Meny

– Mange jenter på 12 år seier at «hore» er eit vanleg skjellsord

#Jegharopplevd har dominert sosiale medier onsdag og torsdag. Her er ønskelista for eit meir likestilt samfunn. Foto: Colourbox/Skjermdump.
#Jegharopplevd har dominert sosiale medier onsdag og torsdag. Her er ønskelista for eit meir likestilt samfunn. Foto: Colourbox/Skjermdump.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Med emneknaggen #jegharopplevd har det blitt kasta lys på seksuell trakassering. Dette er ønskjelista for eit meir likestilt samfunn.
Ønskelista:

Dette ønskjer Charlotte Myrbråten seg frå norske menn:

Me må snakka meir om trakassering i skulane og i skulegarden, både til gutar og jenter. Det må bli lettare å sei ifrå i kvardagen om kompisar går over streken. Utestader må bli strengare. Når alkohol er involvert blir grensene ofte flytta. Ein bør kasta ut for klåing på lik linje med slåsskampar. At menn også kan snakka om grenser og oppførsel i sine kompisgjengar. Menn er ein naturleg del av det feministiske prosjektet, ein kjem ikkje utanom. Kort oppsummert: Ein lågare terskel for å sei ifrå om kva som ikkje er greitt.

Dette ønskjer Anette Basso seg frå norske menn:

Det fremste ønsket er at menn lyttar. Len deg tilbake og ver open for at dette er ekte erfaringar som kvinner har, og høyr etter når ein vil dela den typen erfaringar. Menn må forstå at dette ikkje er eit angrep, eller ein krig mellom kjønna. Det handlar om å openheit rundt erfaringar som er negative (her var det kanskje litt skurr på linja då me snakka) Det kan vera provoserande for mange, men seksuell trakassering er i høgste grad ein mannssak. Kvinner opplever oftast trakassering frå menn. Menn må spørja seg sjølv kva rolle dei meiner dei må oppfylla, som gjer at dette blir ganske vanleg oppførsel Eg vil at menn skal ta eit steg tilbake og tenka over om dette er oppførsel ein kan bidra til å hindra, ved å snakka saman. Menn bør også snakka med kvarandre, og vera bevisste på kva som ikkje er greitt.

Fleire tusen historier har blitt delt på Twitter i går og i dag under emneknaggen #jegharopplevd. Det som starta som ein reaksjon frå det feministiske tidsskriftet Fett har blitt ein dominerande i debatten, og trakk fram tusenvis av små historier som til saman blir eit  stort samfunnsproblem.

– Slår du mange nok historiar saman, så blir det eit problem. Veldig mange var klare for å snakka ut, og reaksjonane har vore overveldande. Sjølvsagt er nokon sure og misbruker emneknaggen, men det er heldigvis mindre enn eg trudde, seier Charlotte Myrbråten.

Ho er debattredaktør i Fett, og starta kampanjen onsdag.

– Dette vart mykje større enn eg trudde. For eit par dagar sidan kom eg inn på Facebook-trådar som diskuterte saka, mellom anna på profilen til Kjetil Rolness. Mange der trudde ikkje på historiene og erfaringar ein kan ha som kvinneleg debattant, og etterlyste fleire som kjenner seg igjen. Då kokte det over, og eg ville starta kampanjen med ein gong, fortel Myrbråten. Saman med redaksjonen venta ho ein dag før dei starta ordentleg – så tok det raskt av.

Test kva du kan om kvinnekampen her!

– Me laga ei nettsak på Fett og delte den litt, så sat me og diskuterte kven me skulle kontakta for å setja ordentleg i gang, nokon sentrale profilar som kunne stå fram. Medan me planla kven som skulle gå først hadde hundrevis av unge og vaksne damer allereie fortalt historiene sine. Me trengde ikkje nokon strategi, og det er kanskje det aller kulaste. Dette er veldig grasrot, seier Myrbråten.

Les også: – Eg(o) treng ikkje feminisme

Charlotte Myrbråten starta kampanjen #jegharaldri. – Dette vart mykje større enn eg trudde. Foto: PrivatCharlotte Myrbråten starta kampanjen #jegharaldri. – Dette vart mykje større enn eg trudde. Foto: Privat

Må bli lettare å seia ifrå

Onsdag ettermiddag og heile torsdagen har vore prega av historiane som blir delt under emneknaggen #jegharopplevd – som også får støtte av mange menn. Mellom anna har BT-kommentator Mathias Fischer formulert seg under tittelen «Da damene slo tilbake»

– Eg har ikkje opplevd noko av det som desse modige kvinnene har skildra i dag, og den einaste grunnen er at eg er mann. Men når eg tenkjer etter, så ser eg situasjonane. Menn som tillèt seg å snakka til kvinner på ein måte som dei aldri ville gjort til ein mann. Men som ser på det som sitt privilegium å ta på ei framand jente sine lår. Menn som trur at ein runde på dansegolvet betyr at ho har lyst til å ha sex, skriv Fischer.

Fischer får skryt av mange for det han skreiv, og fulgte opp i dag på Twitter. Han er ikkje åleine om å få endra synet sitt på samfunnet av historiene som blir delt. Det trur Anette Basso, som står på vallista for det nystarta partiet Feministisk Initativ i Bergen.

– Eg trur dette har opna auga til fleire – mange er rett og slett genuint overraska, og flaue over at dei ikkje har sett dette før. Dei fekk nok eit innblikk i ein realitet dei ikkje har blitt eksponert for tidlegare.

Basso fortalte sjølv om sine erfaringar til TV2 i går. For ho var det ikkje eit sjokk å sjå så mange historier komma fram.

– Eg er ikkje overraska i det heile over at det er så mange historier, med tanke på det eg sjølv har opplevd og det venninner har opplevd. Dette er nok berre toppen av isfjellet.

Ho trur at veldig mange framleis har historier dei held for seg sjølv. For mange blir det for personleg, trur Basso. Dessutan er det langt ifrå alle i Noreg som er på Twitter.

– Dei som har uttalt seg no er ei relativt ung målgruppe. Men mange vaksne damer, inkludert mi eiga mor, fortel at dette er noko også dei har opplevd, seier Basso.

Les også: Feministisk Initiativ til val i Bergen og Oslo

– Ein av grunnane til at me starta opp

Basso trur at denne kampanjen kan kasta lys på behovet for eit parti som Feministisk Initiativ, ein grein av det svenske og meir etablerte partiet, som til hausten stiller til val i Bergen og Oslo.

– Her heng mykje saman med at me har meir offentleg bevisstheit om feminisme, det påverkar livet til vanlege folk. Det er ikkje lenger ei særinteresse, men handlar om å bli behandla likt og rettferdig uansett kjønn, seier Basso.

– Dette er jo ein av grunnane til at me starta opp. Eg trur feminisme er middeleg for å oppnå målet som er likestilling, legg ho til.

Charlotte Myrbråten trur at kampanjen viser eit gjennomgåande problem.

– Mange av historiene er ikkje enkelthendingar, dei har diverre ein samanheng. Det er eit for dårleg kvinnesyn. Om ein respekterer grensene og seksualiteten til kvinner er det vanskelegare å kalla jenter på gata for horer eller onanera ved sida av dei på bussen. Eg meiner det er nokre kjønnsstrukturar som ulmar her, seier Myrbråten.

Les også: Feminisme på svensk

Open og opplyst

Det viktigaste som kan skje no, meiner Myrbråten, er at det blir enklare å sei ifrå om kva som ikkje er greitt.

 

Anette Basso er ikkje overraska over kor mange som hadde historiar å dela. Foto: FacebookAnette Basso er ikkje overraska over kor mange som hadde historiar å dela. Foto: Facebook

– Det er nok mange som har gått over streken utan å tenkja over det sjølv. Det er mange gråsoner, og det er vanskeleg å seia ifrå. Me må bli flinkare til det, og støtta kvarandre. Mange jenter ned i 11-12 år seier at tafsing er utbreidd og at hore er eit vanleg skjellsord i skulen. Eg trur dei veit, på eit nivå, at det ikkje er slik det skal vera. Men så lenge dei ikkje får støtte er det vanskeleg å sei ifrå og setta foten ned.

Anette Basso ønskjer at fleire menn skal lytta når kvinner tek valet å opna seg og fortelja sine historier, og at dei tenkjer over kva rolle dei prøver å fylla, som gjer at historiane under #jegharopplevd er ganske vanleg oppførsel.

I faktaboksen kan du sjå ønskjelistene til Charlotte Myrbråten og Anette Basso.

Sjølv om mange fekk auga opp for eit problem dei ikkje var klar over tysdag kveld, er me på veg i rett retning, meiner Charlotte Myrbråten.

– Eg trur me er på veg til ein betre stad, likestillingsmessig. I staden for å sei til jenter kvar dei ikkje bør gå, korleis dei bør kle seg og kor mykje dei kan drikka, ser me ei vending. Ein fortel heller til gutane at også dei må setja grenser.

Les også: – Alle fitter er like fine

Helse og livsstil
Populært