Ekte bonde-iskrem
Langt ute på bondelandet sørvest i Skottland ligg Rainton-garden, i eit grønt ås-landskap nokre steinkast frå Irskesjøen. Her stod bøndene David og Wilma Finlay tidleg på 90-talet og lurte på korleis dei kunne utnytta ressursane på garden betre.
Tradisjon for ost
I 1992 fall avgjerda - dei ville laga iskrem! Ikkje akkurat den vanlegaste gardsproduksjonen, men på Rainton var det tradisjon for å foredla mjølka sjølv. Fram til 1972 laga dei sin eigen ost på garden, som det siste av gardsysteria i området.
Mango og karamell
Som sagt, så gjort. Alt i 1994 hadde dei bygd om eit gardshus til iskremfabrikk og kunne ta mot dei fyrste iskrem-turistane på garden.
Sidan den gongen har produksjonen vakse jamt og trutt. I dag lagar dei 29 ulike iskremtypar - ikkje rart at skuleklassar og barnefamiliar strøymer til garden året rundt!
Rom-rosin, karamell, mango, sjokoladeappelsin og cappucino er berre nokre av dei mange iskrem-smakane ein kan prøva.
Lag din eigen iskrem
Det er mykje å ta seg til for gjester på Rainton. Her er labyrintar, tårn, leikeapparat, hinderløyper, turstiar og syklar til leige. Og ein kan få læra meir om husdyra og om naturen rundt garden.
Men det gjevaste er nok å få studera den profesjonelle iskremproduksjonen på nært hald, og i tillegg få eksperimentera fram sin eigen iskremsmak. Og å få smaka isen, sjølvsagt.
Ti år med underskot
Men det har ikkje vore berre lett å byggja opp denne verksemda. Av dei tolv åra dei har laga iskrem på Rainton, er det berre dei to siste at drifta har gått med overskot.
Elles er det mjølkeproduksjonen på garden som har halde liv i familien. Det meste av mjølka vert framleis selt ut frå garden, berre tiandeparten går med til iskremen.
Økologisk iskrem
Gardsdrifta er økologisk, og det er nokre av iskremtypane også. Under merket «Cream o'Galloway» er iskremen til sals i butikkar over heile Storbritannia og Irland.
Les meir på nettet:
Heimesida til Cream o'Galloway