Meny

Innvandrarar har lågare risiko for å døy

Forskarane vart overraska over å finne at innvandrarar samla sett har 20 prosent lågare dødelegheit enn den øvrige befolkninga i Noreg. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Unge, ugifte innvandrar utan barn har lågare risiko for å døy enn tilsvarande grupper i resten av befolkninga.

Dødelegheit handlar om kor mange i ei gruppe som døyr i løpet av ein periode. Ny forsking av Statistisk sentralbyrå, NAKMI og Folkehelseinstituttet syner at innvandrarar samla sett har 20 prosent lågare dødeligheit enn resten av befolkninga i Noreg.

Dei sunnaste migrerer

Forskarane har undersøkt dødelegheita blant innvandrarar, norskfødde barn av innvandrarar og resten av befolkninga. Dei ville sjå om dødeligheit varierte med opprinnelsesland, butid i Noreg, og andre faktorar som familiebakgrunn og utdanning.

Les også: Han drøymde om eit verdig liv

Særleg unge, ugifte og barnlause innvandrarar hadde låg dødelegheit samanlikna med tilsvarande grupper i resten av befolkninga, skriv SSB på sine nettsider. Ifølgje forskarane kan dette vere fordi denne gruppa inkluderer ein del personar som har kome til Noreg for å ta utdanning eller arbeid, og som kan tenkjast å vere ei ressursterk gruppe i utgangspunktet.

Dårlegare helse dess lengre ein bur i Noreg

Forskarane vart overraska over å finne at innvandrarar samla sett har 20 prosent lågare dødelegheit enn den øvrige befolkninga i Noreg. Det er variasjon mellom innvandrarargrupper frå ulike land, butid og sosioøkonomiske kjenneteikn, men ingen av gruppene har høgre dødelegheit enn resten av befolkninga, skriv SSB på sine nettsider.

Innvandrar som har budd i Noreg i kort tid har lågast dødelegheit. Dette endrar seg når butida aukar, og etter kring 25 år i Noreg er den like høg som for dei utan innvandrarbakgrunn. Ifølgje forskarane kan dette tyde på at det er dei friskaste og sunnaste som migrerer til Noreg i utgangspunktet. I tillegg tyder det på at helsa vert dårlegare etter at innvandrarane kjem til Noreg.

Studien er publisert i tidsskriftet Demographic Research.

Les også: Integrert flinkis eller kriminell innvandrar?

Helse og livsstil
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus