

(Kjelde: Skattetaten)

– Og det er det som er så digg. Ein tenker aldri at ein har råd til å bu på Aker Brygge når ein studerer.

Men som båteigar hadde ho råd til det. Å leige hamneplass på Aker Brygge om vinteren, var halvparten så dyrt som på sommaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Bustadprisane steig med 1,1 % i mai

Som å vere på ferie kvar gong ein kom heim

Litt ferie kvar dag. Foto: Beate Haugtrø
Litt ferie kvar dag. Foto: Beate Haugtrø

– Korleis var det å flytte i båt?

– Eg starta jo om sommaren og det var herleg. Det kjentest jo som ferie kvar gong ein kom heim. Det var sjukt digg. Å berre kunne dra heim til båten og bade og kose seg.

Ho fortel at noko av det viktigaste med å bu i båt er den fridomskjensla ein får. At ein ikkje er så knytt til ein stad.

– Eg kjenner ein stor fridom ved å bu i båt.

Heime i båten er det berre å hoppe rett ut i sjøen. Foto: Beate Haugtrø
Heime i båten er det berre å hoppe rett ut i sjøen. Foto: Beate Haugtrø

Første gong vinteren kom, vart det litt annleis.

– Vinteren er ikkje like kul, ler ho.

Den første seglbåten hennar var liten, hadde små vindauge, og det var lite lys som kom inn. Ho beskriv det som å bu i eit kott.

At ho måtte kle vinterisolasjon på dekk, gjorde òg at det lille ho hadde av lys slapp enno mindre til. Båten var ikkje isolert, og dei gongane gradestokken sakk under 18 minus, og den elektriske vifteomnen måtte stå på heile tida, kom det og ein del bieffektar ein sjeldan opplever på ein hybel inne i byen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det vart ofte fukt under madrassen. Og på kleda. Og på det kaldaste fraus kleda mine fast i skapet, sånn at eg måtte rive dei ut, minnast ho.

Og nokre gongar fraus vatnslangane ho henta vatn i, til is.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Du kraup ikkje til korset og flytta inn hos foreldre eller bestemor?

– Nei, eg gjorde ikkje det, men burde kanskje ha gjort det, seier ho.

Les også: Halvparten av unge budstadkjøparar får hjelp av foreldra

Trongt om plassen

Etter kvart kom behovet for ein større båt. No er ho 23, og bur i sin nye seglbåt, ein Jeanneau 43 ds. I fjor sommar fann ho båten på Finn, og drog og såg på han saman med kjærasten.

– Det var «love at first sight». Akkurat det eg hadde sett føre meg. Den hadde mykje større vindauge, slapp inn meir lys. Og den var 12 fot større enn den gamle. Vi kjøpte han med det same vi var og såg på han, måtte forsikre oss om at vi fekk han, fortel ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Båten fekk dei for 1,1 million, og i fjor haust flytta dei inn.

Når Framtida.no er på besøk har Line Jensby Andorsen golvplassen for seg sjølv. Men ho deler båten med sambuaren, og annakvar veke bur to av borna hans der. Foto: Beate Haugtrø
Når Framtida.no er på besøk har Line Jensby Andorsen golvplassen for seg sjølv. Men ho deler båten med sambuaren, og annakvar veke bur to av borna hans der. Foto: Beate Haugtrø

– Og så har vi levd det gode liv sidan. Det var betre å bu i den nye. Men det er klart det er trongt når ein skal bu to personar i ein båt.

Og annakvar veke har dei enda mindre golvplass. Då bur to av barna til kjærasten der saman med dei.

– Når det er to vaksne og to barn, så er det trongt. Spesielt om vinteren har ein ikkje så stor moglegheit til å lukke seg inne og vere for seg sjølv.

– Men ein må gjere det beste ut av det når det blir så tett, og det blir meir brettspel og kos og hygge. Noko det kanskje ikkje blir i eit vanleg hus når borna sit på romma sine og speler dataspel.

Les også: Utflyttinga frå Oslo aukar kraftig

Båtfolk er ålreite folk

Når sommaren kjem så synest alle det verdt det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er det alle har venta på. Sommaren har vore veldig etterlengta. Alle her er veldig glade i sommaren og ikkje så veldig glade i vinteren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Der Line og kjærasten bur no, er det ein del som bur i båtane sine, også i nabobåsen.

– Det er jo veldig tett. Ein bur rett ved sidan av kvarandre og det er lytt. Men ein venner seg til det, og tenker ikkje så mykje over det etter kvart.

Line framfor heimen sin. Det er kort veg til nærmaste nabo, men det blir ein etter kvart van med. Foto: Beate Haugtrø
Line framfor heimen sin. Det er kort veg til nærmaste nabo, men det blir ein etter kvart van med. Foto: Beate Haugtrø

Hennar erfaring er at båtfolk er veldig hyggelege.

– Det er alltid sånn at folk helsar på kvarandre, og snakkar om båt. Og om ein treng hjelp, så er det berre å spørre.

– Trur du å bu i båt gjer noko med korleis ein kjenner seg og tenker?

– Ja, det trur eg. Ein tenker kanskje annleis i utgangspunktet om ein bur i båt, at ein er open for ein alternativ livsstil.

Ho meiner det er for mange som er knytta til eit fast liv og som er for glade i tinga sine.

– Om ein bur i båten må ein kvitte seg med alle tinga ein er blitt van med. Møblar og liknande. Sjølvsagt kan ein lagre det, men det handlar om å gjere seg fri frå alle tinga, meiner ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg trur det er eit lettare tilvære der ein er opptatt av å gjere det enkelt og å nyte livet.

Les også: Færre tek båtlappen

I vind og hardt vêr

Line fortel at når ein har seglbåt så lærer ein mykje om vind, vèr og straumar.

– Ein lærer korleis ein kan jobbe saman med vinden og saman med naturen for å komme seg fram til stader. Det er veldig kult at ein kan komme seg fram på den måten utan å forureine naturen. Dersom det er litt vind da.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Frå Marstrand Big Boat race 2016. Line i båten til venstre. Foto: Privat
Frå Marstrand Big Boat race 2016. Line i båten til venstre. Foto: Privat

Som båtbuar er ho meir i hamn enn ute på sjøen, sjølv om ho gjerne vil vere mest på tur. Nokre turar blir det, til plassar i nærleiken, der ein kan ankre opp for ein ettermiddag. Innimellom er ho òg med andre båtfolk og seglar regatta. For eit par år sidan segla ho til København med ei venninne.

– Vi opplevde så mykje på den turen. Alt som kunne gå galt, gjekk galt.

Blant anna heldt ho på å miste propellen, og måtte bli henta av det danske redningsselskapet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho har vore mannskap på ein regattabåt som gjekk på eit skjer med ein fart på sju knop.

– Det sa berre «bang», og så sto vi fast midt oppe på ein stein i vinden. Båten var ganske øydelagt, fordi kjølen hadde løfta heile båten.

Må gjere nokre feil for å lære

Og ein annan gong dei var to som skulle segle ein regattabåt i hamn, bles det opp så spinnakeren (det ballongliknande forseglet) på båten ho segla, surra seg fast så kraftig i forstaget at det vart ei luftboble som gjorde det umogleg å styre båten. Det var masse grunnar, rett nord for Kosterøyane. Dei kunne ikkje dra ned seglet fordi det hadde surra seg fast. Det byrja å bygge seg bølger, og dei tilkalla den svenske redningstenesta.

– Dei kom og kunne ikkje hjelpe oss noko særleg. Da manøvrerte eg båten så godt det let seg gjere, såg på kartet, prøvde å komme oss rundt grunnane. Kom inn i ei lita bukt og køyrde i ring mens eg heiste ho andre opp i masta så hun kunne få løsna det frå toppen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei brukte rundt fem timar på å få ned seglet.

Ho fortel at det var ei veldig lærerik oppleving om korleis ein handlar når ein har fått panikk og adrenalinet berre pumpar.

– Det var ei stor lette å komme i hamn. Begge var litt i sjokk.

Men å gå på grunn eller å miste propellen ser ho som ein del av båtlivet.

– Med båt må ein gjennom ein del ting. Ein må gå på grunn og gjere ein del feil for å lære. Anten så har ein gått på grunn eller så skal ein gå på grunn, eller så lyg ein om det, seier ho.

At ein gjer seg kjent med båten sin, og kommuniserer godt gjer òg at ein kjenner seg tryggare i hardt ver.

– Det er veldig viktig å kommunisere om kven som gjer viktige oppgåver, og å stole på og passe på kvarandre. At ein gjer ting på ein trygg måte. Det er veldig fort gjort å gjere feil når ein er stressa. Og ein har ikkje moglegheit til å hamne i havet i ein sånn situasjon, for eg ville ikkje hatt sjans til å plukke henne opp om ho hadde falt ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Draumen om jordomsegling

Å ha opplevd nokre uhell har ikkje dempa draumen om jordomsegling. Draumen har ho hatt i mange år.

– Det er eg og pappa som har hatt den draumen. Det var òg ein av grunnane til at eg valde å kjøpe seglbåt.

Ho har tenkt å vere på tur iallfall i tre år, og det krev ein del pengar og førebuingar. Å spare opp pengar vil ho gjere på førehand, så ho slepp å tenke på det medan ho seglar.

– Ein bør berekne 100.000 kroner per person per år. Og i tillegg pengar til lån og den slags. Da er det deilig å sleppe å tenke på at ein har eit stort lån, leilegheit og mange ting ein er knytt til.

Ho håper å kunne dra om eit par år.

Skal du reise med far din da?

– Eg reiser med den som måtte ha lyst til å vere med. Pappa vil nok vere med nokre strekningar. Om det er ting eg skal gjere i livet, så er det det. Det er det einaste som eg er fast bestemt på å gjere.


Line sine tips til studentar (og andre) som vurderer å bu i båt

– Om ein tenker på å bu i båt, er det viktig å finne ein hamneplass. Det er det stor rift om og lange ventelistar, iallfall på ein del hamnar. Så det er lurt å byrje å sjå etter kva som er ledig. Kva for båtplass du får kan òg gi nokre føringar på kor stor båt du kan ha eller får råd til å kjøpe.

– Er det noko ein skal sjå etter når ein vel hamn?

– Det er nokre hamnar der det er meir bumiljø enn andre. For å kunne bu der, bør ein ha tilgang til toalett, dusj og vaskerom. Nokre har jo det i båtane sine, men ikkje alle.

– Går det an for folk utan erfaring med båt frå før?

– Ja det vil eg seie. Men det er nok lurt når ein ser etter båt å få hjelp av folk som kan litt. Det kan vere ein del skjulte kostnader som slitasje, feil på motor, segl og skrog. Det kan fort bli dyrt. Så det er lurt å ha med nokon som har erfaring når ein skal kjøpe.

– Men sjølve seglinga, det å dra ut med båt, å reparere og sånt, det lærer ein kjempefort. Å ta båtlappen er òg lett, forsikrar ho.

– Er det ikkje lett å gå på ein smell om ein har lite erfaring frå før?

– Eg trur eigentleg at alle båtfolk gjer ein del feil på båt. Ein må gjere ein del feil for å lære. Uansett kva for båtfolk du snakkar med, så har dei mange historiar om morsomme feil dei har gjort. Det er dei som er morsomme å fortelje om vidare og. Om ein har vore i ein sjuk storm, når bølgane var seks meter, motoren konka, når alt går til helvete og ein likevel finn ei løysing.

– Ein må like å halde på litt med diverse da. Det er alltid noko som går i stykker i båt, som må fiksast og gjerast betre. Det er litt å pusle med. Men det er eigentleg veldig gøy, fordi ein heile tida lærer noko nytt. Å pusle med motoren, og elektronikk.

Og om ein er van med å ha eit stappfullt klesskap og å slenge rundt seg med ting, så må ein lære å prioritere:

– Ein har jo dårleg plass til alt av vinterklede og sånt, så ein må prioritere veldig kva ein vel å ha med i båten.