Skremmer livet av barna

Denne guten lid tydelegvis også av den velkjende «klovneangsten». (Illustrasjonsfoto: Flickr.com)
Denne guten lid tydelegvis også av den velkjende «klovneangsten». (Illustrasjonsfoto: Flickr.com)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Barn likar ikkje klovnar. Dei aller fleste er livredde både raude naser og store sko.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Johnny Depp speler tøff på film. Men ingenting skremmer han meir enn menn med abnorme sko og raude naser. (Foto: AP/Scanpix)Johnny Depp speler tøff på film. Men ingenting skremmer han meir enn menn med abnorme sko og raude naser. (Foto: AP/Scanpix)

Klovnar er nokre lunefulle vesen.

Med dei altfor store kleda og skorne sine, abnorme, raude naser som pip om du trykkjer på dei og med dei evindelege blomstrane sine som det stadig sprutar vatn frå, kan dei få håra til å reise seg på ryggen til nokon og ein kvar.

Og det er fleire som i vaksen alder står fram med klovneangsten sin. Rykta skal ha det til at Johnny Depp (44), tøffingen frå «Pirates Of The Caribbean», er livredd for desse ubereknelege «skøyarane». Som gut skal berre tanken på kvitmåla ansikt med raude, store naser ha ha gitt han stygge mareritt. Også Carrie Bradshaw, Sarah Jessica Parkers rollefigur i Sex and the City, skvetter til om ho skulle vere så uheldig å møte på ein klovn.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Også Carrie Bradshaw i Sex and the City er redd for klovnar. (Foto: HBO)Også Carrie Bradshaw i Sex and the City er redd for klovnar. (Foto: HBO)

Og no er det bevist: Klovnen er heller ikkje barnas venn. Tvert imot, barn flest likar ikkje klovnar.

Det er konklusjonen til ei gruppe forskarar ved Sheffield Universitet, som skulle undersøkje korleis dei kunne forbetre utsmykkinga på barneavdelinga til sjukehuset, ifølgje Reuters.

Studien, som er publisert i Nursing Standard magazine, fann ut at alle dei 250 spurde pasientane i alderen 4-16 år mislikte bruken av klovnar. Også dei eldste barna fann klovnane skremmande.

- Vi vaksne trur vi veit kva barn likar, uttalte Penny Curtis, som er forskingslektor ved universitetet.

- Men vi fann ut at klovnar universelt er mislikt av barn. Somme fann dei faktisk ganske skremmande og ugjenkjennelege.

Er du sjølv ein klovnelskar? Eller spring du skrikande din veg med det same du skimtar eit sminka ansikt med blå parykk og raud nase? Skriv di meining i kommentarfeltet under.