Meny

Ulukkesdagen

Ulukkesdagen

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Pass på: I dag er det fredag den 13. og statistisk sett større sjanse for å hamne i ei ulukke.
Ulukke:

I dag er det ulukkesdagen fredag den 13., kanskje ein grunn til å passe seg litt ekstra, til dømes om ein svart katt kryssar vegen framfor deg - noko som også skal vere ulukkesbringande, ifølgje gammal overtru.

 

Vanlegvis går det om lag sju månader mellom kvar gong det inntreff ein fredag den 13., men no er det faktisk berre tre månader sidan den førre, som var fredag den 13. april.


I enkelte land, som Spania og Hellas er det tirsdag og ikkje fredag som blir knytt til ulukke.

(Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Ulukkesdagen er over oss: I dag er det fredag den 13., dagen som i vesteuroepiske og særleg engelskspråklege land blir knytt til uflaks og uhell.

Fleire ulukker

Men det er ikkje berre overtru at denne dagen er ulukkesbringande.

Skadeforsikringsselskapet If i Sverige har tidlegare samanlikna ti fredagar den 13. med 70 vanlige fredagar. Og ifølgje deira statistikk skjer det åtte prosent fleire bilulukker samt ulukker i heimen på fredag den 13. Det svenske brannvesenet har tidlegare meldt om 1,4 prosents større sjanse for at det brenn på fredag den 13. samanlikna med andre fredagar.

Men det er meir sannsynleg at dette skuldast at folk er ekstra nervøse og påpasselege akkurat denne dagen, enn at datoen faktisk er ulukkesbringande.

Paraskevidekatriafobi

Kjenner du nokon som er ekstra skvetne på akkurat dagen i dag, så lid dei kanskje av paraskevidekatriafobi: sterk redsel for fredag den 13. Men dette er nok ikkje ein fobi i klinisk forstand, det handlar meir om at ein kjenner eit sterkt ubehag for dagen og talet. Blant andre skal den kjende forfattaren Stephen King ha eit noko problematisk tilhøve til ulukkesdagen.

Innanfor kristendomen har fredag den 13. blitt sett på som ein ekstra uheldig dag på grunn av langfredag, og fordi det under Jesus sitt siste måltid var 13 personar til bords. Ifølgje gammal overtru heiter det seg at dersom det er 13 personar til bords, vil alle dø i løpet av året.

Framleis er det slik at mange bygningar og salar unngår talet 13., og går rett frå 12. til 14. etasje, eller frå kinosal 12 til 14. Også enkelte flyselskap unngår seterader med ulukkestalet.

Men kjem du deg heilskinna gjennom fredag den 13. juli kan du puste letta ut, for no kjem ikkje denne berykta dagen igjen før til neste år.

Trur du at fredag den 13. er ein ulukkesdag? Skriv inn i kommentarfeltet under.

Helse og livsstil
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus