Sjøpølser skal stiva opp sexlivet

Sjøpølser blir tørka og brukte i kinesisk medisin. Foto: Wikipedia
Sjøpølser blir tørka og brukte i kinesisk medisin. Foto: Wikipedia
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kinesarane meiner norskekysten er full av naturleg Viagra og er villige til å betala ein stiv pris for slappe sjøpølser.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

På romsdalskysten går det no føre seg prøvefiske etter sjøpølser med krepsetrål, skriv Fiskeribladet Fiskaren. Bak fisket står selskapet Li Energy Trans i Oslo, som er eigd og drifta av norsk-kinesaren Anjun Li. Han har offensive planar.

– Kinesiske importørar er villige til å betala 5.000– 6.000 kroner kiloet for tørka sjøpølser. Frå ti kilo ferske sjøpølser blir det rundt eitt kilo tørka sjøpølse, seier Anjun Li til avisa.

Les også: – Større aksept for sexleiketøy

Lange tradisjonar

Han viser til at kinesarane meiner at 30 dagars bruk av sjøpølse verkar inn på potensen – og i tillegg er godt for immunforsvaret.

– Det er ikkje smaken som sel produktet, men verknaden, seier Li, og seier at han synest det er merkeleg at råstoffet ikkje allereie blir utnytta i Noreg.

I Kina og Japan har sjøpølsa lange tradisjonar som mat. I Japan, der han blir kalla namako blir sjøpølsa brukt på forskjellige måtar, men det er vanleg å eta han saman med annan sjømat og grønsaker marinert i riseddik. Kjøtet skal ha ein interessant struktur, men har lite smak.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Aseksuelle Håvard (19) tenkjer aldri på nakne jenter

Ikkje redd for Dalai Lama-effekt

Li er ikkje redd for at han skal bli hindra i å eksportera vareprøver til Kina på grunn av dei kinesiske restriksjonane mot Noreg.

– Merksemda rundt besøket til Dalai Lama i Noreg og forholdet til Kina, er neppe eit nytt hinder for oss, seier Anjun Li til Fiskeribladet Fiskaren. Han er meir spent på om kystbåten får sjøpølser.