Undersøking:Dette ser me etter i ein romantisk partnar

Personlegdom er viktigare enn utsjånad hos ein partnar, meiner norske kvinner og menn.
Personlegdom er viktigare enn utsjånad hos ein partnar, meiner norske kvinner og menn. Foto: Yana Lizunkova / Unsplash
Artikkelen fortsetter under annonsen

Menn og kvinner over heile verda er samde: Personlegdom er viktigare enn utsjånad.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det viser tal frå ei ny undersøking YouGov har gjennomført i Noreg og 19 andre land.

Faktisk er personlegdom høgare verdsett enn utsjånad blant begge kjønn i alle land – med eitt unntak: Vietnamesiske menn synest det er viktigast at partnaren er fin å sjå til.

Heile to av tre nordmenn, både menn og kvinner, svarar at personlegdom er det aller viktigaste dei ser etter i ein romantisk partnar. Noreg er eitt av landa der menn og kvinner i størst grad er samde om at personlegdom trumfar utsjånad.

Les også: Maria og Gard (21) trulova seg som 16-åringar

Undersøkinga viser likevel nokre kjønnsforskjellar: Menn prioriterer utsjånad høgare enn kvinnene gjer, medan kvinner er meir opptekne av at partnaren har god humor enn det menn er.

Kvinner bryr seg også noko meir om at partnaren har god inntekt.

325 norske menn og 308 norske kvinner har svart på undersøkinga. Under ser du kva dei har svart. Tala for dei andre landa i undersøkinga finn du på nettsidene til YouGov.