Stevia – vedunderplante eller helserisiko?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tenk om det fanst eit søtstoff som var utan kaloriar, utan skadeverknader, ikkje vanedannande og kunne brukast av diabetikarar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mange meiner at dette stoffet finst. Planta stevia, som opphavleg kjem frå Sør-Amerika, er i mange land svært utbreidd som søtningsmiddel i staden for sukker. Men EU og Noreg vil ikkje ha det.

Stevia rebaudiana er det latinske namnet på stevia-planta. Ei halv teskei knuste steviablad skal tilsvara 2 dl kvitt sukker. (ill.: www.probiotika.no)Stevia rebaudiana er det latinske namnet på stevia-planta. Ei halv teskei knuste steviablad skal tilsvara 2 dl kvitt sukker. (ill.: www.probiotika.no)


Då europearane kom til Paraguay hadde det i hundrevis av år vore vanleg å bruka blad av stevia-planta som søtstoff i te, eller å tyggja blada ferske.

Europearane fatta interesse for dette, og i 1908 vart den første avlinga hausta frå ein kommersiell steviaplantasje.

Vanleg i Japan


I 1931 greidde forskarar i Frankrike å utvinna det konsentrerte søtstoffet frå blada.

Då kunstige søtningsstoff vart forbode i Japan kring 1970, vart Stevia-konsentrat raskt svært populært der, og er i dag det vanlegaste søtningsstoffet på marknaden i Japan og Sør-Korea.

Dette konsentratet har vanlegvis form av eit kvitt pulver, som er 200 - 400 gongar søtare enn same vekt av sukker.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ulovleg i EU og Noreg


Men alle er ikkje like glade i stevia. Vitskapskomiteen for næringsmiddel i EU vil ikkje godkjenna stoffet, og det norske Mattilsynet støttar seg til det EU har sagt. Grunnen er mistanke om uheldige verknader, mellom anna på mannleg økslingsevne og uheldige nedbrytingsprodukt i kroppen.

Også i USA er det restriksjonar på sal av stevia, som berre kan seljast som kosttilskot, ikkje som søtstoff. Grunnen er også her helserisiko. Men mange stevia-tilhengjarar meir enn ymtar om at den verkelege pådrivaren bak forbodet mot stevia er den mektige søtstoffindustrien, som ikkje vil ha ein brysam konkurrent.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva med kvitt sukker?


Somme stiller også spørsmålsteikn ved kvifor styresmaktene er så strenge mot stevia, når både vanleg sukker og kunstige søtningsstoff er lovlege. Ernæringsfysiolog Dag V. Polezynski meiner det er vanskeleg å sjå ei fagleg grunngjeving for at Mattilsynet forbyr stevia.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Særleg sett i lys av at dagens forbruk av kvitt sukker uansett er langt meir helseskadeleg. Dersom ein skulle forby noko, måtte det vel vera sistnemnde, seier han til nettsida

fritthelsevalg.org

.

-Ikkje påvist ulemper


Ved det nederlandske universitetet «Katolieke Universiteit Leuven» er det oppretta eit eige stevia-forskingssenter, og professor Jan Geuns ved biologi-instituttet avviser påstandar om at stevia kan vera helsefarleg. Det er ikkje påvist ulemper i dei landa der dei har ete stevia i mange år, skriv han.

Det er ikkje lov å importera stevia som konsentrert søtstoff, men det er lov å ha som potteplante. (ill.: www.probiotika.no)Det er ikkje lov å importera stevia som konsentrert søtstoff, men det er lov å ha som potteplante. (ill.: www.probiotika.no)


Geuns meiner tvert om at både planta og konsentratet har ei rekkje fordelar framfor sukker og kunstige søtningsstoff:

  • blada av planten kan brukast som dei er
  • stoffet er så søtt at ein berre treng bruka svært små mengder
  • er ikkje giftig
  • er ikkje vanedannande og difor bra som søtningsstoff for born.
  • kan hindra tannråte
  • kan nyttast av diabetikarar
  • kan senka blodtrykket

Eit par blad i ein tekopp


Den enklaste måten å bruka stevia på er som ferske blad. Eit par blad skal vera passeleg som søtstoff i ein tekopp.

Når blada er turka er søtsmaken sterkare, og aller søtast er det kvite stevia-konsentratet. Det var dette ein kunne kjøpa i norske helsekostbutikkar fram til Mattilsynet sa stopp i 2003.

Les meir på nettet:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving