Skru helseklokka attende

Skru helseklokka attende
Skru helseklokka attende

Amerikansk forsking viser at det aldri er for seint å endre på ein dårleg livsstil.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Godt resultat:

Sunt kosthald og trening gir overraskande god helsegevinst - også i godt vaksen alder. (Illustrasjonsfoto: Astrid E. Helmeland)

Ei undersøking som sto på trykk i American Journal of Medicine slår fast at ein kan få store helsegevinstar av å legge om livsstilen - også i godt vaksen alder. Undersøkinga som vert presentert på forskning.no baserte seg på samanhengen mellom livsstil og hjarte - og karsjukdommar og gav overraskande resultat.

Skru klokka attende

I perioden mellom 1987 og 1989 fekk omlag 16. 000 menneske mellom 45 og 64 år ein sunnare livsstil: for det første skulle dei legge «fem om dagen», med frukt og grønsaker, inn i kosthaldet. Dei skulle trene 2,5 time i veka, halde vekta nede og kutte ut røyken. Så vart deltakarane ein del av eit program som gjekk over fleire år, der livsstilen deira vart observert.

Effekten viste seg raskt. Førekomsten av hjarte - og karsjukdommar sank med heile 35 prosent dei neste fire åra.

Resultatet gav rapporten tittelen «Turning Back the Clock» - «Skru klokka attende».

Berre 8,5 prosent

Men trass i overraskande resultat viste også undersøkinga at ein måtte kjøre løpet fullt ut skulle resultatet stå til forventningane. Dei som derimot berre la til seg tre av «dei gode vanane» fekk ikkje same responsen på helsa. Undersøkinga viser også at det, til trass for gode resultat og lokkande helsegevinst, berre er 8,5 prosent av amerikanarane som har den helsebringande livsstilen.

Menn med låg utdanning og lite inntekt kjem dårlegast ut når det gjeld sunn livsstil.

Personvernpolicy