Ni av ti pustar inn skitten luft

Et skilt fra Dieselstrasse (Dieselgaten) i den tyske byen Wolfsburg, der Volkswagen har sitt hovedkontor. Om få dager vil det være forbudt for gamle dieselbiler å kjøre i to av Hamburgs mest trafikkerte gater. Foto: Markus Schreiber / AP / NTB scanpix
Et skilt fra Dieselstrasse (Dieselgaten) i den tyske byen Wolfsburg, der Volkswagen har sitt hovedkontor. Om få dager vil det være forbudt for gamle dieselbiler å kjøre i to av Hamburgs mest trafikkerte gater. Foto: Markus Schreiber / AP / NTB scanpix Foto: NTB scanpix
Artikkelen fortsetter under annonsen

Spesielt éi årsak til at USA kjem langt betre ut enn Europa.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sju millionar dør kvart år fordi dei pustar inn skitten luft. Rundt halvparten av desse dødsfalla skuldast finstøv frå matlaging i utviklingsland. Ved sida av det er industri og trafikk dei to største finstøvkjeldene.

Det går fram av ei global undersøking som Verdas Helseorganisasjon(WHO) gjorde offentleg tidlegare i år.

Ni av ti skal vera utsett for forureina luft, konkluderer organisasjonen.

Smog over eit industriområde i Barcelona. Barcelona er ein av dei europeiske byane som opplever mykje luftforureining. Foto: Rudoni Productions/Flickr/CC BY-SA 2.0
Smog over eit industriområde i Barcelona. Barcelona er ein av dei europeiske byane som opplever mykje luftforureining. Foto: Rudoni Productions/Flickr/CC BY-SA 2.0

Andelen byar som overskrider grenseverdiane er dessutan vesentleg høgare i Europa enn i USA. Meir enn 60 prosent av europeiske byar låg over, medan talet var rundt 20 prosent for USA, viser ein WHO-rapport frå 2016.

Også byar i meir velståande asiatiske land som Japan, Singapore og Korea kom betre ut enn byar her på kontinentet.

Diesel dominerer i Europa

Årsaka er enkel: Diesel som drivstoff er mykje meir utbreidd i Europa enn andre stader.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv om diesel har vist seg å sleppa ut mindre av den skadelege klimagassen CO₂ enn bensin, gir diesel høgare utslepp av NOx-gassar – såkalla nitrogenoksid.

NOx-gass er giftig for menneske å inhalera alt ved låge konsentrasjonar. Ikkje minst er gassen ansvarleg for danninga av «smog» og brune skyer som ofte oppstår i byområder. NOx bidrar i tillegg til sur nedbør og forsuring av jord og vatn.

Mykje av grunnen til dieseldominansen er den mektige tyske bilindustrien.

Det var på apar av typen makak at tre tyske bilkonsern bestilte dyretesting. Foto: Kevin Sauve/Flickr/CC BY-NC 2.0
Det var på apar av typen makak at tre tyske bilkonsern bestilte dyretesting. Foto: Kevin Sauve/Flickr/CC BY-NC 2.0

Etter avsløringane om at fleire tyske bilprodusentar hadde installert programvare i dieselbilar som gjorde at dei framstod meir miljøvenlege enn dei var, har industrien mista mykje tillit.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det gjorde ikkje saka betre at ei lobbygruppe beståande av Volkswagen, Daimler og BMW gav forskarar i oppdrag å isolera ti makak-apar i knøttsmå, lufttette kammer, for så å eksponera dei for eksos i fire timar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Målet var å utfordra ein WHO-rapport som peika på skadepotensialet til dieselforbrenning. Seinare kom det fram at industrien hadde utført liknande eksperiment på menneske.

Forsøka blei utført med programvaren som var utforma for å juksa på utsleppstestane.

Truleg fekk ikkje selskapa utfallet dei var ute etter: Resultata blei aldri offentleggjort.

Les også: Smog får folk til å immigrere.

Hamburg først ute med dieselforbod

Etter årevis med grelle overskridingar av grenseverdiane for luftforureining, klaga EU-kommisjonen i år inn Tyskland og fem andre EU-land til EU-domstolen. Tyskland fekk i tillegg refs for sin reaksjon på dieselskandalen, skriv Deutsche Welle.

Medan grenseverdien ligg på 40 µg/m3, var nivået i München i fjor rundt det dobbelte.

Også Berlin, Hamburg, Stuttgart og Köln ligg langt over det tilrådde nivået. Tysklands føderale høgsterett for offentlegrettslege spørsmål – Bundesverwaltungsgericht – slo i februar fast at byar nå fekk høve til å innføra lokale dieselforbod for å betre luftkvaliteta.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Frå 31. mai av blir Hamburg første tyske by som innfører eit slik dieselforbod. Det vil gjelda to spesielt trafikkerte gater. Spesielt gamle køyretøy som ikkje innfrir dei såkalla Euro 6-krava blir i første omgang råka av forbodet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er venta at Hamburg vil bli den første tyske byen i ei lang rekke til å innføra slike tiltak.

Les også : Åtte ting du må vite om luftforureining.

– Bilpolitikken me fører i dag er dødeleg

– Det viktigaste ein kan gjere for å minska luftforureininga er å redusera biltrafikken. Som i Oslo bør ein legga opp til fleire bilfrie gater og områder.

Det seier leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord.

– På sikt bør ikkje andre enn utsleppsfri bilar få køyra i byane, og ein må fordela meir pengar til kollektivtransport og sykkelvegar.

Gaute Eiterjord er leiar i miljøorganisasjonen Natur og Ungdom. Foto: Natur og Ungdom
Gaute Eiterjord er leiar i miljøorganisasjonen Natur og Ungdom. Foto: Natur og Ungdom

I Norge er hovudårsaka til dårleg luftkvalitet vegtrafikken, vedfyring og langtransportert forureining. Det melder Miljødirektoratet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Kan det vera aktuelt med forbod mot fossilbilar?

– Det kan vera det. I alle fall bør ein innføra fleire lågutsleppssonar der diesel ikkje er lov. På dagane med aller verst luft bør ein innføra datokøyring og auka bompengane.

– Me må hugsa på at bilpolitikken me fører i dag er dødeleg. Det hastar med å gjera noko, seier Eiterjord.

Lufta blir jamt betre – i alle fall i Oslo

Sjølv om lufta i Oslo og fleire andre norske byar ofte ligg over det som er lovleg og tilrådingane frå helsemyndigheitene, var lufta klart verre før. Det viser faktasjekken til faktisk.no.

Først og fremst når det gjeld svevestøv er lufta reinare. For dei helsefarlege NOx-gassane er tala meir usikre, melder faktasjekkingsnettstaden.

Så seint som i 2015 blei Norge dømt i EFTA-domstolen for manglande oppfølging av EUs luftkvalitetsdirektiv.

Folkehelseinstituttet rapporterte i 2016 at mellom 69 og 291 Oslo-borgarar døydde for tidleg det året grunna luftforureining.

Saken er opprinnelig publisert på framtida.no