Crystal (24) begynte på høgskulen då ho var 8 år gammal

I juni i fjor forsvarte Crystal Vander Zanden sin doktorgradavhandling. Her frå uteksamineringsseremonien.
I juni i fjor forsvarte Crystal Vander Zanden sin doktorgradavhandling. Her frå uteksamineringsseremonien. Foto: Privat/Framtida.no
Artikkelen fortsetter under annonsen

No har 24-åringen doktorgrad og underviser på universitetet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Berre 8 år gammal begynte amerikanske Crystal Vander Zanden å ta fag på høgskulen. No forskar ho på Alzheimers sjukdom.

– Eg trur ikkje at den unike utdanninga mi er eit resultat av ein ekstremt høg intelligens. Eg trur heller det er fordi foreldra mine gav meg høve til å bli flink i noko born flest ikkje blir utfordra til å prøve, fortel Crystal Vander Zanden til Framtida.no.

Crystal vaks opp i den amerikanske delstaten Arizona. Berre 8 år gammal begynte ho å ta fag på høgskulen. Fram til då hadde ho fått heimeundervisning.

– Ifølge mamma låg eg framføre andre på min alder reint skulemessig, og eg var veldig interessert i biologi og sjukdom. Mamma prøvde å få meg inn i biologitimar på high school, men dei avslo, fortel Crystal.

Les også: Rebekka (26) om å ta doktorgrad: – Du får nerda skikkeleg masse

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Siden Crystal viste så stor interesse for feltet, ville mor hennar gi dottera moglegheit til å utfolde seg. Til slutt fekk ho Crystal inn på community college, høgskuler i USA som er drive og finansiert av lokale skulestyresmakter.

– I USA kan kven som helst ta fag på høgskulen så lenge ein kan betale skulepengar og består inngangseksamen, forklarar Crystal.

– Så det blei ikkje gjort noko unntak for meg då eg kom inn på høgskulen. Det er berre uvanleg fordi foreldre flest ikkje prøver å melde 8-åringane sine opp til høgskule-fag.

Les også: Hyppige pausar gjer deg meir effektiv

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Varierte reaksjonar

Etter å ha bestått faga ved høgskulen, fekk 9 år gamle Crystal endeleg begynne på high school. Ho låg då fem klassetrinn framføre andre born på sin alder.

– Det var litt kleint til å begynne med. Eg hadde til dømes ikkje sjanse til å delta på dei sportsaktivitetane dei andre i klassen heldt på med. I staden begynte eg å spele i korps.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Artikkelen fortsetter under bildet.

I dag jobbar Crystal som postdoktoral forskar ved Universitetet i New Mexico, kor ho forskar på tidlege molekylære endringar som forårsakar Alzheimers sjukdom. Foto: Privat/Framtida.no
I dag jobbar Crystal som postdoktoral forskar ved Universitetet i New Mexico, kor ho forskar på tidlege molekylære endringar som forårsakar Alzheimers sjukdom. Foto: Privat/Framtida.no

– Klassekameratane mine fortalte meg seinare at dei først trudde eg var dottera til læraren. Dei syntest det var rart at eg var med i timane deira så lenge. Men ingen av dei reagerte negativ eller nedsettande. Eg har ikkje møtt nokon som ikkje ville jobbe saman i med meg i gruppeprosjekt, fortel Crystal.

– Og alderskilnaden blir mindre og mindre jo eldre eg blir. Eg kom over den siste aldersbarrieren då eg blei 21 år og kunne vere med venene mine ut på bar.

Reaksjonane frå lærarane på high school var meir variert. Fleire var skeptiske til Crystal si evne til å følgje med undervisninga.

– Eg blei likevel behandla på same måte som dei andre i klassen, fortel Crystal.

– Og på universitetet ble eg akseptert av lærarane så fort eg klarte å vise at eg var i stand til å følgje med i undervisninga.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: SSB: fleire gjennomfører vidaregåande

Fordeler og ulemper

Foto: Privat/Framtida.no
Foto: Privat/Framtida.no

Crystal blei uteksaminert frå high school då ho var 14 år – om lag same alder elevar flest er når dei startar på sitt første år på high school.Ho begynte på Doane University i delstaten Nebraska, der tok ho ein bachelorgrad i biokjemi og musikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Crystal meiner det er ulemper med å hoppe over klassetrinn. Sjølv mista ho kontakt med dei gamle venene sine, og måtte jobbe ekstra hardt for å lykkast på skulen.

Samtidig er det ulemper med å ikkje hoppe over klassetrinn.

– Å bli verande på eit klassetrinn som er for enkelt for deg kan vere demotiverande og øydelegge høva for å utvikle ein god studievane. Når du då kjem til universitetet, kan faga vere meir utfordrande enn det dei hadde trengt å vere.

Ung lærar

Etter at ho fullførte bachelor-graden, 17 år gammal, begynte ho på Colorado State University kor ho hadde ein samanslått master- og doktorgrad-stilling.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Saman med rettleiaren min studerte eg hydroxymethylcytosine, som er ein naturleg genmodifikasjon som vi trur hjelper celler å reparere skadd DNA, fortel Crystal. I juni i fjor forsvarte ho avhandlinga si framføre professorar og forskarar på feltet sitt.

I dag er ho 24 år gammal, og jobbar som postdoktoral forskar (sjå faktaboks) ved Universitetet i New Mexico. Der forskar ho på tidlege molekylære endringar som forårsakar Alzheimers sjukdom.

Ein del av arbeidsoppgåvene hennar er å undervise.

– Å undervise er veldig viktig for meg. Eg ser på det som ein måte for elevane til å oppnå sosioøkonomisk mobilitet. Mi utdanning gav meg moglegheita til å lykkast og ha ei meiningsfull karriere. Eg vil bidra til at andre får tilbod om å gjere det same.

Saken ble først publisert på framtida.no.