Ingenting slår eplekake
Sjølv om det er mandag i dag, så går det an å bake eplekake. Det går eigentleg alltid an å lage eplekake, men det er no det er eple-sesong! Dessutan det er ekstra hyggjeleg å kose seg litt heime når det byrjar å bli mørkt og kaldt ute.
EPLEKAKE
200 g smør
2.5 dl sukker
3 egg
4 dl mjøl
1 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
1 dl mjølk
3-4 store eple
Ekstra kanel og sukker til epla.
Rør smør og sukker kvitt, visp inn egga eitt og eitt, og bland resten av ingrediensane i, unntatt epla. Fyll røra i ei smurt kakeform.
Skrell epla og skjær opp i båtar. Lag ei blanding av sukker og kanel i ein bolle og vend eplebåtane i blandinga før du stikk dei ned i deigen.
Steikast på 170 i ca 50 minutt.
Server kaka når ho enno er lun, med krem eller is, eller berre slik ho er.
EPLESYLTETØY
Viss du vil ha eple til kvardags, så er det kjempegodt med eple og majones på brødskiva. Men ein kan jo gjere litt meir ut av det, og lage eplesyltetøy:
1 kg eple
200 g sukker
1 dl vatn
Rens epla. Del dei i båtar og kok dei møre, med eller utan skal. Tilset sukker, og gi det heile eit godt oppkok. Hell det over på reine, varme glas.
Viss du treng større utfordringar, kan du lage
eplechutney
.
God eplehaust!