Kvinner er fødde shopparar

Kvinner er fødde shopparar
Kvinner er fødde shopparar
Artikkelen fortsetter under annonsen

Shopping-gale kvinner kan skulde på genane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Er det kanskje
evolusjonen som er årsaka til at denne kvinna vel dei raude eplene? (Illustrasjonsfoto: Flickr.com)

Det finst visst ikkje grenser for kva innverknad livet til hulemenneska skal ha for moderne kvinner og menn, om ein skal tru forskarane ved Universitetet i California.

Nyleg kunne vi lese at evolusjonen skal vere årsaka til at kvinner føretrekk rosa og lyseraude fargetonar. I steinalderen brukte nemleg hulekvinnene dagane på å sanke raude frukt og bær.

No skal dei same steinaldergenene gjere kvinner betre til å shoppe, ifølgje amerikanske forskarar.

Shopping-genet

Kvinner finn nemleg lettare fram i butikkar. Dei skal også vere langt dyktigare enn menn til å finne fram til frukt, grønsaker og godteri, melder Daily Mail.

Forskarane meiner dette fenomenet har sine røter i evolusjonen og levemåten til forfedrene våre.

Medan mennene i steinalderen utvikla ein skarpsindig retningssans, som var naudsynt i jakta, meistra kvinnene kunsten å sanke mat som frukt og bær.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje forskarane skal desse eigenskapane ha gått i arv til det moderne mennesket, og gjev seg i dag utslag ved at menn skal vere betre til å lese kart, medan kvinner altså er gode til å shoppe.

Hugsa kaloriane

For å teste teorien, sendte forskarane 86 menn og kvinner ein rundtur på ein marknad.

Kvar enkelt deltakar fekk ei liste av bodar dei skulle besøke og mat dei skulle samle.

Deretter skulle dei svare på kor mykje dei hadde likt maten, og skildre kor dei ulike bodene dei hadde besøkt var plasserte.

Kvinnene skal ifølgje studien ha vore mykje meir nøyaktige i si skildring av plasseringa til bodene dei hadde besøkt.

Vidare analysar avslørte at minnet deira ikkje var påverka av kor mykje dei likte maten, men av talet på kalorier som maten inneheldt.

Kvinnene hugsa betre mat med høgt kaloriinnhald, som mandlar, olivenolje og honning, enn grønsaker og anna mat som gir mindre energi.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Genane si skuld

I tidsskriftet Proceedings of the Royal Society B, hevdar forskarane at dette er endå eit bevis på menneskets evolusjonære opprinnelse, sidan det må ha vore naudsynt for forfedrene våre å hugse plasseringa av mat som gir mest energi.

Så til alle damer der ute: Neste gong du svir av heile lønninga på shopping - skuld på genane.