Meny

Heksekunst og kjærleik

Heksekunst og kjærleik

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Legg du nyplukka blomstrar under puta i natt, vil du drøyme om mannen du skal gifte deg med.
Tradisjon:

Noreg held på tradisjonen med å brenne bål på St. Hansaftan. (Foto: Flickr.com)

St. Hans er minnedagen etter døyparen Johannes sin fødsel. Dagen vert markert 24. juni, men tradisjonen tru er det på St. Hansaftan, 23. juni, ein samlar seg rundt bålet og feirar fødselen.

Kyrkja har lagt feiringa av døyparen Johannes akkurat eit halvt år før Jesus sin fødsel og julefeiringa.

Midtsommarfesten

Dagen vert over store deler av landet kalla St. Hans, medan ein også fleire stadar har namnet Jonsok, etter det norrøne Jònsvaka, som tyder å vaka for Jon.

Sjølve feiringa ber preg av midtsommarfest. St. Hansfeiringa er først og fremst ei folkeleg feiring med lite tilknyting til kyrkja, og skikkane rundt omkring i Norden er mange og ulike. Men i Noreg, Danmark og Finland har ein bevart tradisjonen med bålbrenning. Midtsommarfesten har også lengre tradisjonar enn den kyrkjelege markeringa.

Heksekunst og kjærleik

Mange myter er spunne rundt St. Hansfeiringa. Det er ein kjent sak at kvinnfolk med heksekrefter er ute på sjølve aftan for å leite etter urter til trolldrikk. Og legg du nyplukka blomstrar under puta, vil du drøyme om mannen du skal gifte deg med…

Lurer du framleis på kvifor me brenn bål ? Etter kyrkjeleg tradisjon brenn me bål for å minnast at døyparen Johannes vart brent av ikkje–truande. Men bålet var også sentralt i tradisjonen med midtsommarfest, som eit teikn på reinsing, helse og kjærleik.

Mange stadar i landet finn du også namn som har sitt opphav i denne festen. Eit godt døme er St. Hanshaugen i Oslo.

Kjelder: Wikipedia, Universitetet i Oslo

Framsidefoto: Stefan Wagner, sxc.hu

Helse og livsstil
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus