Medelevar kopla hjula av rullestolen hennar

Sofie Jansen (22) måtte vente lenge på å kjenne seg verdsett. Foto: CP-Foreningen/Margaretha Nicolaysen
Sofie Jansen (22) måtte vente lenge på å kjenne seg verdsett. Foto: CP-Foreningen/Margaretha Nicolaysen Foto: CP-Foreningen/Margaretha Nicolaysen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sofie Jansen (22) har Cerebral parese. Ho fekk det tøft på skulen, med mykje mobbing og utanforskap. Så kom ho på folkehøgskule.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den positive og skuleflinke jenta frå Voss har hatt det tøft.

Sofie føler at mobbinga alltid har vore der. Allereie i barnehagen merka ho at dei andre borna gjerne heldt seg inne med henne når det var snø, berre fordi dei ville leike med dei kule hjelpemidla hennar.

Les også: Vart grovt mobba kvar dag: – Dei kalla meg døvjævel

– Eg hadde ei datamaskin med ei stor mus, den ville dei andre borna leika med, fortel ho til Framtida.no.

Fekk ikkje vera med

– Me skulle vera fadrar for fyrste klasse. Dei andre leikte med kvarandre. Eg var mest saman med fadderbarnet mitt, fordi eg ikkje fekk vera med dei andre, fortel Jansen.

Ho huskar godt eine gongen jentene stengde henne ute frå gjengen.

– Dei andre jentene sat på ein benk ved eit bord og spelte kort. Eg spurde om å få vera med. Dei sa berre nei, det fekk eg ikkje. Eg gjekk attende og sette meg ned på ein benk lengre borte, seier Sofie.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho er usikker kor mykje ho forstod av det som skjedde på barneskulen, men det gjorde vondt.

– Eg var så liten at eg forstod på ein måte ikkje alvoret i det. Men eg hadde ein lærar som sa at eg måtte få vera med dei andre. Så eg følte at lærarane prøvde å gjera noko, men eg trur ikkje dei forstod kor vondt det var, fortel ho.

På ungdomskulen vart det verre

– Jenter i den alderen kan vera så stygge og frekke med kvarandre. Eg hugsar at dei stod i ein ring og snakka, og når eg kom bort vart dei heilt stille, seier Sofie.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I kantina hadde dei nokre høge barkrakkar. Der sat dei andre jentene ofte i friminutta.

– Me hadde òg vanlege bord og stolar, men jentene sette seg alltid på dei høge barkrakkane. Eg spurde om me kunne setje oss ved dei låge borda, men det ville dei ikkje.

Sofie er usikker på jentene handla bevisst, men ho enda opp med å stå ved dei høge barkrakkane med gåstolen sin.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Krev at skulane gjer meir mot mobbing

Ho er usikker på kva lærarane kunne gjort

Ho er usikker på kva lærarane kunne gjort annleis. Lærarane prøver gjerne å kalle jentene inn for å prata med dei, og ofte får ein høyre er at det vil verta betre

– Erfaringa mi er at då vert det gjerne verre. Jentene pratar gjerne saman i ettertid, og så vert det verre. Det er veldig vanskeleg å vite kva ein kan gjera med det. Jentene i den alderen er i puberteten, og det førekjem ofte skjult mobbing i den alderen. Lærarane prøvde jo, men dei kunne ikkje ta det når dei ikkje såg noko, fortel ho.

– Eg var mykje åleine, men eg fann ei jente i ein annan klasse. Ho hadde innvandrarbakgrunn, og var veldig stille og sjenert. Det hjalp jo, men ho hadde sine reglar og normer frå sin kultur, så det var ikkje alt ho var med på, seier Jansen.

Vart leiar i Ten Sing

– Då eg begynte i åttande klasse fekk eg vera meg sjølv og visa at eg har noko å bidra med eg òg. Eg var med i kor og spela drama. Etter to år vart eg leiar der, og fekk ansvar for ei gruppe. Folk såg meg, seier Sofie.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men på skulen vart det ikkje betre.

– Alle sa at når du kjem på vidaregåande, då vert det bra. Eg tenkte at då skal eg tru på det. Men eg hamna i ein pøbelklasse som ofte fekk besøk av rektor. Folk var så barnslege. Eg hadde trudd at dei var litt meir vaksne, men når folk skrur av hjula på stolen min, berre på pur faen, då er det noko som ikkje stemmer.

Les også: Oppmodar fylka til å søkja om mobbeombod

På ungdomskulen hadde klassen et bra snitt og det var gode diskusjonar i timane. Det var ganske bra, synest Sofie, når læraren var tilstades.

– Men på vidaregåande fekk du eit stygt blikk om du sa noko i klassa. Det var ikkje lov å vera flink, fortel Sofie.

Det førte til at ho slutta å svara på spørsmål i klassa. Ho gjekk og sa i frå til læraren at det ikkje var det at ho ikkje ville svara, men at ho ikkje orka fordi då fekk ho så mange stygge blikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lærarane sa at dei forstod, og sa at dei hadde prøvd å be elevane sine om å fylgja meir med i timane. Men det var få som tok skulen seriøst. Det ville Sofie:

– Eg klarte å halda eit bra nivå på karakterane mine. Eg jobba hardt. Eg var veldig bevisst på at dette ikkje skulle gå utover karakterane.

– Folkehøgskulen såg oss, ikkje hjelpemidla våre

Vendepunktet kom då ho valde å gå på Lundheim folkehøgskule.

– Eg kom til ein plass der alle hadde lov til å vera seg sjølv, seier ho.

På Lundheim folkehøgskule har 30 prosent av elevane nedsett funksjonsevne, resten er funksjonsfriske.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det var ekstra spennande å byrja der. Tenk om det faktisk vart verre enn før. Slik vart det ikkje, det vart stikk motsett. Eg har så gode vener derfrå. Dei såg oss, og ikkje hjelpemidla våre. Min besteven derfrå pratar eg med nesten kvar dag.

Sofie meinar den store forskjellen her, er at folk har valt skulen fordi dei har lyst. Det var eit friår for mange.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Mange spør kvifor ein vel å gå på folkehøgskule og reiser rundt og latar seg. Då seier eg at det tvert i mot er eit år du veks utruleg mykje på. Eg lærte så mykje om meg sjølv. Eg fekk prøve meg i heilt andre settingar enn før.

Berre det å flytte heimanfrå, til slike trygge omgjevnadar, synest Sofie var godt. Samspelet og forholdet til lærarane var heilt annleis enn på vidaregåande.

– Her hadde lærarane tid til deg. Du vert nesten eit bonusbarn for dei, seier ho.

Vossajenta har reist mykje, til dømes til Asia og Kina.

– Mange med same diagnose har lurt på korleis eg fekk det til. Denne turen var tilrettelagt, og folk var med og dytta rullestolar. Dei bar folk opp på muren, liksom. Det viser det gode samhaldet ved skulen. Kinaturen er nok det mest fantastiske Lundheim har.

– Ikkje gje opp

No studerer Sofie ergoterapi i Sandnes. Klassa er liten og veldig etablert, synest ho. Både klassemiljøet og samarbeidet er godt. Sofie finn også tid til aktivitetar utanfor studiane:

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg har byrja med rugby saman med paralympics-laget, og eg har mange vener her, seier ho.

Sofie sitt råd til andre som opplever mobbing, er at ein må ikkje gje opp. Det vert betre.

– Folk vert vaksne, det er berre ulikt når me vert det. Etterkvart ser folk verdien i oss, ikkje berre stokkane, rullatoren, eller hjelpemidla. Dei ser personen. Då vert ting fantastisk. Då vert ein sett pris på for den personen ein er.

Saken er først publisert på Framtida.no