Død kvinne gav Isabelle nytt ansikt

Død kvinne gav Isabelle nytt ansikt
Død kvinne gav Isabelle nytt ansikt

<pIsabella Dinoire (40) øver seg på å kunne kysse igjen.</p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Vil aldri kunne kysse igjen?
Isabelle Dinoire gjekk gjennom ein 15 timar lang transplantasjon, der hudvev, musklar og arterier blei tatt frå ei hjernedød kvinne for å byggje opp igjen Dinoires ansikt, som hunden hennar øydela. (Foto: Reuters/Pascal Rossignol/Scanpix)

Franske Isabelle Dinoire er den første i verda som har gått gjennom ein ansiktstransplantasjon.

Hunden øydela ansiktet

Ho mista store delar av ansiktet sitt etter at ho blei angripen av familiens hund. Hunden beit i stykker ansiktet hennar då ho hadde tatt sovemedisin og låg og sov.

For to år sidan fekk ho ei ny nase, lepper og hake frå Maryline St Aubert, 47, som hadde gjort sjølvmord. Operasjonen tok 15 timar og blei gjennomført den 27. november 2005. Hud og muskelvev blei tatt frå den døde donatoren. Nerver og blodkar blei sydd fast med mikrokirurgi.

No har Isabelle Dinoire frå Valenciennes i Frankrike skrive boka «Isabelles kyss» om ansiktet sitt.

- I byrjinga var det avskyeleg å kjenne innsida av ein munn som ikkje var min, fortel ho i boka.

Hennar høgste draum er å kunne kysse igjen.

Dinoire må resten av livet ta sterke medisinar for at kroppen ikkje skulle støte bort det nye hudvevet hennar. Ho har måtta lære seg å ete, prate og vise kjenseleuttrykk igjen.

- Legen sa at eg garantert skulle kunne ete etter operasjonen, men det var ikkje sikkert et eg ein dag kunne kysse, seier ho til Daily Mail.

Øver seg på kyssing

No trenar ho musklane kring munnen. Sjølv om munnen hennar ikkje lenger heng open, er det å skulle koordinere ansiktsmusklane til eit kyss ei ekstremt vanskeleg rørsle.

- Eg kjempar og held fram forsøka for ein dag å kunne klare det. Når folk seier at det aldri kjem til å gå, blir eg endå meir målmedviten, seier den franske kvinna.

Før operasjonen skilte ho seg frå mannen sin Vincent Guarendelli. Saman har dei har barna Lucie, 18 og Laure Laure, 14.

Transplantasjonen blei Isabelle Dinoires redning. Men ho har blanda kjensle overfor sine nye ansiktstrekk:

- Eg har fått eit hårstrå på haka som eg aldri har hatt tidlegare. Eg veit at det er mitt, men samstundes er «ho» der. Hårstrået er hennar, seier Isabelle Dinoire.

Personvernpolicy