Sånn oppstod kysset

Før i tida vart kyss brukt som indikasjon på status, her eksemplifisert ved eit kunstverk på eit stykke av Berlinmuren i Mühlenstrasse av det berømte kysset mellom Sovjets Leonid Bresjnev og DDR-leiar Erich Honecker i juni 1979. Bilete: Colourbox.
Før i tida vart kyss brukt som indikasjon på status, her eksemplifisert ved eit kunstverk på eit stykke av Berlinmuren i Mühlenstrasse av det berømte kysset mellom Sovjets Leonid Bresjnev og DDR-leiar Erich Honecker i juni 1979. Bilete: Colourbox.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det byrja med at ein lukta på kvarandre.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I veldig gamle dagar var lukt den viktigaste sans i mellommenneskelege høve, hevdar Sheril Kirschenbaum frå University of Texas i Austin, forfattar av boka ”The Science of Kissing”.

Ved hjelp av luktesansen kunne ein nemleg skjøne meir av humøret, statusen til ein person og kor sunn han var.

Ifølgje henne trur ein no at ein i eldre tider helste på kvarandre ved å sniffe over andleta til kvarandre, sidan det er porar i andletet som gjev får seg lukt.

Ho meinar dette utvikla seg over tid til stryking over leppene.

Les også: Millionærer på kysse-toppen

Indisk opphav

Det første skriftlege dokumentet vi har som nemner kyssing er så gammalt som 3500 år gammalt, nemleg i Sanskrit-tekster frå India, grunnlaget for hinduismen. Sjølv om ikkje kyss direkte er nemnd, er det tydeleg kyss som blir skildra når vi les om «slikking» og om å «drikke fukt frå leppene». 1800 år etter var det eit heilt kapittel om kyssing i Kama Sutra.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei første skildringane av kyss som eit romantisk fenomen finn ein i det indiske diktet ’Mahabharata’. Ein meiner det er skrive for omlag cirka 3000 år sidan.

LES OGSÅ: Kysse-fobrod på skulen

– Ho sette munnen mot munnen min og laga ein lyd som gleda meg, sto det i ’Mahabharata’.

Andre eksempel finn vi i det gamle testamentet, nedskrive for minst 2700 år sidan, der det er mange kyss av ulik art. Jakob kysser den blinde far sin for å stele velsigninga som broren Esau skulle få i 1.Mosebok, for å nemne eit tidleg eksempel, medan Høgsongen av Salomo syner eit meir sensuelt kyss i Høgsongen 1, vers 2:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Å, om han ville kysse meg med kyss frå sin munn! Kjærleiken din er betre enn vin.

Les også: Derfor liker menn våte kyss

Hellas og Roma

I det gamle Hellas ser vi kyss frå Homers 3200 år gamle episke historier. Oddysevs blir kyssa av slavane sine og kong Priam kyssar Akilles for å få att kroppen til son sin etter at han vert drepen. Herodotus skriv og i “Historier” at persarar og grekarar kyssar, og nemner til og med skikkar ikring kyss frå Egypt og Etiopia. Det er sannsynleg at det var Alexander den Store som brakte den indiske versjonen til Hellas og Europa.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Romarane hadde ein sterk kyssekultur, og var ansvarlege for å spreie kysset til andre gjennom erobringane sine. Ovid var ein av dei romerske poetane som var glad i kyss, og store delar av folket var tydelegvis ivrige munn-til-munn kyssarar. Å kysse nokon for ein romar var å gje personen høg respekt, og det var mange viktige lover som handla om kyssing.

LES OGSÅ: Du trur kanskje at eg drøymer om mann og barn?

Kyrkja vart uroleg over kyssing etter som tida gjekk, trass i at Paulus og Peter skreiv om «heilage kyss». Prestar vart urolege for at kyssing skulle oppfordre til synd. Pave Clemens V erklæra til dømes i 1312 at det å kysse hadde utukt som føremål og difor skulle sjåast på som ei dødssynd. Han var ikkje den einaste paven med dette synet.

Teikn på status

I mellomalderen var kyss ofte nytta som ein demonstrasjon på kor ein sto i samfunnet. Likeverdige kunne kysse kvarandre på munnen. Høgtståande menneske som kongar og pavar vart kyssa på hender, ringar og føtter av undersåttar, kyss vart nytta som bindande kontraktsinngåing av analfabetar, som det var mange av, ved å kysse ein «X» dei skreiv under med.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Derfor husker du ditt første kyss

Handkyss vart populære under den industrielle revolusjonen i England, og utvikla seg snart til handtrykk. Charles Darwin kom med ein teori i 1872 om at kyss måtte vere viktig for menneske på eit grunnleggjande nivå, sidan så mange typar kyss fanst i ulike kulturar ikring i verda.

Amerikanske kyssescener forbode i Japan

I Japan vart kyss sett på som støytande då amerikanarane introduserte skikken i landet på 1800-talet, trass i at mange ser ut til å praktisert erotisk kyssing bak stengde dører. Den berømte kunstnaren Rodin hadde ein skulptur, ’Kysset’, som vart synt fram i Tokyo i 1920, men skulpturen måtte gøymast bak eit bambusforheng, ettersom så mange ønska å sjå han. Rett etter andre verdskrigen vart kyssescener fjerna frå Hollywoodfilmar før dei vart sette opp i Japan.

LES OGSÅ: Brev blei til kjærleik

Artikkelen fortsetter under annonsen

Amerikanarane oppmuntra til ei endring i denne haldninga, dei ville tvinge japanarane til å uttrykkje offentleg handlingar og kjensler som før hadde vore strengt private, sidan dette ville hjelpe med å skape meir tillit til dei etter den øydeleggjande krigen løyndomsfulle japanarar fekk skulda for. Om japanarar kyssar privat, burde dei gjere det offentleg og, var den amerikanske haldninga.

Les flere nyheter