Eventyrfrukta

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den er vorten sjølve symbolet på julefrukt i Noreg. Den søt-syrlege klementinsmaken har fått ein eventyrposisjon, ifølgje Opplysningskontoret for frukt og grønsaker.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei av dei største julegledene for oss nordmenn: Eventyrfrukta klementin. (Foto: Simon Cataudo)Ei av dei største julegledene for oss nordmenn: Eventyrfrukta klementin. (Foto: Simon Cataudo)

Den steinfrie krysninga mellom mandarin og pomerans har vorte eit ufråvikeleg julegodt for mange nordmenn. Årleg glir meir enn fem kilo klementinbåtar ned i magesekken på kvar av oss, det meste i advents- og juletida.

- Klementinen sin posisjon i Noreg er som eit eventyr, men vi er ikkje åleine om å like herlegheita. Over heile verda legg folk sin elsk på denne sitrusfrukta, seier Britt Kåsin, informasjonssjef i Opplysningskontoret for frukt og grønsaker til Neste Klikk.

Som poteta


- Kva forklarer klementinen sin store suksess her til lands?
- Eg trur det er fleire årsaker. For det første har den ein fin balanse i smaken, mellom søtt og syrleg. For det andre er det «ein passeleg porsjon» med ei klementin. Og sist, men ikkje minst; han er lett å skrelle.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje Kåsin er klementinen som poteta; han kan nyttast til alt. Du kan presse han, bruke han i dessertar, salatar og kaker, lage saus av han, pynte med han, bruke han som garnityr, eller ganske enkelt ete han som han er.

- Er klementinen undervurdert?
- Eg vil ikkje akkurat seie det, folk er jo kjempeglade i han. Men bruksområda er nok undervurderte. Altfor ofte nøyer folk seg med å skrelle og ete frukta.

Mandarinane forsvinn


Frå å vere ei frukt ein berre kunne kjøpe før jul, kan ein no kjøpe klementinar frå oktober til litt ut i mars. Likevel er den vesle, søte freistinga så innarbeidd som julefrukt at einskilde har gjeve seg forbod mot å kjøpe klementinar utanom julesesongen.

- Men kva har skjedd med den gode, gamle mandarinen?
- I løpet av dei siste 20 åra har han forsvunne meir og meir ut. No er han nesten heilt ute av marknaden. Forklaringa ligg nok først og fremst i at mandarinar inneheld mange steinar, medan klementinar er steinfrie.

Visste du forresten at dersom du finn steinar i klementinen, kan det tyde på at treet han veks på er vorten bestøva av eit sitrontre i nærleiken?


Fakta om klementinar:

  • Presten Pierre Clèment frå Algerie, lukkast i 1902 å framskaffe den perfekte kryssinga mellom mandarin og pomerans. Resultatet, klementinen, har gleda tusenvis i åra etter.

  • Klementinen vart innført i Noreg for første gong i 1963.

  • Kvart år importerer vi 26.000 tonn av den søt-syrlege frukta.

Kjelde: frukt.no