Kvifor har me sommartid?

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Artikkelen fortsetter under annonsen

Går det mot ein ny vår for sommartida?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hugsa du å stilla klokka i natt?

Sommartid vart først foreslått av Benjamin Franklin i eit essay så tidleg som i 1784, men vart ikkje tatt i bruk før første verdskrig. Tyskland var først ute i 1916, og deretter følgde Storbritannia. Tanken var å utnytta betre sommarmånadene med lys ein time ekstra om kvelden, og minske energibruken. Energisparing betydde mindre i dei industrialiserte landa i seinare tid, men kan få ny betydning under truslane om klimaendring.

Sommartid vert nytta i dei tempererte stroka i verda, i tropane varierer dagen så lite at det er lite praktisk der.

I Europa var det i 2007 berre Island som ikkje hadde sommartid. Men i 2011 slutta Russland med sommartid.

Les også: Kampen om sommartida

Omstridd

Sommartid er omstridt i mange land, noko som fører til at ulike regjeringar gjer sommartid gjeldande eit år, mens neste år følgjer normaltid igjen. Datoen for sommartid blir i mange land bestemt for eit år av gongen og kan bli endra på kort varsel av spesielle omsyn. Også i Noreg har sommartid blitt innført og avvikla fleire gonger. Men sidan 1980 har me hatt det fast.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men ikkje alle likar det. Jenny Klinge (Sp) har fleire gonger tatt opp sommartid i Stortinget.

– Forsking viser at det gir helsemessige konsekvensar for somme når søvnrytmen blir forstyrra. Statistisk sett oppstår det fleire hjarteinfarkt enn vanleg i dagane etter at ein har stilt klokka fram på våren, og det skjer fleire biluhell. I tillegg er det til ulempe for dei som må ta medisin til faste tider mot kroniske og alvorlege sjukdomar, sa ho i Stortinget i 2014 og spurte om næringsminister Monica Mæland (H) ville avvikla ordninga.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Mæland svara at ho såg ingen sterke grunnar til å endra ordninga.

Les også: Nytt parti vil avvikla vintertid

Hugseregel

Ein hugseregel for kva veg klokka skal stillast, er å stilla visarane mot sommaren, altså framover (mot sommaren) om våren, og bakover (mot sommaren) om hausten. I USA er det eit uttrykk som seier Spring Forward, Fall Back. Ordspelet gjenspeglar det å hoppa framover og å falla bakover.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei som arbeider natta ein stiller klokka, følgjer normalt klokka og ikkje talet på timar. Det vil sei at om ein lege har vakt den siste helga i oktober frå laurdag klokka 22:00 til søndag kl. 06:00, så får ho betalt for 8 timar, sjølv om ho har arbeidd timen mellom 02:00 og 03:00 to gonger.

( Kjelder: Wikipedia og Holderdeord.no)