Meny

Slik ville zombie-apokalypsen gått:

– Me er ganske dødsdømt

Korleis hadde me klart oss under zombie-apokalypsen? Kjempedårleg. Foto: The Walking Dead/AMC
Korleis hadde me klart oss under zombie-apokalypsen? Kjempedårleg. Foto: The Walking Dead/AMC

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ei gruppe forskarar har kartlagd korleis verda ville klart seg i ein zombie-apokalypse. Svaret er nedslåande for byfolket.

Korleis ville verda klart seg under ein zombie-apokalypse? Haugevis av filmar og TV-seriar har gitt oss eit svar: Rimeleg dårleg.

Test deg sjølv: Kva veit du om skrekkfilm?

Men nøyaktig kor dårleg ville det gått? Svaret ligg i statistikken, og er no rekna fram av ei gruppe forskarar ved Cornell University i New York.

Det skal presenterast på American Physical Society March Meeting kommande torsdag, skriv Science Alert.

– Me bygde opp ein simulasjon av eit fullt utbrot i USA, og fann ut at under realistiske forhold er me ganske dødsdømt, står det i innleiinga til rapporten.

Ikkje berre for gøy  

Det er litt for moro at forskarane har laga denne modellen, fortel ein av studentane som jobba på prosjektet.

– Å laga ein modell med zombiar tek deg gjennom mange av teknikkane ein brukar for å kartlegga ekte sjukdommar, men i ei artigare samanheng, seier Alex Alemi.

– Mykje moderne forsking kan vera lite freistande fordi teknikkane er kompliserte og modellane manglar ei god kopling til kvardagslege tema. Zombiar er ikkje kvardagsleg, men dei aller fleste kan forstå dei, seier Alemi vidare.

Les også: Zombiespel inn i klasserommet

Trist for storbyen

Modellen viser fort at det er dei mest folkerike strøka som blir råka fortast.

– Med dynamikken til ein slik sjukdom vil spreiinga senka farten når den kjem til område med færre folk. Det er færre å bita, så du lagar nye zombiar saktare, forklarar Alemi.

Så – kva er det beste tipset for å overleva zombie-apokalypsen?

Alemi og forskarane, som held til i USA, rår deg å reisa nordover i Rocky Mountains. I Noreg vil du nok ha gode sjansar med å sikta mot bygdestrøka.

Trudde du dette var første gong forskarar gjer seriøst arbeid på zombiar? Då tek du feil.
Helse og livsstil
Populært