Meny

Nudistar vil ha fleire yngre medlemmar

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Her er den nakne sanninga: Nudistane blir stadig eldre.

(Illustrasjonsfoto: Flickr.com)(Illustrasjonsfoto: Flickr.com)

Unge folk ser ikkje ut til å vere tiltrekt av nudisme. Naturistforeiningane har nesten ikkje medlemmar under 30 år.

Gamle medlemmar

I USA går nudistane hardt ut for å gjere seg lekre for 20- og 30-åringane, melder nyheitsbyrået AP. Den amerikanske nudistforeininga, som representerer over 270 klubbar i Nord-Amerika, reknar med at meir enn 90 prosent av deira 50.000 medlemmar er eldre enn 35 år. Avslag i pris og reklamekampanjar retta direkte mot college-studentar er nokre av tiltaka for å stanse forgubbinga.

Nudistleiren «Solair Recreation Leauge» i Connecticut inviterte nyleg studentar frå skular i New England i håp om å vekkje interessa deira for nakenmoro.

Rimelegare for unge

Gjennomsnittsalderen i denne leiren 55 år. Eitt års medlemskap kostar 500 dollar (3107 kroner) for personar eldre enn 40 år, 300 dollar (1864 kroner) for personar yngre enn 40 og berre 150 dollar (932 kroner) for collegestudentar.

- Om ein person er opplyst nok til å besøke ei naturiststrand eller feriestader for nudistar , vil dei oppleve at gamle folk er i eit overlegent fleirtal, uttalar naturisten og medisinstudenten Sam Miller, 32, til AP. - Ofte er det grunnen til at dei ikkje kjem tilbake.

Miller blei interessert i nudisme i slutten av tenåra og forsøker no forsiktig å verve vennane sine, ved å prate om nakenbading og liknande aktivitetar. Om dei reagerer positivt, foreslår han ein tur til ei naturiststrand, om ikkje, gjer han ikkje fleire framstøt.

- Trur det er seksuelt

Ingen er heilt sikre på kvifor nakenheit - i det minste i organisert form - er så vanskeleg å selje til unge folk.

- Eg trur folk tenkjer vi er hippiar, alle saman, seier Laura Groezinger, 22. Som barn besøkte ho og familien hennar nudistleiren Solair jamleg.

- Andre folk, eg veit ikkje heilt korleis eg skal sei dette, men dei trur det er ei seksuell greie. Dei forstår ikkje at det handlar om å føle seg fri og komfortablel.

Berre ei handfull studentar deltok på Solairs college-samankomst. Men leirdeltakaren Robyn Maguire, 27, seier at han gjerne kjem tilbake.

- Eg håpar å spre ryktet til yngre folk om at dette er okei, at det er ein trygg plass å vere, ein aksepterande stad, seier han.

- I motsetnad til andre stader, så ser folk deg faktisk inn i auga når dei pratar med deg.

Er du interessert i nudisme? Her er heimesida til Norsk Naturistforbund.

Helse og livsstil
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus