Ny rapport: Noreg har Europas tredje beste helsevesen

Ergometersykkel og EKG-måling ved sengeposten på hjartemedisin ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg Tromsø. Illustrasjonsfoto: Jan Fredrik Frantzen, UNN.
Ergometersykkel og EKG-måling ved sengeposten på hjartemedisin ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg Tromsø. Illustrasjonsfoto: Jan Fredrik Frantzen, UNN.
Artikkelen fortsetter under annonsen

… men får kritikk for å driva dyrt og ineffektivt. Helseøkonom er ikkje einig.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Norsk velstand og høge utgifter per innbyggjar på helsevesen ser ut til å løna seg.

Det slår den svenske tenketanken Health Consumer Power House fast i den årlege rapporten European Health Consumer Index for 2018.

Rapporten brukar 46 ulike indikatorar for å samanlikna helsevesenet i 35 europeiske land.

På førsteplass ligg Sveits, medan andreplassen går til Nederland. Desse to landa har skifta plass sidan fjorårets rangering. Noreg har på si side dytta danskane ned frå topp tre.

Nedst på lista ligg Albania, som ifølgje rapporten har veldig avgrensa ressursar innan helsevesenet.

Leiar for Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo, Terje P. Hagen, meiner Noreg fortener den høge plasseringa. Foto: Øystein Horgmo, UiO
Leiar for Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo, Terje P. Hagen, meiner Noreg fortener den høge plasseringa. Foto: Øystein Horgmo, UiO

Leiar ved institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo, Terje P. Hagen, meiner at rangeringa er god trass i at den ikkje er blant dei mest anerkjente.

– Dei treff ganske godt. Hovudresultatet er i tråd med andre rangeringar, seier Hagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Rapporten baserer seg på anerkjente kjelder som WHO (Verdas helseorganisasjon) og OECD i tillegg til eigne data.

Les også: Kreftforeningen skuffa over at regjeringa droppar solarieforbod

Høg overleving

Hagen forklarar òg den gode plasseringa med at Noreg brukar mykje pengar på helsevesen og får avkasting av dette.

– Me har god overleving på lidingar som råkar store pasientgrupper, til dømes hjarteinfarkt, slagbehandling og kreft, forklarar helseøkonomen.

Noreg får særleg gode skussmål for pasientrettar og har stige på rangeringa i takt med at helsekøane har gått ned. Likevel kritiserer rapportforfattarane Noreg for å driva dyrt og ineffektivt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette meiner Hagen ikkje nødvendigvis er korrekt. Han peikar på at Noreg har eit helsevesen som inkluderer tenester som andre gjerne reknar inn under sosiale tiltak, til dømes omsorg for yngre brukarar med psykisk utviklingshemming.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les meir: Forbrukarrådet meiner digital kommunikasjon mellom lege og pasient kan gi milliardinnsparing

Dyrt og desentralisert

Han peiker òg på at det er særleg vanskeleg å samanlikne omsorgstenester, dersom ein ikkje ser på summen av ulike tilbod som sjukeheimsdekning, omsorgsbustad og heimetenester.

– Det er det totale tilbodet av tenester som er viktig. Med høgt lønsnivå og desentralisert busetting er det dyrt å drive helsevesen. Sveits og Nederland er lettdrivne land sidan dei er små land med relativt konsentrert busetting. Begge desse brukar mykje ressursar på helse, men eg er uviss på om dei har like gode omsorgstenester som i Noreg.

Les også om Hardanger ungdomsråd som krev lovfesta responstid for amulanse: – Det står om liv og død

– Det er faktisk noko som står om liv og død. Det er ikkje berre eldre som kan skada seg. Det gjeld oss òg, eller det kan vera besteforeldra våre, seier Marte Kristoffersen (16) frå Granvin ungdomsråd (andre frå høgre), saman med (frå venstre) Tiril Eiken frå Jondal, Bjørk Thorbjørnsen frå Ulvik, Oda Medhus frå Eidfjord og resten av Hardanger Ungdomsråd er ho på Stortinget for å løfta saka.