Skottland gjev gratis bind og tampongar til studentar

Storbritannia har varsla at den såkalla «tampongskatten» er noko av det første som forsvinn når landet går ut av EU.
Storbritannia har varsla at den såkalla «tampongskatten» er noko av det første som forsvinn når landet går ut av EU. Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox / Illustrasjonsfoto: Colourbox
Artikkelen fortsetter under annonsen

Éin av fire skotske elevar og studentar har slitt med å få tak i bind og tampongar. 

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Som første land i verda innfører Skottland gratis bind og tampongar til alle elevar og studentar, melder The Guardian.

Regjeringa har sett av 5,2 millionar pund på å dekkje sanitærkostnadane for landets elevar og studentar.

Les også: Kjære Bent Høie og Nikolai Astrup, la oss snakke om mensen!

Éin av fire har slitt med å få tak i sanitærprodukt

I fjor starta Skottland eit pilotprosjekt der sanitærprodukt vert delt ut gratis til låginntektsfamiliar.

I mai i år vart bind og tampongar gratis tilgjengeleg for tilsette og besøkjande i det skotske parlamentet.

Og no vert altså bind og tampongar gratis tilgjengelege for alle 395.000 skotske elevar og studentar på lærestadar. Dette gjeld frå og med haustsemesteret 2018.

Ifølgje ei undersøking gjort av organisasjonen Young Scot har éin av fire elevar på skular, universitet og høgskular i Skottland hatt problem med å få tak i sanitærprodukt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Aileen Campbell i Scottish National Party (SNP) er minister med ansvar for lokalsamfunn. Ho meiner det er uakseptabelt at personar i Skottland ikkje har råd til bind og tampongar.

– Vår investering på 5,2 millionar pund betyr at desse essensielle produkta vert tilgjengelege til dei som treng dei på ein skånsom og verdig måte, som vil gjere det enklare for studentar å fokusere fullt ut på studia sine, seier Campbell i ei pressemelding .

Initiativet er eit samarbeid mellom den skotske regjeringa og organisasjonane COSLA, Colleges Scotland, Universities Scotland og the National Union of Students.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: AUF Nordland: Krevjer at staten betalar for mensen

Fjernar skatt på tampongar etter Brexit

Såkalla period poverty står høgt på agendaen i Storbritannia om dagen. Sanitærprodukt, som bind og tampongar, er i dag skatta på 5 prosent.

VAT-skatten (Value Added Tax) vart innført i 1973 og er i dag på det lågaste nivået som er lov etter EU sine skattereglar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I 2015 samla aktivisten Laura Coryton inn 320.000 underskrifter for å kutte «tampongskatten».

Som følgje av dette byrja Storbritannia å jobba inn mot EU for å få fjerna skatten.

Ifølgje avisa The Sun har likestillingsminister Victoria Atkins sagt at «tampongskatten» vert kutta så snart Storbritannia går ut av EU.

Det ser likevel ut til at britiske kvinner må halde fram å betale «tampongskatt» fram til 2022.

Før den tid har fleire store butikkjeder kutta prisane på sine produkt tilsvarande skatten.

I USA har kampanjen Period Equity fått modellen Amber Rose med i kampen mot «luksusskatten»:

Les kommentaren: Hipp hurra for mens!

«Luksusskatten»

Fleire land reknar ikkje sanitærprodukt som absolutt nødvendige og skattar bind og tampongar som såkalla «luksusprodukt».

Canada fjerna denne «luksusskatten» i 2015. Både i Australia og New Zealand vert det same debattert.

I USA er det framleis 36 statar som har «luksusskatt» på sanitærprodukt, ifølgje kampanjen Period Equity .

Her kan du sjå vloggar Ingrid Nilsen konfrontera dåverande president Obama med «luksusskatten»: