
Thordis og valdtektsmannen hennar har skrive bok saman

Islandske Thordis Elva Thorvaldsdottir og Tom Stranger etterlyser menn i debatten om seksuelle overgrep.
Den islandske journalisten og forfattaren Thordis Elva Thorvaldsdottir og australske Tom Stranger møttest i 1996, då han som 18-åring reiste på utveksling.
På eit skuleball vart Thorvaldsdottir så full at ho var delvis bevisstlaus og spydde. Vaktene ville ringja ein ambulanse, men kjærasten Tom meldte seg frivillig til å ta ho med heim.
I eit felles TED-føredrag som er vist over 1,7 millionar gongar fortel dei to om den skjebnesvangre då Stranger valdtok Thorvaldsdottir og prosessen dei begge har vore igjennom sidan.
Denne prosessen har i ettertid vorte til boka South of Forgiveness, som kjem ut i mars.
Line vart valdteken: – Må få informasjon om kva valdtekt er
Thordis si historie
No 36 år gamle Thorvaldsdottir, som har brukt si historie til å engasjere seg mot seksuelle overgrep, etterlyser menn i kampen. At mannen som valdtok henne er blitt med på saka er difor ganske unikt.
Historia deira går no verda rundt og foredraget er blitt omtala i Daily Mail Australia , The Independent , India Times og The Independent.
Til ein fullsett sal fortel Thorvaldsdottir om korleis ho ikkje klarte å stritte imot og telte 7200 sekund medan ho vart valdteken av kjærasten i si eiga seng.
Trass i at ho halta i dagar og grein i vekevis tolka ikkje 16-åringen det som valdtekt, fordi det ikkje passa med skildringane frå tv.
– Eg var oppdregen i ei verd der ein sa at kvinner vert valdteken for ein grunn. Skjørtet var for kort, smilet for breitt, anden lukta av alkohol. Og eg var skuldig i alt dette, fortel ho i føredraget.

Tom si historie
Dagen etterpå tolka heller ikkje Tom Stranger det som hadde skjedd som valdtekt. Han reiste heim til Australia og dei neste ni åra rømte han frå det som hadde skjedd.
– Eg sa frå meg ansvaret ved å overbevisa meg sjølv om at det var sex, ikkje valdtekt, forklarar Stranger, som har tenkt mykje over valet han gjorde den kvelden.
Då Thorvaldsdottir var 25 år bestemte ho seg for å ta tak i det som hadde plaga ho og skreiv ein e-post til Stranger. Ho såg for seg negative tilbakemeldingar eller mangel på respons, men fekk i staden ei tilståing full av anger.
Etter åtte års korrespondanse møttest dei to andlet til andlet.
Stranger har konkludert med at han er meir enn handlinga han gjorde og forklarar at det å ta ansvar flytta skulda frå offeret til han sjølv.
– Altfor ofte vert ansvaret lagt på kvinnelege overlevarar av seksuell vald og ikkje på mennene som utfører det, seier han i foredraget.

Vil snakka om menneska
Thorvaldsdottir skulle ynskje nokon hadde fortalt ho at overgepet ikkje var hennar feil og at det går an å bli lykkeleg etter ei valdtekt. No gjev den islandske forfattaren og journalisten ut boka ho trur at dei sjølv kunne hatt godt av å lesa som tenåringar.
Forfattaren trur nemleg at omgrepa me bruker rundt seksuelle overgrep somme tider kan koma i vegen for saka.
– Når nokon blir sett på som offer er det lettare å avskrive dei som nokon skada, vanæra, mindreverdig. På same måte er det når nokon er stempla som valdtektsforbrytar, er det lettare å kalla han eit monster, umenneskeleg, seier Thorvaldsdottir, som meiner det er på tide å byrja å snakka om det menneskelege i handlingane.
VIDEO: Se hele foredraget til Thorvaldsdottir og Stranger under.