800 tonn pølser på nasjonaldagen

Nordmenn stappar i seg 16 millionar pølser på 17. mai.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: www.planetbarbecue.co.uk)(Foto: www.planetbarbecue.co.uk)

(NPK): Det utgjer 800 tonn, og er meir enn 10 gonger så mykje som på ein vanleg dag.

- Favoritten er grillpølse på 17.mai. Vi et til saman 10 millionar grillpølser denne dagen, og seks millionar wienerpølser, seier produktsjef Agneta Lindén Moen i Gilde til Newswire.

Smaken er ulik rundt om i landet. Appetitten på wienerpølser er størst på Austlandet. Der er det også mest vanleg med lompe rundt pølsa. I andre landsdelar vil folk i større grad helst ha pølsebrød.

- I Trøndelag er det dessutan mange som kokar grillpølsene i staden for å steikje eller grille dei, så det finst mange lokale variantar av den norske pølsetradisjonen, seier Moen.

Konsumet av pølser er stort sett stabilt år etter år på 17.mai. Dei svingingane som vert målt frå år til år kjem som regel av vêret.

- Når det er sol og varmt et vi meir is, medan pølsesalet går litt ned. Det motsette skjer dersom det er kjølig på 17.mai. Då et folk endå meir pølser, seier Agneta Lindén Moen i Gilde. (NPK)





Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy