Påskespel utan peiskos

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er mange måtar å feire påska på. Viss du er åleine eller på jobb eller i alle fall ikkje på ski, har vi funne litt du kan trøyste deg med.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kle på Jesus. Omsorg eller blasfemi?Kle på Jesus. Omsorg eller blasfemi?

For dei som ikkje sit i ei hytte og spelar Yatzy med familien, presenterer Neste Klikk nokre alternative påskespel.

Kle på Jesus


Jesus Dressup

er eit kanskje ikkje heilt kristeleg spel. Det er mogleg at enkelte blir fornærma fordi eg har valt ut denne leiken.

Det handlar likevel på ein måte om omsorg. Jesus heng der så naken på krossen, og vi må kle på han.

Hang der for oss


Kanskje kan vi også sjå på det slik: Han heng på krossen for oss, og det er lettare å identifisere seg med han viss han ser ut litt meir som oss.

Uteliggjar eller Guds son


Uteliggar eller Jesus? Ikkje alltid så lett å seie.Uteliggar eller Jesus? Ikkje alltid så lett å seie.

Spelet

Homeless or Jesus

kjem heller ikkje rett i frå søndagsskulen. Det dreier seg om å gjette om mennene du får sjå bilde av, er uteliggjarar frå vår tid, eller Jesus.

Fattig snikkar


Er dette blasfemi? Eller er det ein måte å tenkje over det faktumet at Jesus også var/ er der for dei fattige, og at han sjølv var ein fattig snikkar?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ver Jesus


Running Jesus

lar deg styre Jesus som spring med krossen sin, i konkurranse med andre som skal korsfestast.

Her kan du setje deg inn i korleis Jesus hadde det på vegen mot krossfestinga.

I spelet Running Jesus er du Jesus som spring med krossen sin. Meir påskete enn appelsinslafsing etter mi meining.I spelet Running Jesus er du Jesus som spring med krossen sin. Meir påskete enn appelsinslafsing etter mi meining.

Ok, kanskje det ikkje var heilt sånn det var. Og særleg ærbødig er det ikkje.

Men kristne er meir generøse enn muslimar når det gjeld å ta ein spøk, eller?






Les meir i Neste Klikk:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving