Pass på høyrselen din! Ein låt er nok til å gjere skade

Kirurg og høyrselsspesialist Jeanette Hess-Erga viser fram spesialøyrepluggar som skal beskytte høyrsla di.
Kirurg og høyrselsspesialist Jeanette Hess-Erga viser fram spesialøyrepluggar som skal beskytte høyrsla di. Foto: Snorre Sandemose
Artikkelen fortsetter under annonsen

Er lydtrykket høgt nok, kan ein einaste song skade høyrsla di. Men som oftast er det summen av alle lydbelastningane som gjer utslaget - og konsekvensen kan komme ti år i etterkant.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Du er på konsert med favorittbandet ditt. Øyredøyvande jubel når dei set i gang. Musikken kjem ut av digre høgtalarar og lyden er i overkant høg. Men du har ikkje så lyst å bruke øyreproppar. Ingen andre du ser rundt deg gjer det, og lyden blir jo så mykje dårlegare av det. Dagen etter er du kanskje litt susete i øyra?

Om lydtrykket er høgt nok, og variasjonane i lydtrykket vekslar frå lågt til høgt veldig brått, kan ein einaste song skade høyrselen din for alltid. Likevel oppstår tap av høyrsel oftast over tid.

Framtida.no møter høyrselsspesialistane Jeanette Hess-Erga, og Jan Erik Berge på Haukeland Universitetssjukehus. Begge er overlegar ved øyreavdelinga på sjukehuset, og dei møter dagleg pasientar som har fått redusert høyrsel eller som slit med øyresus.

Les også: Høyrt for mykje på høg musikk? Sjekk kor gammal høyrsel du har

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Summen av alle lydpåkjenningane

Ein kan gå på konsert etter konsert etter konsert og ikkje merke noko tap av høyrsel, men gradvis skjer det ein liten skade inne i øyret. Summen av alle dei høge lydopplevingane er oftast det som kan gi deg ein støyskade.

– Oftast er det mange ting som spelar inn og gjer at du får problem. Det første problemet som ofte oppstår, er litt øyresus etter ein konsert som går vekk igjen etter nokre timar. Så blir øyresusen meir og meir langvarig, før den kanskje blir permanent – og så kjem høyrselstapet. Det er det vanlege, forklarer Hess-Erga.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Øyret består av mange delar. Foto: Hørselshemmedes Landsforbund
Øyret består av mange delar. Foto: Hørselshemmedes Landsforbund

Dottfølelse i øyret er eit faresignal

Du har kanskje opplevd å få den dottaktige følelsen i øyret og høyre øyresus etter ein konsert. Og så gir det seg igjen.

– Det er eit faresignal. Om ein høyrer susing og kjenner den dottfølelsen etter konserten, da har det ikkje vore sunt. Som oftast klarer kroppen å fikse det igjen. Men om du da går tilbake igjen til den same lyden med same styrke fleire gongar, så vil du fort få eit permanent høyrselstap, forklarer Erga.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva type musikk du høyrer på, kor lenge du blir eksponert for lyden, kor stort lydtrykket er, om det er brå vekslingar i lydtrykket, og genane dine er alle faktorar som speler inn på tapet av høyrsel.

Til dømes er musikk som har ein jamn dur utan for mykje variasjonar, mindre skadeleg enn musikk som har variasjonar frå stille til «pang».

Les også: Har funne gen som gjer at nokon kan «sjå» lydar

Sjeldan akutt

– Det er veldig sjeldan at du får ein akutt støyskade av musikken der og da, fordi dei ytre hårcellene inne i sneglehuset, dei skal vere der som eit filter.

– Om dei blir brekte og øydelagde, så jobbar alle dei andre hårcellene meir intenst. Dei jobbar meir og meir veldig lenge, til dei til slutt ikkje klarer noko. Og da får det utslag i eit høyrselstap, forklarer Jeanette Hess-Erga.

Jan Erik Berge og Jeanette Hess-Erga jobbar begge med høyrselsskader ved Haukeland Universitetssjukehus. Foto: Snorre Sandemose
Jan Erik Berge og Jeanette Hess-Erga jobbar begge med høyrselsskader ved Haukeland Universitetssjukehus. Foto: Snorre Sandemose

Mange utsette grupper

Høyrselsspesialistane forklarer at profesjonelle musikarar er ei av gruppene som oftast slit med høyrselsskader. Både rockemusikarar og folk som speler i symfoniorkester. Dei blir eksponerte for høg lyd over lang tid.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Andre arenaer som ikkje alle tenker over, er at det er jamnt over for høgt lydtrykk på kino og at mange blir utsette for støy på arbeidsplassen, både i industri og i utelivsbransjen.

Forsking har òg vist at barn heilt ned i ni års alder viser teikn til høyrselsskader som konsekvens av at dei høyrer på musikk og video på Ipad og mobiltelefon, heilt frå dei er tre år gamle.

Les også: – Song er like viktig for helsa som kosthald og trening

Er det vanskeleg å høyre folk snakke, er det for høgt

Er du på ein utestad eller på konsert, så er ein tommelfingerregel grei å hugse på.

– Generelt kan ein seie at dersom det er så høgt at det er vanskeleg å snakke saman, så bør ein ha høyrselsvern, seier Jan Erik Berge.

Det er ikkje lett å tenke seg ti år fram i tid når ein er på konsert, men konsekvensane kjem ofte først da.

– Det er ikkje alle som går på konsert som merkar noko der og da. Du får ikkje skaden der, akkurat no. Du får skaden om ti- femten år. Det veldig vanskeleg å tenke så langt fram i tid. Du tenker meir akkurat her og no. No skal vi ha det kjekt, eg må jo få oppleva all lyden som gir meg, for dette bandet er så bra, seier Hess-Erga.

Sist det vart gjort ei grundig undersøking på høyrsla til nordmenn var under HUNT 2 i 1997. No pågår det ei ny kartlegging, under HUNT 4. Desse tala kjem i 2019. Tidlegare har Hørselshemmedes landsforbund berekna at heile ein av fem vil ha problem med høyrselen innan 2020.

Denne saka vart først publisert på Framtida.no