Heilt konge!
Det kan du enten gjøre ved å poste et innlegg til selve artikkelen, eller sende mail til ord@abcnyheter.no.
Det gamle ordet konungr har mange interessante slektningar i ordboka. Førsteleddet kon, på gammalnorsk konr, blir brukt om «ein som høyrer til slekta». Då føreset vi ei fornem slekt, son eller ætling av herskarfamilien.
Uttrykket er fjernt i slekt med ordet kjønn, som opphavlig tyder art eller slag. Vi brukar det ofte i redusert meining om biologisk kjønn. Ei gammal form allskyns er bevart i uttrykket allskens, av alle slag. Kongen må vera av rette slaget.
Tysk Kind (=barn) høyrer med til same gruppa, noko som er fødd, er avla, og som altså tilhøyrer ein familie – eller har eit bestemt opphav eller eigenskapar of some kind.Der fann vi ei avleiing også i engelsk.
Kongen må vera av rette slaget.
Det felles opphavet skal vera ken, og ha med fødsel å gjera. Dette gjeld språk som norsk, tysk og engelsk I fjernare språk finn vi det i gresk genesis (fødsel, slekt) og latin genus (slekt, grammatisk kjønn).
For dei kongelige er det tanken på det arvelige dynastiet som ligg til grunn. Etterleddet –ungr i konungr markerer at vi har med ein etterkommar å gjera.
Kva så med dronninga? Ordet drott gjekk ut av bruk, men vart gjenoppliva gjennom interessa for folkedikting på 1800-talet. Det blir brukt om fyrstar, men er ei avleiing av eit uttrykk for «dei som dreg med fyrsten» – altså eit krigarfølge. Drotten er då herføraren, hertug, Herzog, engelsk Duke og italiensk il Duce.
Drottning/dronning er forminskingsform for drott, og forholdet mellom drott og dronning svarar til forholdet mellom kar og kjerring. Så får likestillingsombodet gjera seg sine tankar om det.
Men koss tiltalar vi monarken? Kva heiter «Deres Majestet» på nynorsk?
Det er her nynorsken kjem til sin rett, rett fram, enkel og verdig: Herre Konge!