Difor er du framleis singel

Illustrasjonsfoto: Scanpix<br><p> </p>
Illustrasjonsfoto: Scanpix
 

Lurar du på kvifor alle andre har funne den store kjærleiken medan du sjølv er singel på femte året? Sjekk lista under.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Eig du eit par av desse, og så lurar du på kvifor du ikkje finn deg kjæraste? Pffh! (Foto: Scanpix)Eig du eit par av desse, og så lurar du på kvifor du ikkje finn deg kjæraste? Pffh! (Foto: Scanpix)

Er du mann og eig eit par Crocs, kan det vere forklaring nok.

I alle fall om ein skal tru The Times, som har samla 50 grunnar til at potensielle partnarar spring skrikande sin veg.

For det er dei små detaljane som skil suksess frå nederlag, skal ein tru avisa. Om du er mann og nektar å fjerne Bluetooth headsetet ditt før du skal ha sex, eller hardnakka påstår flymaten er det beste ved flyturen, eller heile ferien for den saks skuld, er du ille ute - i alle fall om du drøymer om å oppleve litt romantikk i næraste framtid.

Du stiller heller ikkje særleg langt framme i køen om du reiser deg når du høyrer nasjonalsongen.

Om du er jente, skal du vite at komande partnarar snur i døra om dei må dele seng med ein skokk med bamsar. Eller om du kan absolutt heile teksten på Mariah Careys «Hero» utantil.

Andre årsaker til at du som mann er single:

* Du har «glow-in-the-dark»-stjerner over senga di.

* Du har ikkje anna enn ein øydelagt brødristar, ei campingseng og ein 60" plasmaskjerm i leilegheita di.

* Du trur at enkelte ting er sjølvreinsande.

* Du går med korterma skjorter om sommaren, utan å vere postmann.

* Du eig eit par Crocs.

* Du er berre homo når du er full.

* Du har kne som gnissar.

* Du reiser deg når du høyrer nasjonalsongen.

* Du barberer leggane dine av «sportslege grunnar».

* Du har tatt meir enn eitt mobilfoto av kjønnsdelane dine.

* Du er overbevist om at det berre er kvinner under 25 som er verdt å gå etter.

* Du har gitt penisen din eit namn.

Grunnar til at du som kvinne framleis er single:

* Du har ein kalender på veggen med bilde av babyar i potteplanter.

* Du har ei «lukketruse».

* Du har kosedyr i senga.

* Vennene omtalar deg som «gal!».

* Du har ein ekstremt lang negl på eine lillefingeren din.

* Du har katten din med på profilbildet ditt på Facebook.

* Du skriv med farga blekk og brukar smileys i handskrivne brev.

* Du trur at energikriser kan løysast med krystallar.

* Du brukar all fritida di saman med bestevenninna di og mannen hennar.

* Du kan finne på å seie ting som: «Guuud, er du Tvilling?».

* Du eig eit par lærbukser.

* Du set ein liten ring over 'i'-en og 'j'-en i staden for ein prikk.

Personvernpolicy