Meny

CRISPR-teknologi testa på pasient for første gang

Levende, genmodifiserte immunceller har blitt testet på en lungekreftpasient i Kina. Illustrasjonsfoto: Toshiyuki Imai / Flickr / CC-BY.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Oppsiktsvekkande forsøk med genmodifiserte immunceller, der ny teknologi er tatt i bruk i menneske for første gang.

Ein kinesisk kreftpasient er den første i verda til å teste behandling med celler genmodifisert med CRISPR-teknologien. CRISPR-teknologien er ei svært presis gen-saks som gjer forskarar i stand til å endre genene i levande celler.

Kreftforskar Lu You ved Sichuan University i Chengdu står bak forsøket, rapportert av Nature denne veka. Etter planen skal You og teamet hans gi genmodifiserte immunceller til ti personar, og så følge dei over seks månader.

Les også: – Det største som har skjedd innen kreftfeltet det siste tiåret

Liknar immunterapi

I forsøket har teamet henta ut immunceller frå ein pasient med lungekreft og så brukt CRISPR-teknologien for å genmodifisere immuncellene i laboratoriet. Deretter har forskarane gitt dei genmodifiserte immuncellene tilbake til pasienten.

I første omgang er målet å vurdere korleis dei ti pasientane reagerer på dei genmodifiserte cellene. For å undersøke om behandlinga har effekt, trengs det større og meir omfattande undersøkingar.

Hos nokre pasientar med lungekreft har ny behandling med immunterapi vist seg å ha god effekt. Då får pasientane eit legemiddel (eit antistoff) som skrur av ei antenne på immuncellene. Utan denne antenna, kalla PD-1, klarar ikkje kreftcellene å gøyme seg frå immunforsvaret.

Les også: Lagar sperm på labben

Genmodifiserte immunceller

Ved å bruke CRISPR-teknologien har det kinesiske teamet fjerna genet for den viktige antenna i immuncellene. Målet er at slike genmodifiserte immunceller skal klare å oppdage og drepe lungekreftcellene endå betre enn immunterapi med legemiddel.

Ein liknande studie med CRISPR-teknologi og immunceller har fått godkjenning og skal etter planen starte opp i USA tidleg i 2017.

Les også:  Forskere vil lage sykdomsresistente jordbær

– Svært raskt

– Det er berre fire år sidan CRISPR-teknologien vart lansert, og at den allereie no er teke i bruk på menneske er ganske oppsiktsvekkande. Det viser at det er stor tru på metoden innan sjukdomsbehandling, seier Sigrid B. Thoresen, seniorrådgivar i Bioteknologirådet.

Thoresen trur resultata frå studien vil kome raskt, og at metoden kanskje også kan bli tilgjengeleg i Noreg ein gong i framtida.

– Det er vanskeleg å spå korleis og kor raskt dette vil gå, men CRISPR-feltet flyttar seg svært raskt, seier ho.

Les også: Unge kvinner får vaksine mot kreft

Helse og livsstil
Populært