Ris på rumpa i påska

Artikkelen fortsetter under annonsen

Påskemåndag er den einaste dagen i året då gutar og menn kan slå alle jenter og kvinner dei kjenner. Det er så urettferdig!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Påskepisking er ein tradisjon i Tsjekkia. (Foto: incentraleurope.radio.cz)Påskepisking er ein tradisjon i Tsjekkia. (Foto: incentraleurope.radio.cz)

Slik fortel ei ung, tsjekkisk kvinne om ein for oss litt uvant påskeskikk frå heimlandet sitt. Men det er ikkje så fælt som det kanskje høyrest ut.

Påskepisk


Tradisjonen kallast «påskepisk». Andre påskedag, frå morgonen av, går tsjekkiske gutar og menn frå hus til hus og risar alle av kvinnekjønnet dei kjem over med eit lite bjørkeris.

Passar på rumpa


Det heiter seg at dei skal slå kvinnene over leggene, men Eva Kvasničková fortel på nettstaden eat-online.com at mange nok fell for freistinga å rise på andre, meir utståande plasser på kroppen.

Dette er ein påskepisk, eller ein pomlázka som det heiter på tsjekkisk. (Foto: akuti.com)Dette er ein påskepisk, eller ein pomlázka som det heiter på tsjekkisk. (Foto: akuti.com)

- Derfor tar me små puter og dyttar diskret opp i buksene for å ta av litt for støyten, fortel ho.

Poenget med risinga skal vere å styrkje helsa og fruktbarheita til kvinnene.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Poesi


No er det ikkje berre for gutane å rise laus. Det blir forventa av dei at dei les påskedikt medan dei riser på jentene. Men når det vel er gjort, vankar det påskjønning.

- Jenta må gi guten eit farga band som han knyter rundt pisken sin. Ho bør og gi han eit dekorert påskeegg, seier Eva.

Målbar popularitet


Med bandet rundt pisken vandrar han friskt til neste hus for å slå litt på kvinnene der. På sluten av dagen er det råd å sjå kva gutar som har vore mest aktive i løpet av dagen.

Dette er løna gutane får for å piske jentene. (Foto: radio.cz)Dette er løna gutane får for å piske jentene. (Foto: radio.cz)

One for the road


For den litt vaksnare delen av mannekjønnet er det gjerne andre former for påskjønning som freistar. Det er tradisjon for å gje mannen to drammar etter at han har risa kvinna. Kvifor to?

- Ein til det høgre beinet og ein til det venstre, fortel Eva med ein porsjon humor.

- Kven som har det verst på tysdag, er ikkje godt å seie. Kvinnene med såre legger og rumper, eller mennene som fekk alt for mange i høgre og venstre fot...


Me har meire påskegodt!



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving