Meny

Å ta det slow

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I staden for å sende eplejusen frå Hardanger til Bergen for å tappe den på kartong bør det skje der den blir produsert, seier leiar av Slow Food-organisasjonen i Hardanger, Espen Eide i Ulvik.

Espen Eide styrer Ulvik-avdelinga til Slow Food. (Foto: Einar Schibevaag)Espen Eide styrer Ulvik-avdelinga til Slow Food. (Foto: Einar Schibevaag)

- Det er viktig å ta vare på kunnskapen om produksjonen og korleis han skal foredlast der han finn stad.

Nok ferdigmat


Slow Food er ein ikkje-kommersiell organisasjon som blei etablert som ein reaksjon på standardiseringa av all den snøggmaten me nyttar i hushaldningane i dag.

Alt skal bli så rasjonelt og effektivt, og med det har mykje kunnskap og kultur kring matproduksjon gått tapt. Og med det smakane og opplevingane.

Læra av feil


I Austerrike fekk fruktbøndene tilskot for å hogge ned epletrea sine. I dag får dei tilskot for å planta nye. Det viser noko om kor feil ein ofte kan ta.

Det som lokalsamfunna er unike på, skal takast vare på. Men det må og utviklast. Derfor arbeider Espen Eide og organisasjonen Slow Food i Hardanger for å få tilbake eplesortar som bøndene blei rådde til å hogge ned tidlegare.

Hurtigmat har me meir enn nok av, meiner rørsla. (Foto: gardencentral.org)Hurtigmat har me meir enn nok av, meiner rørsla. (Foto: gardencentral.org)

- Mange av desse var heilt spesielle for åoppnå ein ekstra god cider. Her er me unike i kunnskap og me kan tilby marknaden gode produkt, seier Eide.

Ikkje juggel


Dette er ikkje berre viktig for produksjonen av mat, men like viktig for det kulturlandskapet me ynskjer å presentera gjestene våre.

Eide trur opplevingsøkonomien blir den viktigaste næringa for lokalsamfunn som dei du finn i Hardanger.

Slow food skal vere god, rein og rettvis. (Foto: atasteofslow.com.au)Slow food skal vere god, rein og rettvis. (Foto: atasteofslow.com.au)

- Då må det vera ekte, ha ei historie, om me skal selja det til ein god pris og ikkje presentera masseprodusert juggel.

Etikk og nyting


Slow Food knyter saman etikk og nyting i eitt ord: Øko-gastronomi.

Øko-gastronomi er ei hylling og ei markering av den gode smaken, handverket i mattradisjonane til småskalaproduksjonen og ei støtte til primærnæringane, særleg jordbruk og fiske.

Slow Food-rørsla starta i Italia for snart tjue år sidan. Det første norske Slow Food-lokallaget blei starta i Oslo i 1999. I dag har rørsla sju lokallag i Noreg: Oslo, Stavanger, Hardanger, Hallingdal, Bergen, Valdres og Fosnavåg.




Les meir om mat og drikke i Neste Klikk:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Helse og livsstil
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus