Thea var 15 då ho mista mor si i kreft. Kort tid etter døydde ei ung jente på naboøya. Det har gjort noko med Hitra og Frøya

Tautrekking mellom aksjonsleiarane Thea Arntsen og Sara Meyer. Foto: Lars Otto Eide, hitra-frøya
Tautrekking mellom aksjonsleiarane Thea Arntsen og Sara Meyer. Foto: Lars Otto Eide, hitra-frøya
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sidan 2012 har russen og lokale krefter på naboøyane Hitra og Frøya samla inn nesten to millionar kroner til Krafttak mot kreft. For tre år sidan vart det personleg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er veldig seriøst. Folk kjem i «vi skal vinne»-modus, og det er ikkje snakk om å samle inn mindre pengar enn dei.

Det seier Sara Meyer, som leiar Frøya-russen i innsamlingsaksjonen «Krafttak mot kreft». Som på alle andre frontar, er det jamnaldringane på nabo-øya Hitra som er den store konkurrenten.

– Vi er jo venner, men det er om å gjere det best ja, ler ho. Samme kva det gjeld så er det rivalisering. Fotball eller handball eller kva som helst.

I fleire år har russen på Frøya og russen på Hitra i Trøndelag vore beinharde konkurrentar om å samle inn mest mogleg pengar til kreftforeininga når russesesongen er i gang.

Men konkurrentar eller ikkje, saman er dei uslåelege.

I fjor samla dei inn til saman 627.074 kroner, og i 2015 toppa dei aksjonen med til saman totalt 762.748 kroner for Kreftforeininga. Det med ein innsamlingsperiode på tre månader.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Når innsamlingsaksjonen er over i mars, må dei på øya som tapar ta eit iskaldt sjøbad saman med sin assisterande rektor. Dette bildet er frå fjorårets bad. Foto: Cecilia Brurok/Hitra-Frøya
Når innsamlingsaksjonen er over i mars, må dei på øya som tapar ta eit iskaldt sjøbad saman med sin assisterande rektor. Dette bildet er frå fjorårets bad. Foto: Cecilia Brurok/Hitra-Frøya

– Innsatsen frå både Hitra- og Frøyarussen og dei andre vidaregåande skolane som deltar på aksjonen betyr svært mykje for oss, seier Eva Faanes, distriktssjef i Kreftforeininga i Trondheim.

– Det som er ekstra spesielt med Hitra og Frøya, er at det er to relativt små samfunn som bidrar med ein svært stor sum til kreftsaka, seier ho.

Til saman har øyane rundt 9600 innbyggarar.

Kva er det med Hitra og Frøya og innsamlingsaksjonen?

At Hitra og Frøya er to naboøyar som helst konkurrerer samme kva det gjeld, er den eine sida av saka. Det andre skjedde tre år tilbake i tid.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Thea Arntsen er leiar for innsamlingsaksjonen på Hitra. Nyttårsaftan i 2014 mista ho sjølv mor si i kreft. Foto Cecilia Brurok Hitra-Frøya
Thea Arntsen er leiar for innsamlingsaksjonen på Hitra. Nyttårsaftan i 2014 mista ho sjølv mor si i kreft. Foto Cecilia Brurok Hitra-Frøya

Nyttårsaftan 2014 mista årets aksjonsleiar på Hitra, Thea Arntsen, mor si Turid Frengen i kreft. Frengen hadde allereie vore sjuk i fire år. Ho var sjef ved sparebanken både på Hitra og Frøya, og mange kjente henne.

Samstundes, på naboøya Frøya, budde 19 år gamle Vilde Wedø Jektvik som hadde fått diagnosen leukemi samme haust. Ho skulle sjølv ha vore russ våren 2015. Men fire månader etter at den gong 15 år gamle Thea mista mor si i kreft, døydde Vilde Wedø Jektvik.

Artikkelen fortsetter under annonsen

At kreften ramma uventa på kvar si naboøy med fire månaders mellomrom, satte tungt preg på dei som budde på begge øyane.

– Folk vart verkeleg berørte av det. Det er eit nært og tett lokalsamfunn, så ein tek det innover seg, anten om det er i slekta eller om det er venninna di. Det var mange på begge øyane som kjente mamma, og det var mange som kjente Vilde, seier Thea Arntsen.

For ho sjølv vart det ekstra spesielt at ei ung jente på naboøya kjempa for livet, medan ho sjølv nettopp hadde mista mor si. Thea fortel at alle håpa at Vilde skulle klare seg.

– Det var absolutt nærast for dei på Frøya, men det var nært òg for oss på Hitra.

Ein inspirasjon for bebuarane

Vilde Wedø Jektvik hadde dømt dei i handball, og spela handballkampar mot dei. At ho hadde ein blogg, gjorde òg at ein fekk det tett på.

Bilde frå bloggen til Vilde Wedø Jektvik. «Sett dei positive tankane på repeat», var mottoet hennar.
Bilde frå bloggen til Vilde Wedø Jektvik. «Sett dei positive tankane på repeat», var mottoet hennar.

Bilde frå bloggen til Vilde Wedø Jektvik. «Sett dei positive tankane på repeat», var mottoet hennar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det var spesielt. Det var ekstra trist då ho òg døydde. Det var veldig mykje kreft og dødsfall i den perioden, minnast Thea.

Artikkelen fortsetter under annonsen

At Vilde Wedø Jektvik sjølv hadde oppretta eit fond for kreftforeininga, var noko som gav meining og inspirerte folket på Hitra og på Frøya til å fortsette innsamlinga.

– Det er rørande å høyre at Vilde har vore ein inspirasjon til Krafttak mot kreft, seier Kolbjørn Jektvik, far til Vilde.

Etter at Vilde døydde har familien vidareført ønsket hennar om å glede unge kreftsjuke over 18, og dei har passert 500.000 innsamla kroner til «Vildes Minnekonto». Pengane delar dei ut til unge kreftsjuke under behandling, og formålet skal gi «gleder i kvardagen». Det kan t.d. vere reiser, shopping eller konsertar. I år har dei òg starta ein aktivitet som heiter «Team Vildestyrke», der dei prøver å få med så mange som mogleg på ulike sykkelaktivitetar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Tanken om ho lever vidare fordi ho gjorde mykje og var engasjerte i saka. Ho var eit godt menneske, seier Thea.

Les også: Unge kvinner takkar ja til vaksine mot livmorhalskreft

Den viktigaste russeknuten vi har

I år har russen på Frøya sett seg mål om å samle inn 300.000 kroner, medan elevane på Hitra har sett seg mål om å få inn over 230.000 digitalt, innan dei avsluttar innsamlinga 8. mars.

Sara Meyer er leiar for innsamlingsaksjonen på Frøya. Foto: Privat.
Sara Meyer er leiar for innsamlingsaksjonen på Frøya. Foto: Privat.

– Er dette viktigare enn russebuss og anna russemoro?

– Ja, dette er den viktigaste russeknuten vi har. Den beste og den einaste. Eg tenker ikkje på russetida mi no, eg tenker berre på aksjonen, seier Sara Meyer.

Den 1. mars er sjølve dagen folk går med bøsse.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Alle på Frøya er veldig positive og vil gå med bøssa, seier ho.

– De er jo ein ganske liten plass med relativt få innbyggjarar. Korleis har de fått det til?

– Vi har mange store bedriftar på øya. Næringslivet her er villige til å gi veldig mykje. Både privatpersonar og bedriftene er veldig positive til å gi, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I tillegg er dei ivrige på å bleste saka i avisa. Delmål er også noko dei brukar ivrig.

– Da vi nådde 100.000, måtte ordførar Berit Flåmo synge ein eigenkomponert sang. Den vart publisert på Hitra-Frøya.no. Når vi når 150.000, har vi utfordra kreftressursane i kommunen til å hoppe i sjøen. På 200.000, har vi utfordra alle tilsette ved Guri Kunna vidaregåande avdeling Frøya til å danse «All the single ladies» av Beyoncé. Framfor alle elevane på skolen.

Mange seier «dåkk må gjer ting sjølv». Så neste delmål må vi kanskje finne på noko sjølve.

Les også: Kan vi stole på resultat frå kreftforskninga?

Siste innspurt

No er det innspurten som gjenstår før aksjonen blir avslutta den 8. mars.

– Vi følger jamnt og trutt med på kvarandre sine tall. Og ringer rundt til bedriftane og prøver å få dei til å gi mest mogleg til øya vår, seier Thea Arntsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg trur ikkje resultatet hadde vore i nærleiken om det ikkje var for konkurransen. Den skaper mykje engasjement. Men folk skjønar at det ikkje er det viktigaste, seier Arntsen.

– Det viktigaste er uansett å få inn mykje pengar. Folk synst det er fint å bidra til at kreftramma og berørte kan få betre liv.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Aksjonsleiaren på Frøya er einig:

– Uansett kven som taper så går pengane til det same, og eg er stolt over kor mykje som blir samla inn på både Hitra og Frøya, seier Meyer.

I fjor måtte Hitra for tredje år på rad sjå seg slått av Frøya. Noko av grunnen kan vere at Frøya har fleire private bedrifter på øya. Men dei følte det ikkje som eit nederlag, sidan aksjonen hadde gitt så mykje pengar til kreftsaka.

– Det gjer oss både audmjuke og svært takknemlege, seier Eva Faanes i Kreftforeininga.

Vipps­nummeret til Hitrarussens
innsamling er: 461038
Vipps­nummeret til Frøyarussens
innsamling er: 461039

Frøya og Hitra sine digitale innsamlingsaksjonar er opne til 8.mars.

Her kan du sjå korleis det står til med innsamlinga i ditt lokalområde!