Kva er (3): Paprika – sprutar vitamin

Artikkelen fortsetter under annonsen

Trudde du at appelsinar var den beste kjelda til c-vitamin? Gløym det, ein raud paprika er tre gonger så sprek som den gule kula.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Proppfull av A- og C-vitaminer. (Foto: netzwissen.com)(Proppfull av A- og C-vitaminer. (Foto: netzwissen.com)

Paprikaen vart spreidd til den vestlege verda frå Ungarn på 1800-talet.

Eigentleg er paprika eit samlenamn på fleire variantar av capsicum-arten, kor til dømes også chillipeparen høyrer til. Men det me kallar paprika, er den eplestore frukta som er grøn, oransje, gul eller raud.

Og trudde du at den grøne paprikaen berre er ei litt umoden utgåve av den gule og raude, så har du heilt rett. Paprikaen er forresten i slekt med både tomat og potet, men den har ikkje den heilt same statusen i det norske kosthaldet.

Anvendeleg og fargerik


Ein av dei fine tinga med paprikaen, er at det er lite svinn på han. Når du har tatt vekk stilken og frøa inni, så kan du ete resten. Frøa kan du forresten prøve å så i litt mold.

Paprikakrydder gir fin farge i maten. (Foto: Thewinetimes)Paprikakrydder gir fin farge i maten. (Foto: Thewinetimes)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Du vil etterkvart få ein liten plante oppi der, og er du særdeles heldig, så veks det paprika på han. Ikkje ha for store forventingar, likevel.

Paprikaen har uendelege bruksmåtar, han kan kokast, steikast, forvellast, etast rå, brukast som hovudingrediens, tilbehør, krydder eller pynt osb.

Ungarane kallar det «ein fest for auga» når ein pyntar ris eller annan mat med fargesterk paprika.

Ei kjapp oppskrift med paprika får du her:

Deviled eggs er snadder på koldtbordet eller som ein eigen liten rett. (Foto: stefmike.org)Deviled eggs er snadder på koldtbordet eller som ein eigen liten rett. (Foto: stefmike.org)


Deviled eggs


6 hardkoka egg
2 ss majones
2 ss sennep
1 hakka sjalottlauk
Salt og pepar etter smak
Paprikapulver og cayennepepar
Hakka graslauk

Kok egga, kjøl ned og del dei i to på langs. Grav forsiktig utav plommene og bland dei med majones, sennep, lauk, salt og pepar. Legg ein haug av blandinga tilbake i egghalvdelane. Dryss over paprika og cayenne (så mykje du trur du toler, dette er egg for djevelen). Pynt med graslauk.

Elles kan de kanskje vere på sin plass å prøve litt ungarsk gulasj (suppe med kjøt og lauk og nokre gonger poteter) som får den fine raude fargen nettopp på grunn av paprikapulveret.

Kva er:


Neste Klikk:


Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk: Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving