Meny

– Han har berre hiv

Journaliststudent Atle Syversen ville syne korleis det er å teste seg for HIV, difor tok han sjølv testen i filmen Positive or not.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Journaliststudent Atle Syversen fekk eit negativt svar, og vart kvitt mange fordommar då han laga dokumentar om hiv-positive Lasse.

– Eg sa til dei andre jentene at same korleis det går så må de fortsetje og filme. Det var kanskje litt kynisk av meg, seier Atle Sandhals Syversen, som i kortdokumentarfilmen Positiv or not, sjølv let seg teste for hiv-viruset.

Denne helga vart filmen, som Syversen laga saman med australske Sarah Corridon og amerikanske Sophia Shefner, vist under Den Norske Dokumentarfilmfestivalen i Volda.

Les også: Verdsmeistrar i ubeskytta sex

Hiv i bagasjen

I dokumentaren møter me danske Lasse, som er homofil og fekk diagnosen HIV i ein alder av 20 år. Altså på same alder som Syversen, som òg er opent homofil, var under innspelinga. Slik fekk journaliststudenten ideen om å sjølv ta testen for ope kamera, sjølv om både medstudentar og rådgjevar rådde han frå det.

Å ta testen hadde faktisk ikkje streifa han før. Det skjer jo ikkje meg, tenkte han. Med filmen ville dei vise korleis det er å teste seg for hiv. Og sjølv om Syversen forventa eit negativt resultat, vart han nervøs.

Til dagleg studerer Atle Syversen andreåret på journalistikk i Volda, men filmen vart laga medan han var på utveksling ved Danmarks Medie- og Journalisthøjskole i Aarhus førre semester.

Før dei sette i gong kasta filmskaparane ut alle sine fordommar om hiv. Det var ikkje få, og dei vart gjort til skamme.

– Eg vart overraska over kor fint han hadde det. Han hadde sjølvsagt ikkje hatt det fint heile tida og medisinane hadde biverknadar, men som han seier sjølv: alle har bagasje, seier Syversen om Lasse, og legg til:

– Me lever eigentleg ikkje så forskjellige liv. Han har berre hiv.

Les også: Baby er kurert for hiv-viruset

Uvitande smitteberarar

Sjølv trudde studenten han visste mykje om hiv etter å ha sett mange dokumentarar om emnet. Likevel hadde han ikkje sett mykje om korleis det var å få diagnosen som ung. Dette ville han ta tak i, og dei medstudentane hans likte ideen.

Å finne ein ung person som ville stå fram synte seg å vere krevjande. Dei leita på ein hiv-kafé, men sjølv om mange var positive til tanken, var det for tidleg for dei å stå fram offentleg. Til slutt fann Atle Lasse på ei datingside for homofile, i ei gruppe for hiv-smitta. Etter fem dagar svara Lasse, som var positiv. Etter enno ei stund bestemte han seg for å la studentane dokumentere kvardagen hans med hiv.

Har du truffe nokre hiv-smitta før?

– Ikkje som eg veit om, seier Atle, som vart sjokkert då han fann ut at ein av fem hiv-positive ikkje veit sjølv at dei er smitta.

For mange testar seg ikkje, og kan difor vere smitteberarar utan å vete det. At det går an å gå rundt og kanskje utsetje folk for fare med ubeskytta sex, vart filmskaparane rett og slett sinte på.

Les også: Camilla fortel om livet som hiv-positiv

– Ein kan aldri vete

Men korleis skal ein få fleire til å teste seg? Kanskje kan Syversen vere eit godt føredøme for andre.

– Eg har ein kompis som tok testen etter å ha sett filmen. Det er jo det viktigaste, når det går opp eit lys for folk, meiner 21-åringen, som har lyst å arbeide meir med temaet.

Kompisen som tok testen var forresten heterofil. Og det er eit poeng, at sjølv om menn som har sex med menn er mest utsatt, kan det ramme andre òg.

– Eg føler ikkje folk er flinke nok til å beskytte seg, heller ikkje i det homofile miljøet. Ein tenkjer at: du er rein og eg er rein, så kvifor gidde. Men ein kan aldri vete, i tillegg er det så mykje anna ein kan få.

Les også: Hiv kan utryddast

Fleire smitta

Per 2012 var det 5.138 nordmenn som lever med ein hiv-diagnose, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet. Om lag to tredelar av desse er menn, og resten kvinner. Mellom 1200 og 1500 er menn som har sex med menn.

– Hiv-tala i Noreg stig litt kvar år, og det er ikkje bra, slår journaliststudenten fast.

Han har inntrykk av at viruset er noko som opptek folk i det homofile miljøet, men at det elles vert snakka lite om det i Noreg. Me ser helst på det som ein sjukdom som finst i Afrika.

– Kunnskapsnivået er veldig lågt og det er mykje feilkunnskap. Folk har kome til meg og sagt: Det var du som laga den filmen om aids. Me snakkar jo ikkje om aids i Noreg no lenger, seier filmskaparen, nesten oppgitt.

(artikkelen held fram under videoen!)

Folkeopplysning

Målet med filmen er opplysning, og at folk skal snakke om temaet Sjølv trur Syversen at filmarbeidet har gjort han mindre fordomsfull ovanfor hiv-smitta.

– At me hadde snakka med sjukepleiaren før me møtte Lasse, trur eg var veldig bra. Elles kan det hende me hadde vore litt for diskriminerande og redde, trur Syversen, som har sett korleis medisinar verkar for personar med hiv.

I tillegg har filmskaparane fått sett korleis forskarar i Aarhus arbeider med å finne ein kur for hiv.

– Eg trur me ein dag vil finne noko som kan fjerne det heilt. Kanskje om 20 år, seier Syversen, men om ein lurer, kan det vere ein god idé å ta testen før den tid. Uansett om ein ikkje vil vete svaret.

Dei fleste kan gå derifrå som Syversen: Letta over eit negativt svar.

Helse og livsstil
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus