Kan sletta og laga nye minne i hjernen

I framtida kan menneske få hjelp til å hugsa det dei vil, og gløyma det ein ikkje vil hugsa. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
I framtida kan menneske få hjelp til å hugsa det dei vil, og gløyma det ein ikkje vil hugsa. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskarar meiner dette kan hjelpa folk som slit med både lærevanskar og narkotikamisbruk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I filmen «Evig solskinn i et plettfritt sinn» med Jim Carrey og Kate Winslet får ein sjå forviklingane som kan oppstå når ein prøver å sletta den tapte kjærleiken frå minnet.

– Minna våre gjer oss til dei me er, men nokre minne kan gjera livet vanskeleg. Ikkje ulikt filmen, ser me etter måtar velja vekk minne frå tidlegare opplevingar, relatert til narkomisbruk eller traumatiske opplevingar. Studien vår viser at me kan gjera dette i mus – viska vekk djupt nedsette minna om narkotikarelaterte minne, utan å skada andre minne, seier Courtney Miller, forskar ved The Scripps Research Institute i Florida til Science Daily.

Les også: – Sosialistar veit lite om fornuft

Første gong

Det skal vera første gong forskarar har klarte å sletta skadelege narkotikarelaterte minne utan å øydeleggja andre minne.

I den nye studien blokkerte forskarane ein molekylær motor i hjernen til mus og rotter i vedlikehaldsfasen av metamfetamin-relaterte minne.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskarane håpar at forskinga deira også kan bidra til å laga betre behandling for røykarar og menneske med post-traumatisk stressyndrom.

Les også: Nevrotikarar har mindre hjerne

Kan laga nye minne

Nevrobiologar skal i det siste også ha klart å skapa heilt nye minne ved å manipulera hjernecellene i hjernebarken, ifølgje ein studie publisert i Neuroscience. Det skal vera første gong nokon har greidd dette.

Norman M. Weinberger ved Universitetet i California i Irvine har leia forskingsprosjektet som er utført på gnagarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I løpet av forskingsprosjektet spelte dei ein spesiell lyd for gnagarane, og stimulerte så hjernecellene med acetylkolin – eit kjemisk stoff som er viktig når minne blir danna. Neste dag spelte dei mange forskjellige lydar, men då lyden frå gårsdagen blei spelt, viste pusten til dyra at dei kjente igjen lyden.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Problem med minne og læring er store problem for mange menneske, og sidan me har funne ut korleis hjernen lagar minne og korleis ein kan laga nye minne med eit spesielt innhald, er håpet vårt at forskinga vår kan bidra til å løysa desse problema, seier Weinberger til Science Daily.

Les også: 17-åring bygde kunstig hjerne som oppdagar brystkreft