Kva er (4): Rar mat med karri

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det finst riktignok eit karri-tre, i India. Bladene frå dette treet blir brukte i krydderblandingar. Og ei heilt anna plante som heiter karriplanta.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Karriblandinga er svært populær i store delar av verda.Karriblandinga er svært populær i store delar av verda.

Men det vi kjenner som karri, består av mange ulike ingrediensar som kanel, koriander, spisskarve, gurkemeie, pepper, kardemomme, ingefær, muskat og nellik.

Denne blandinga er ei av de vanlegste krydderblandingane i verda.

Som krydder er nok karri mest forbundne med indisk mat. Men ta noko så heilnorsk som fiskebollar i kvit saus, til dømes.

Krydra med karri blir det ein heilt annan rett enn utgangspunktet, og skikkelig kvesst og godt er det.

For nokre år sidan kom eg over ei oppskrift som har blitt ein skikkeleg højdare i heimen: Ristaffel med karrisaus er snaddermat som pirrar mange sansar med sine fine fargar og mange ulike smakar.

Berre så det er sagt: Meir enn ein middagsgjest har vore særdeles skeptisk når dei har høyrt kva retten inneheld, men utan unnatak har dei vore skikkeleg fornøgde etter å ha prøvd. Så la meg presentere:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

RISTAFFEL MED KARRISAUS


Ein bolle med ris, ein bolle med ditt og ein bolle med datt. Med karrisaus til vert det ein god middag.Ein bolle med ris, ein bolle med ditt og ein bolle med datt. Med karrisaus til vert det ein god middag.

Kok ris til så mange personar som de er. Mens risen kokar, må du lage saus og hakke opp dei andre ingrediensane:

Til å ha i små skåler:


Hakka sylteagurk (kalde)
Hakka rødbeter (kalde)
Hakka og lettsteikt lauk (varmt)
Kokte egg i båtar (varmt)
Steikte baconbitar (varmt)
Småskoren salami eller fårepølse (kaldt)
Riven ost (kald)
Persille, anten fersk eller tørka (kaldt)

Karrisaus:


Her er sausen, hell over alt det andre, og nyt.Her er sausen, hell over alt det andre, og nyt.

2 ss smør smeltast i ei gryte.
Rør inn 1 ss karri og 2 ss mjøl.
Spe med 5 dl vatn med buljongterning. oppi og kok forsiktig i 3-4 minutt.
Ha i 2 dl fløte eller fløtemjølk og kok 1 minutt til. Smak til med salt og litt sukker
Ha ev i meir karri viss du ønskjer det.

Kvar forsyner seg med ris etter ønskje. Så legg ein på litt av alt som er i dei små skålene, før ein toppar det heile med karrisausen.

Til denne deilige blandinga av surt, søtt, sterkt, kaldt og varmt smakar det godt med friskt, lyst øl.

Kva er:


Neste Klikk:


ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving