Internett er splitta – kva farge har denne kjolen?

Ein kjole har rive Internett i fillebittar – for kva fargar er det eigentleg på denne kjolen?
Der nokon ser gull og kvit, ser andre svart og blå – og det ser ikkje ut til at me kjem til å bli einige med det første.
Kva ser du?
Les også: No kjem MacGyver tilbake – som kvinne
Krigen eskalerer
Biletet av kjolen vart lagt ut på Tumblr i går av brukaren Swiked, og skapte umiddelbart ei splitting mellom dei som såg det.
Caitlin McNeill, som la ut biletet, seier til Business Insider at ho tok biletet i eit bryllaup ho var i, og at ingen klarde å bli einige om kva farge kjolen hadde då dei såg biletet.
Over natta har fleire av våre viktigaste profilar kasta seg inn i debatten.
I don't understand this odd dress debate and I feel like it's a trick somehow. I'm confused and scared. PS it's OBVIOUSLY BLUE AND BLACK
— Taylor Swift (@taylorswift13) February 27, 2015
What color is that dress? I see white & gold. Kanye sees black & blue, who is color blind?
— Kim Kardashian West (@KimKardashian) February 27, 2015
And for everyone asking I see blue and black
— Justin Bieber (@justinbieber) February 27, 2015
Les også: Dette gjer du på nettet
Det endelege svaret?
Fleire har også prøvd å gå vitskapleg til verks for å finna ut kva farge kjolen eigentleg har.
Wired har prøvd å forklara kvifor me ser ulike fargar, og meiner at auga dine prøver å korrigera for sollyset.
– Det handlar om primitiv biologi og måten menneskjelege auger og hjernen har utvikla seg til å sjå farge i ei verd med sollys, skriv journalisten Adam Rogers. Du kan lesa heile forklaringa hans her.
Han konkluderer med at kjolen faktisk er blå og svart – noko også Buzzfeed konkluderer med, etter å ha funne det dei meiner er den same kjolen i ein nettbutikk.
Men det er ikkje så viktig. Det som betyr noko no er korleis Internett skal samla seg igjen etter denne konflikten.
Les også: Skreddarsydd Internett