Pappvin vert øydelagd i varmen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Pappvin vert fort dårleg i varmen. Eit godt tips er å setja han i kjøleskåpet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

 (Bilde: www.wilshirerestaurant.com) (Bilde: www.wilshirerestaurant.com)

(NPK): Normalt held ein kartong med raudvin i tre månadar, men når det er varmt, taper han seg snøgt, seier redaktør Ola Dybvig i bladet og nettstaden Vinforum.

Og han får støtte hjå fagdirektør Frithjof Nicolaysen hjå vinleverandøren Arcus, som viser til ei australsk undersøkjing der det er påvist at pappvinen held seg berre halvdelen så lenge om temperaturen aukar med ti grader.

Ein stabil temperatur på mellom åtte og tolv grader er det idéelle for pappvin.

Dybvig rår folk utan vinskåp eller vinkjellar til å setja pappvinen i kjøleskåpet. Han held seg lenger og smakar betre.

Dybvig ynskjer elles datomerking av all pappvin, då dette er ei ferskvare og folk etter hans syn har krav på å vita kva tid vinen er tappa.

- Dette er unge, drikkeklare vinar som berre vert dårlegare av å verta lagra, seier Dybvig. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving