Desse kyrne lever med hol i magen

Kua sitt fordøyingssystem er fantastisk godt tilrettelagt for å hente ut næring frå gras.
Kua sitt fordøyingssystem er fantastisk godt tilrettelagt for å hente ut næring frå gras.
Artikkelen fortsetter under annonsen

På Ås kan forskarane sjå rett inn i magen på kyrne. Dei jobbar med å finne det beste fôret til Dagros.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er litt motstand, men det er berre å stikke handa på skrå nedover, så kjem du langt nedi der.

Eg gjer som eg får beskjed om, og står snart med armen til over albogen ned i vomma – den største av dei fire kumagane.

Temperaturen på fôret og vomsafta rundt den hanskekledde armen min held om lag 39 grader. I magen, som rommar rundt 100 liter, yrar det av mikrobar i form av bakteriar, protozoa og sopp. Særleg bakteriane, som har evna til å bryte ned cellulose slik at kua kan få næring frå gras, er interessante for forskarane.

Førsteamanuensis ved NMBU, Egil Prestløkken, har teke sin doktorgrad på fistelkyr, altså kyr som har fått operert inn ein propp i vomveggen slik at ein kan ta inn i vomma.

– Ein lærte på skulen at kua har fire magar, men det er ikkje heilt sant. Ho har tre formagar – vom, nettmage, bladmage, og ein hovudmage, som er løpen, forklarar Prestløkken.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Blosom er den høgaste kua som har levd

(Saken fortsetter under)

Det verkar ikkje som om kua bryr seg om at forskar Egil Prestløkken opnar opp, for å sjå korleis det står til med fordøyingsprosessen.
Det verkar ikkje som om kua bryr seg om at forskar Egil Prestløkken opnar opp, for å sjå korleis det står til med fordøyingsprosessen.

Fôr for norske forhold

Senter for husdyrforsking ved NMBU har nyleg flytta inn i eit splitter nytt og høgteknologisk fjøs på Ås. Her overvakar dei kyr, fôret som kjem inn, korleis det vert brote ned i vommen og mjølka – resultatet – som kjem ut.

Prestløkken dreg ut eit tau med ei rekkje nylonposar, som inneheld ulike fôrtypar. Slik kan dei sjå korleis fôret vert fordøydd.

Berre 3 prosent av Noregs areal eignar seg til å dyrking. Av dette er det berre ein tredel som eignar seg til å dyrke korn. Resten eignar seg til å dyrka gras, i tillegg kjem store utmarsområde som kan brukast som beite. Nettopp difor er det så viktig at kua får utnytta ressursane best mogleg til å laga kjøt og mjølk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er ganske fantastisk at desse dyra kan laga kvit, fin mjølk av grønt gras, seier Prestløkken entusiastisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Har du høyrt om nattmjølk?

(Saken fortsetter under)

Fistelkyr lever vanlegvis lenger enn andre kyr, som vert avliva når dei ikkje gjer nytte for seg lenger.
Fistelkyr lever vanlegvis lenger enn andre kyr, som vert avliva når dei ikkje gjer nytte for seg lenger.

Jod og metan

Prestløkken tek ein næringsrik pellets frå kraftfôret og puttar i munnen. Fôret er ei blanding av bygg, havre, raps og soya, som gjev meir og lettare tilgjengeleg energi enn gras. Kanskje er det òg litt smakstilsetting. Kyr er kresne dyr, som er vare for fôrendringar.

Ei god ku produserer kring 40-50 liter mjølk til dagen. For å få til det må ho ete rundt 50-60 kilo gras og anna fôr. Om lag to tredelar av døgnet går med til å eta og å tyggja drøv.

No testar dei ut ein type fôr som er hausta tidlegare, og difor inneheld mindre fiber. Det vert ei slags krysning av gras og kraftfôr.

Nyleg hadde forskarane ved NBMU eit prosjekt der dei nytta radioaktive isotopar til å sjå på innhaldet av jod i mjølka. Dette ser nemleg ut til å gå ned når ein har meir rapsmjøl i fôret, og det er ikkje bra. Jod blir tilsett fôret til mjølkekua slik at mjølk er viktigaste kjelde til jod i kosten vår, forklarar Prestløkken.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Kunstig mjølk snart på marknaden

(Saken fortsetter under)

Dyrevelferd

Denne kua har levd med eit hol med ein diameter på om lag 10 centimeter i rundt ti år. Vomma har grodd saman med innsida, slik at den sitt fast og ein kjem inn på riktig plass.

Men er det verkeleg naudsynt å laga hol i magen på ei ku? Undrar du kanskje.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det handlar om å finne best mogleg fôr, slik at ein får best mogleg kjøt og mjølk. På andre dyr kan du studere kva som kjem inn og kva som kjem ut. Her kan du sjå kva som skjer heile vegen, forklarar forskaren, som såg sine første fisteldyr då han kom til Ås på 1980-talet. Den gong var det sau og kyr, men i dag har dei berre kyr som har hol inn i vomma.

Som ein vanleg bonde ser dei til dyra dagleg og sender kyrne på sommarbeite.

Les også: Ku-trim til 250 millionar kroner

Kyrne lir ikkje

Dyrebeskyttelsen er imot bruken av fistelkyr i forsking, men Prestløkken meiner at kyrne ikkje lir og kan ikkje hugsa nokre komplikasjonar utover at «proppen» har falt ut. Den er enkel å setja inn att og gir ingen problem, forklarar han.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er ikkje eit stort inngrep. Kyrne er robuste og tåler mykje i buken, før det vert betennelse. Det er ein veterinær som gjer jobben, og kyrne får bedøving og smertelindring. Me må søkja om godkjenning og grunngje kvifor det er naudsynt med fistelkyr, og vi har ikkje fleir fistelkyr enn dei metreng i forskinga.

Ein av dei farlegaste tilstandane som kan råka ei ku er trommesjuke. Det er ikkje vanleg, men kan skje dersom kua brått endrar fôr til noko som får mikrobane til å produsera for mykje gass. Om kua ikkje får ut gassen kan det pressa så kraftig i vomma at ho til slutt ikkje klarar å pusta.

– Det enklaste trikset då er å gje kua litt soyaolje i halsen, men på desse kyrne er det berre å opne lokket, smilar Prestløkken.

På NMBU har dei fistelkyr, for å finna det beste fôret til kyra.
På NMBU har dei fistelkyr, for å finna det beste fôret til kyra.

Les også: Noregs eldste ku er død

Saken ble opprinnelig publisert på Framtida.no