Te-trøbbel

Artikkelen fortsetter under annonsen

Du vil berre ta deg ein kopp med te, nettopp for å puste litt ut frå alt som går gale. Men til og med tekoppen, eller teen, eller det du har oppi teen, kan det gå gale med.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hugs å setje på lokket! (Foto: nicecupofteaandasitdown.com)Hugs å setje på lokket! (Foto: nicecupofteaandasitdown.com)

Vi kjenner jo alle Murphy sin lov om at alt som kan gå gale, går gale. Og når ting først har sett seg på tverke, så er det verkeleg ikkje grenser for kva som kan bli feil.

Te-ritualet ditt er ikkje særleg sofistikert, men innøvd. Du har drukke te i alle år, og det går mest heilt av seg sjølv. Heilt til ein liten kvardagskatastrofe inntreff, og krisa er eit faktum.

Hol i posen

Du slengjer ein te-pose oppi koppen, og pøsar vatn over. Plutseleg byrjar det å vrimle av små frø i heile koppen. Hol i teposen er ein liten kvardagskatastrofe, som kan få det til å tippe over for ein stakkar viss det skjer på feil tidspunkt, noko det gjerne gjer.

Langt frå den norske kvardagen med bomming og hol i posen, finn vi den meir stilfulle japanske tesermonien. (Foto: aa2sbu.aasquared.org)Langt frå den norske kvardagen med bomming og hol i posen, finn vi den meir stilfulle japanske tesermonien. (Foto: aa2sbu.aasquared.org)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bomme på munnen


Du er ukonsentrert, trur du kan det, nervøs, av ein eller grunn greier du ikkje å treffe munnen når du skal ha i deg teen din. Han hamnar utanfor holet, renn nedover haka, og sprer seg utover den fine nye kvite genseren. Eller den fine, broderte duken, det er jo nesten like festleg.


Gløymt lokket


Ei liknande katastrofe kan også inntreffe når du har kjøpt te i ein kiosk eller på ein bensinstasjon, i ein kopp med lokk. Viss du har gløymt, eller ikkje fått til å setje på lokket skikkeleg: Te på genseren, slutt på moroa.


Når det går bra, kan det vere gull verd. (Foto: poetrysociety.org.uk)Når det går bra, kan det vere gull verd. (Foto: poetrysociety.org.uk)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Salt istaden for sukker


Får du endeleg teen inn i munnen, er det framleis mykje som kan vere gale. Til dømes, viss du tenkte at i dag skulle du unne deg ekstra mykje sukker, og tok to store skeier... Så er det ein viss prosent sjanse for at du nettopp i dag tok feil av sukker og salt. Te med salt er ikkje noko særleg, skal vi tru dei som har prøvd. Sur mjølk i teen er forresten også noko ein ikkje har særleg lyst til å gjenta.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gløymt å koke vatnet


Du gler deg til ein god, varm kopp te, og så er han slett ikkje varm. Han er kald, og du har gløymt å trykkje inn knappen på vasskokaren, eller gløymt å setje på plata under kjelen. Kva er tristare enn ein kopp med te som har trekt og liksom skal vere ferdig, og så er han kald og heilt ubrukeleg?


Viss du gjev opp heile tedrikkinga, kan også tekoppen brukast på andre måtar. (Foto: members.tripod.com)Viss du gjev opp heile tedrikkinga, kan også tekoppen brukast på andre måtar. (Foto: members.tripod.com)

Gørr i koppen


Du har nytt ein god kopp te, og er nøgd og harmonisk. Heilt til du kastar eit blikk nedi koppen du akkurat har tømt. Ei grumsete masse av noko ubestemmeleg. Det er ikkje teblad, men kva er det? Det er eit resultat av dårleg oppvask, og du blir nokre tankar mindre harmonisk med ein gong.

Kaffiselskap hos kaffidrikkarane


Det er mykje som kan gå gale, også for dei mykje kritiserte, påstått snusfornuftige tedrikkarane. Til dømes kan det å bli invitert på kaffi hos hardbarka kaffidrikkarar kan vere ei utfordring. Du takkar høfleg nei, og seier at du ikkje drikk kaffi.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Dårlege alternativ


Vertskapet blir litt stressa, endå du forsikrar at du ikkje treng noko servering. Dei finn fram nokre nypeteposar frå innst i skapet, posar som ikkje har sett lyset sidan gamle tante Gurine si tid. Dette må du drikke, elles går det ikkje. Drikk du ikkje, blir du uthiven, eller får i alle høve aldri meir kome tilbake. Eller, endå verre, vertskapet finn fram ei flaske ananasbrus og prøver å tvinge den i deg. Du takkar og smiler og ønskjer deg langt vekk.

Altså, viss du endå har te igjen i koppen, og han smakar godt og er varm: Nyt han!

Les meir på nettet:


Les meir om mat og drikke i Neste Klikk:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving