Ny angrepille skal ta knerten på kjønnssjukdommar

DoxyPEP kan minke risikoen for seksuelt overførbare sjukdomar etter ubeskytta sex.
DoxyPEP kan minke risikoen for seksuelt overførbare sjukdomar etter ubeskytta sex. Foto: Camilla Ramos, sketchify, Framtida.no
Artikkelen fortsetter under annonsen

San Francisco tilrår no særleg sårbare grupper å ta antibiotikumet doxyPEP etter ubeskytta sex.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

San Francisco har offisielt tilrådd medikamentet doxyPEP, for første gong i USA. Det er ei angrepille – ikkje mot uønskt graviditet, men mot kjønnssjukdommar.

Om ein enkeltdose av doxyPEP vert teken innan 72 timar etter ubeskytta sex, så går risikoen for å få infeksjonar som klamydia, syfilis og gonoré mykje ned.

88 prosent færre klamydiatilfelle

Antibiotikumet i doxyPEP heiter doksycyklin. San Francisco-avdelinga ved Universitetet i California har gjennomført ein studie over kor effektivt doksycyklin er. Studien vart avslutta tidleg fordi resultata var så klåre.

Resultata synte at studiedeltakarane som fekk doxyPEP hadde vesentleg færre infeksjonar, enn dei som ikkje tok medikamentet.

Blant hiv-negative deltakarar, minka førekomsten av klamydia med 88 prosent om ein brukte doxyPEP. Syfilis minka med 87 prosent, og gonoré med 55 prosent.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tala var litt annleis hjå deltakarar som er hivpositive. Då fall førekomsten av klamydia med 74 prosent, syfilis med 77 prosent og gonoré med 57 prosent.

Til lokalavisa Bay Area Reporter fortel Dr. Stephanie Cohen at tilrådinga er ein viktig og innovativ folkehelse-strategi. Ho er medisinsk direktør hjå San Francisco City Clinic.

– Vi håpar doxyPEP kan hjelpe oss å snu kjønnssjukdom-epidemien som vi så lenge har slite med i San Francisco og elles i landet, seier ho til lokalavisa.

Førebels har antibiotikumet berre vorte testa blant menn som har sex med menn og transkvinner, fordi desse gruppene har høgare risiko for infeksjon, ifølgje nyheitsnettstaden VOX. Ein pågåande studie i Kenya granskar effekten på ciskvinner.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Faren for antibiotikaresistens

Antibiotikumet doksycyklin har vorte nytta i mange tiår allereie, men for å behandle andre sjukdommar. Mellom anna mot kviser, den flåttborne sjukdomen borreliose og for å førebyggje mot malaria.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nokre fryktar at meir bruk av doksycyklin, som ved utbreidd bruk av doxyPEP, skal føre til meir antibiotikaresistens.

Verdas helseorganisasjon har slått fast at antibiotikaresistens er ein av dei største helsetrugslane verda står overfor. Innan 2050 er det spådd at det på verdsbasis vil ta livet av fleire folk enn kreft.

– Eg hadde elska om det var trygt, for eg er ein lege som arbeider med seksuelt overførbare sjukdommar. Men eg vil ikkje fortelje pasientane mine «Sjå her, dette er ein vedundermedisin», før vi har spikra det. Og eg trur ikkje vi er der på nokre år, seier lege i infeksjonsmedisin Chris Kenyon til VOX.

Kenyon frå Universitetet i Antwerpen har spesialisert seg på antibiotikaresistens blant seksuelt overførbare patogen. Han er blant legane som etterlyser meir forsking på følgjene av at mange brukar doxyPEP.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Andre ekspertar igjen påpeikar at å dvele for mykje med resistensrisikoen nektar marginaliserte grupper alternativ dei treng.

– Av ein eller annan grunn, når det gjeld homofile menn si seksuelle helse, så plasserer vi alltid teoretiske risikoar høgare enn det som faktisk skjer i miljøet , uttala infeksjonsmedisin-legen David Holland ifølgje VOX.