Meny

– Nasesprayen er viktig fordi den reduserer skadeomfanget av ein heroinoverdose

Desiree Madah-Amiri forskar på tilrettelegging for bruk av nalokson nasespray mot heroinoverdosar. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Desiree Madah-Amiri forskar på tilrettelegging for bruk av nalokson nasespray mot heroinoverdosar. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
I forskingsprosjektet til Desiree Madah-Amiri får rusmisbrukarar trening i å redde kvarandre.

Faktaboks

Desiree Madah-Amiri - Stipendiat ved SERAF, UiO

  • Forskingsprosjekt: Tilrettelegging for bruk av nalokson nasespray mot heroinoverdosar
  • Dings: Nasespray med nalokson
  • Forskingsprosjektet har si eiga nettside: stoppoverdoser.no.
  • Tilbodet skal innan slutten av 2017 dekke byane som hadde 55 prosent av overdosedødsfalla i 2015.
  • Over 3000 nasesprayar er delt ut sidan prosjektet starta i 2014.

– Mange har sett vener døy eller bli offer for ein overdose. Vi gir rusmisbrukarane opplæring som fortel at dei kan vere viktige for å redde liv, og det gir dei ei god kjensle, fortel stipendiat Desiree Madah-Amiri.

Framtida.no er på besøk hos senter for rus- og avhengeforsking (SERAF), der den amerikanske stipendiaten forskar på kva som må til for at fleire kan ta i bruk ein nasespray mot overdose.

– I Baltimore i USA arbeidde eg med sprøyteutdeling, i hovudsak med rusmisbrukarar og sexarbeidarar. Noko av det viktigaste for dei var tilgang til reint utstyr. Det var også der eg såg legemiddelet nalokson til bruk ved heroinoverdosar for første gong, seier 32-åringen.

(Saken fortsetter under)

VIDEO: Kim Jørgen Arnetvedt fortel korleis han redda ein kamerat frå overdose ved hjelp av nalokson. Video: Helsedirektoratet

Motgift slik at pusten kjem tilbake

Ved ein heroinoverdose mistar kroppen signala om å puste. Istaden for 12-14 andedrag i mintuttet, går pustefrekvensen ved ein overdose ned til 4 eller færre innpust per minutt. Offeret vert umedviten, og dersom personen ikkje får pustehjelp kan offeret døy av kvelning.

Nalokson gjer at signala om å puste som normalt kjem tilbake. Motgiften er effektiv i 30 til 90 minutt, medan heroinet kan ha effekt i fleire timar. Faren er altså ikkje over, sjølv om overdosen vert avverga.

– Rusmisbrukarar kan redde venene sine før ambulansen kjem, seier Madah-Amiri ved. Foto: Åsmund H. Eikenes
– Rusmisbrukarar kan redde venene sine før ambulansen kjem, seier Madah-Amiri ved. Foto: Åsmund H. Eikenes

– Nalokson gir berre midlertidig hjelp fram til ambulansen kjem, forklarar Madah-Amiri.

Tida er viktig, for det kan ta mange minutt før medisinsk personell er på plass. Nasesprayen gjer at personen får puste i den kritiske tida mellom offeret sluttar å puste, og ambulansen kjem. Det nye med forskingsprosjektet er at det ikkje er ambulansearbeidarane som gir nalokson til overdoseoffera. I staden skal brukarane gi motgiften til kvarandre dersom dei er vitne til ein overdose.

– Dei kan redde venene sine før ambulansen kjem, seier Madah-Amiri.

Les også:  Du kan få hull i neseskilleveggen

277 reverserte overdosar

Satsinga er finansiert av Helsedirektoratet, og er ein del av den nasjonale strategien for å redusere overdosedødsfall i Noreg. Nyleg vart Tromsø inkludert i prosjektet, og opplæring og utdeling av nasesprayen skjer i heile 12 norske kommunar.

I januar publiserte Madah-Amiri og kollegaene hennar ein forskingsartikkel som omtalar resultata frå det første halvanna året, til og med desember 2015. Eitt av dei slåande resultata er 277 reverserte overdosar ved bruk av nalokson.

I staden for ei sprøtye, vert motgiften gitt som ein nasespray. I kvar pakning er det fem dosar og instruksar til korleis bruke den. Etter å ha ringt 113 og gitt pustehjelp, får offeret ein dose i kvart nasebor. Dersom han eller ho ikkje vaknar eller startar å puste innan to minutt, er tilrådinga å gi to nye dosar. Foto: Åsmund H. Eikenes
I staden for ei sprøtye, vert motgiften gitt som ein nasespray. I kvar pakning er det fem dosar og instruksar til korleis bruke den. Etter å ha ringt 113 og gitt pustehjelp, får offeret ein dose i kvart nasebor. Dersom han eller ho ikkje vaknar eller startar å puste innan to minutt, er tilrådinga å gi to nye dosar. Foto: Åsmund H. Eikenes

Madah-Amiri ventar framleis på data som kan fortelje om nasesprayen reduserer dødsfall som følgje av heroinoverdosar. Berre mellom fem og ti prosent av heroinoverdosar er døydelege, men også dei gongane der offeret vaknar til medvit av seg sjølv, kan hendinga ha alvorlege konsekvensar.

– Nasesprayen er viktig fordi den reduserer skadeomfanget av overdosen, seier stipendiaten.

Les også:  Høy risiko for overdoser blant tidligere innsatte

– Sjekk om dei er OK

Ho håpar at forskingsresultata føer til ei utviding av prosjektet med å gjere nasesprayen tilgjengeleg for brukarane i rusmiljøet. Skotland har til dømes eit offentleg program for nasesprayen som del av strategi for å redusere overdosedødsfall, og viser ein måte tiltaket kan organiserast på.

– Draumen er at alle veit korleis dei skal bruke nasesprayen, og at alle som kan trenge ein, har ein, seier Madah-Amiri.

Til alle andre har ho følgjande oppfordring:

– Dersom du ser nokon på gata som søv eller som ser ut til å ikkje vere bevisste, sjekk om dei er OK. Dersom dei kan snakke til deg, spør om dei treng hjelp. Dersom du ikkje får svar, treng dei ein ambulanse.

Les fleire intervju i serien Vis meg ein DINGS

Les også: 

På tide å knekke myter om aldring

– Nei, kokosolje og sitronjuice får ikke fargen tilbake i grått hår

Klarer du disse spørsmålene om helse?

Saken er opprinnelig publisert på Framtida.no

Annonse
Populært