Meny

– Barnemeny burde ikkje vera lov

Margrethe Johnsen frå Liantjønn barnehage i Kristiansand steikjer kylling under oppsyn frå meisterkokken Ståle Johansen på eit kurs i regi av Norsk Smaksskule. Foto: Svein Olav B. Langåker (Framtida.no)

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Meisterkokkar frårådar barnemenyar, og meiner foreldre har seg sjølv å takka viss ungane ikkje et fisk.

Meisterkokk Ståle Johansen har erfaring frå Fossheim hotell og har laga mat for Skiforbundet og Olympiatoppen i seks OL og diverse VM.

Han held òg kurs for lærarar og barnehagetilsette gjennom Norsk Smaksskule. Målet med skulen er å gje born flest mogleg ekte smaksreferansar, og auka medvitet om smak, ernæring og matglede.

Les også: Desse smakane bør alle kunne

– Når foreldre seier at born ikkje likar noko, så blir det sånn, seier Ståle Johansen og meiner at det ikkje burde vera lov med barnemenyar.

– Det er viktig å få fram at det er lov å ikkje lika noko, men ein må prøva først, seier han.

Kutta ut barnemenyar

– Eg har aldri barnemeny no lenger – eg kutta det ut, seier Arne Brimi, som driv matkultursenteret Vianvang. Arne Brimi er blant initiativtakarane til Norsk Smaksskule.

Når vaksne ikkje lar ungane få smaka på det dei sjølv et, så handlar det om at ein ikkje har tillit til at ungane kan læra seg å lika nye smakar.

Les også: - Manglane skulemat er ei krise

– Alle barn i Kina likar fisk. Det er fordi dei ikkje har foreldre som har fått dei til å ikkje lika fisk, hevdar han.

For restaurantane er det nok billegare å tilby pølse og pommes frittes, men han meiner dei som i staden tilbyr barneporsjonar frå vaksenmenyen får det igjen seinare.

– Då vil borna koma igjen når dei er vaksne.

Les også: Vil ha fleire til å smaka på maten

Helse og livsstil
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus