Stilling: Profesjonell kosar

Samantha Hess jobber som profesjonell kosar. Foto frå nettsida hennar
Samantha Hess jobber som profesjonell kosar. Foto frå nettsida hennar
Artikkelen fortsetter under annonsen

Samantha Hess får betalt for å ligga i skei i ein time. Dystert for samfunnet, meiner psykolog.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Business Insider skriv om Samantha Hess som har skapt sin eigen jobb i håp om å hjelpa andre. Ho er ein profesjonell kosar, og står bak nettstaden «Cuddle Up To Me».

For 60 dollar kan Samantha leigast inn i ein time for å kosa – men ikkje noko meir enn kos. På heimesida spesifiserer ho at dette ikkje er ei seksuell teneste, men meint for å gi deg kjensla av å ikkje vera åleine.

Les også: Kvar fjerde student er einsam

«Come To Mama»

– Det handlar ikkje om den vaksne befølinga, seier Hess til CNN i reportasjen under, der ho demonstrerer teknikkar som «Come To Mama» og «Tandemsykkelen».

Det var i 2013, då «Cuddle Up To Me» var nystarta – sidan den gong har bedrifta tatt meir av, og koseteknikkane har havna i ei eiga bok.

Les også: – Einsemd blant unge er eit stort problem

Luksusklem

Psykolog Jan Martin Berge trur det er symptomatisk for samfunnet at kosing kan bli solgt som ei vare. Foto: Per Ove RasmussenPsykolog Jan Martin Berge trur det er symptomatisk for samfunnet at kosing kan bli solgt som ei vare. Foto: Per Ove Rasmussen

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hess fortel Business Insider om kva som fekk ho inn på tanken om å selga kos. Ho las ei historie om ein mann som sto på gata med eit skilt der det sto «Free Hugs». Ved sida av han stilte det seg opp ein annan med skiltet «Deluxe hugs – 2$». Sistnemnde fekk klart mest respons. Det kallar ho «lyspære-augneblinken»

– Då var eg på ein stad i livet der eg akkurat hadde avslutta eit langt forhold og trengde ei teneste som ikkje eksisterte. Eg sleit, og var ikkje klar for eit nytt forhold, men eg hadde eit ibuande behov for å bli elska, fortel Hess.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Difor starta ho «Cuddle Up To Me», for å fylla tomrommet ho såg.

Les også: Vil ha psykologane inn i skulen

Kan ei slik teneste ha noko for seg, og faktisk hjelpa dei som er einsame?

– Alle menneskjer har jo eit behov for kontakt, utan det blir me psykologisk fattigare, seier psykolog Jan Martin Berge.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Me døyr utan kontakt som babyar – det er eit grunnleggande behov.

Han trur at suksessen Samantha Hess gjer som profesjonell kosar kan sei noko dystert om samfunnet.

– Ein kan nesten sei det er eit symptom når tilhøyrigheit og kontakt blir outsourca. Kvifor skal me måtte betala for å ha kontakt med folk når me er fødd grunnleggande kontaktsøkande? Det er kanskje eit signal om at me burde vera rausare med kvarandre.

Berge ville nok ikkje sjølv nytta seg av tenesta, men trur det kan hjelpa for nokon.

– Nokon kan nok få det betre av den tenesta, medan andre vil nok tykkja det er skamfullt, seier Berge.

Se også denne: Hun får betalt 80 dollar i timen for å kose:

Les også: Livsmeistring i skulen